søndag 16. november 2014

Besøk av Tannfeen

Storebror fikk, som lyn frå klar himmel, ei laus tann i oktober. Halvanna veke seinare datt den ut, og da hadde jo pengen vore klar lenge! At det skulle ta så lang tid å miste ei tann da! Når den først var laus meiner eg! *utolmodig mamma
Da eg mista tenner brukte eg å plante tanna i ein av potteplantene heime, også "vokste det opp" eit kronestykke iløpet av natta. Vi har kun ein orkide hos oss, og å legge den lille tanna der mellom bark og rusk var ikkje heilt aktuelt. Kameraten til storebror (som har mista 5 tenner og er som veteran å rekne) fortalte at han la den i eit glass i vinduskarmen og passa på at vindauget var opent slik at Tannfeen kom inn. Storebror (i kjent stil) gjekk for ein eigen variant.
I liten plastikkboks, i vatn og med lapp der det stod "TANN" la han den lille tanna si. Vi la den ved vindauget på kjøkkenet slik at Tannfeen skulle sjå den gjennom glasset.
Neste morgon låg det eit brev og ein 20 kr. på kjøkkenbenken. I brevet frå Tannfeen stod det mellom anna at han fikk litt ekstra penger sidan det var den første tanna. Vi tenkjer at 10 kr. er nok seinare. Det stod også kor viktig det var å pusse tennene, og at Tannfeen og tannlegen samarbeida tett. Liknande brev finner du på nettet ved å google "Letter from the tooth fairy". Eg brukte eit av de breva som mal og oversatte. Biletet fann eg i word sine illustrasjonar. Eg hadde også printa ut bileter av Tannfeen til begge ungane som de kunne fargelegge.

Det er kjekt å gjøre noko spesielt ut av den første tanna. No er det berre om å gjere å hugse å gjøre det likt når lillesøster mista si første tann :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...