lørdag 22. november 2014

Halloweenfest

Før det er på tide å førjulsblogge vil eg leggje ut bileter frå Halloweenfesten som vi hadde 1.november. Vi inviterte tre familier med to barn kvar; to nabofamilier og familien til ein av lillesøster sine bestevenner. Kjekt å bli kjent med foreldra til ungane som våre unger leikar med!
Eg var så redd for at butikken skulle bli utsolgt for gresskar at eg kjøpte dette på 4.3 kg ei veke før. Vi lagra den mørkt i kjellaren, men da vi skulle skjære i den var den blitt råtten fleire stader. Men vi fikk nok friskt kjøtt til gresskarpaien (kun 500 gr). Her står den ute på sjølve Halloweenkvelden og skremmer de få ungane i nabolaget vårt som går runde på snopjakt.
Vi hadde invitert til kl.16 - rett etter middagstid, men det var nok mat! Vi har ikkje plass til 16 rundt kjøkkenbordet vårt (eller - det har vi, men det er ikkje plass på kjøkkenet til å sette på begge klaffane. Dette håpar vi ordnar seg når vi skal pusse opp!), så det var ståande buffét. Som alltid når vi gjør dette endte ungane opp med å sitte rundt bordet medan mødrene står litt sånn rundt de igjen og fedrene ved kjøkkenbenken. Alle 16 på kjøkkenet - godt vi har plass! :)
Ein superenkel Halloweenide! Teikn skumle andlet på klementiner. Kan knapt bli enklare!
Gresskarpai er jo eit must! Men som i fjor er det nesten ingen som tørr å smake på den. Det er skikkelig godt, så restane forsvinner uansett fort! Vi bruker opppskrifta som de finner på tine.no. Bak gresskarpaien er ei skål med "Små spøkelser", eller marshmallows. Snop i skål og "Heksefingre" som er kjøpt.
"Store spøkelser" er kveitebollar med vaniljekrem inni. Oppå la eg marsipan og malte med konditorfarge slik at spøkelsa fikk andlet.
"Heksefingre" var min favoritt! Superenkle å lage, eg og lillesøster smelte desse saman på 10 minutter! Vi brukte god, ferdig kransekakedeig, og klemte ut avlange "fingrer" av den. På enden pressa vi ned ein halv skålda mandel før vi steikte de som det stod på pakningen.
De var ekle nok no, men eg toppa det med raud konditorfarge. Ekle og veldig gode! Perfekt kombinasjon! Desse skal vi lage igjen!
"Mumiepølser" vart det mest populære innslaget. Vi hadde 40 (!) og gjekk heilt tom! Dette er kalkunpølser som vi har snurra strimla butterdeig rundt. Enkelt, raskt og tydlegvis populært!
"Musehjerner", eller popcorn, var også populært - som alltid!
"Blodige cupcakes" var Red Velvet Cupcakes etter oppskrift frå Passion 4 Baking. Desse har eg laga fleire gongar sidan første gong i 2012, og slår alltid godt ann. Men ikkje denne dagen, så desse vart med på middagsbesøk dagen etter. Saman med gresskarpaien :)
Papirdill som vi mirakuløst nok klarer å ta vare på frå år til år.
Ikkje av papir, men ekte Halloweendekorasjon frå the big U S of A! ;) Min favoritt!
Stor papirheks som er heilt bak mål, men ungane digger den! Vi kjøpte også edderkoppnett på leikebutikken og hang den opp rundt omkring i heile stua, pimpa opp med haugevis av plastedderkopper.

Alle ungane hadde kledd seg ut, og nokon av de voksne også. Dette var ein kjempeflott fest, og det er alltid eit klapp på skulderen når ungane griner når de må gå heim. Vi har knallkjekke naboar og venner altså!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...