onsdag 8. oktober 2014

Laus tann!

Første dag på skule er ein stor dag som sjølvsagt er "åj, så stor babyen min har blitt"-aktig. Men likevel er ein forbredt på dagen, og derfor kjem den ikkje badust på.

Det gjør derimot første lause tann. I alle fall når eg og tannlegen var heilt enige om at han kom til å miste tennene sine seint sidan han fikk tenner seint (han har jo ikkje hatt de i seks år ein gong!). Da eg kom og henta han på SFO i går kom han springande mot meg med open munn og "Mamma! Eg har fått ei laus tann!" Eg vart så overraska og glad og rørt på ein gong - har eg verkelig ein unge som mister tenner? Det er jo berre store barn som gjør! Når vart eg mamma til eit stort barn?
Storebror - ikkje lenger noko baby.
Og no er vi så spente! I alle fall eg og han! Han lurer på ALT! Når detter den ut? Er det vondt? Vil den ha røttene framleis? Vil det blø? Når kjem den nye tanna ut? I dag tidleg hadde han meir eller mindre denne refleksjonen:

"Kor mykje får vi for ei tann? Veit du ikkje? Kan du ringe tannlegen i dag og høyre? De veit sikkert. Kanskje er det tannlegane som kjem og hentar tanna også? Nei? Tannfeen? Korleis kjem den seg inn da? Gjennom pipa eller gjennom vindauget? Veit du ikkje? Magi? Nei, det er ikkje magi som gjør at nissen kjem seg ned pipa, han berre setter frå seg sleden på taket. Påskeharen er også magisk. Er tannfeen liten? Kan den komme igjennom eit nøkkelhull seier du? Det er jo veldig lite. Også tar den tanna og legger den i ein pose. Vil den ha tanna i mold eller i vatn? Ja, eg trur vi tar vatn - så ser den at den ligger der."

Lillesøster på sin side fikk lettare panikk da ho fikk sjå den lause tanna og begynte å grine "EG VIL IKKJE MISTE TENNENE MINE!!!!"

- og livet går vidare

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...