lørdag 27. desember 2014

Årets bidrag til Pepperkakebyen

Tradisjonen tru bakte mann og barn noko som vi leverte inn til Pepperkakebyen i november. Storebror hadde valgt ei borg og lillesøster hadde valgt ein båt. Her må eg drepe forventninga med ein gong når det kjem til båten. Den forvitra liksom i skapelsesprosessen og vart "udefinert pepperkakeform som alle kan spise".

Voksen: Båten klarer vi ikkje å bygge saman.
Lillesøster: Buhuu
Voksen: Men da kan vi spise den i stadenfor.
Lillesøster: HURRA!


Det ligger ein del (alt) i planlegging. Mannen hadde laga former på fancy teikneprogram for at borga skulle bli likt mogleg slik storebror hadde sett den for seg.
Pyntinga er viktig! Eg er så gniten på pynten sidan alt blir kasta etterpå, og er kvart år heilt imponert over mengden snop andre brukar på pepperkakehusa sine som de leverer til Pepperkakebyen! Det er jo fint altså, men hjelpes!
Sjølv om lillesøster sin båt måtte segle sin eigen sjø var ho sjølvsagt med på pepperkakeborgbygginga!
Her er det ferdige resultatet! Med fire rom, eit i kvart hjørne. Fangehull (sjå gitteret laga av saltstenger til høgre på biletet), vaktmenn, snømann, fange, seng og sjølvsagt...
Port som ein i teorien kunne opne og lukke. HEILT teoretisk.
Bak desse støttepilarane finner du soverommet. 
Fangehull.
Ser du borga plassert i Pepperkakebyen?
Å finne igjen byggverket vårt når Pepperkakebyen har plassert ut alle byggene sine er ei utfordring! I år har de flytta til gamle Sentralbadet, så det var mykje meir plass og høgder som ein kunne gå på. Og der oppe på ei høgde fann vi den! Det var mange borger i år, så vi trudde vi hadde funnet den fleire gongar før mannen kom og kontrollsjekka. Dette huset var også flott - med Nespresso kaffekapsler som er bygd opp som eit juletre utanfor. Stilig!

Frozen :)
Sjølve Pepperkakebyen var plassert i bunnen på det gamle svømmebassenget, så da var det høve for å lage akebakke! Dette var kjempekjekt, og gjorde til at vi var der inne ganske lenge. Her hadde de også satt opp kafebord og ei scene som ungane kunne showe på.
Utanfor var det pynta kjempefint med pepperkakegrafitti! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...