lørdag 6. desember 2014

Det eg ein gong kunne

Ein gong var eg god på piano. Ein skal ikkje seie det - at ein er god på noko - men no er eg ikkje god lenger, så da kan eg seie det. Eg var god.

Eg gjekk på grunnkurs musikk, dans og drama og eg hadde ein pianolærar som misslikte meg så mykje at ho ikkje klarte å smile når eg kom inn i rommet. Sjølv om eg hadde spelt piano sidan eg var i 4.klasse gav ho meg enkle små stykker og sa "Eg bryr meg ikkje om du kan spele Til Elise. Det kan hende du kan spele den fordi du har litt flaks. Du må ha grunnteknikken inne, og den er eg ikkje sikker på at du har."

Så eg vart kjempesint! Og frustrert! Og tenkte "F*** heller! Eg skal vise denne dama kva eg er god for!" Eg brukte mange timar kvar dag på å øve slik at eg kunne alt prikkfritt til timen hennes kvar torsdag. Og da vart eg god. Ho gav meg karakteren 6 (tipp, topp tommel opp) etter vårsemesteret (til samanlikning gav ho meg 3 det første halve året), og eg fikk omsider spele verk som eg sjølv ville spele. Og det var utan unntak de verka de beste pianistane i 3.klasse spelte. Det krevde mykje øving altså - men eg var god. Da.

Også var det å spele desse notane da...
Eg vurderte ikkje Griegakademiet, men vart anbefalt å søke. Eg fikk heilt hetta av at det var prøvespeling, og dessutan ville eg studere. Noko anna.

Nesten 16 år etterpå er eg ikkje Griegakademietmateriale og det er heilt ok :) Men det er jo tøft å ikkje lenger kunne spele det eg før (for 16 år sidan altså) kunne spele utan problem. Følelsen av å sitte i ein konsertsal å spele på flygel med opent lokk - AHHHHHH! Det var fantastisk altså!

Ikkje fult så fantastisk å knote seg igjennom den første linja i Tyrkisk Marsj av Mozart når eg hugsa at dette var eit enkelt stykke for meg i 1998. Men eg kan framleis spele julesongar da. Sånn nokon lunde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...