mandag 29. desember 2014

Pepperkakekyrkje

I tillegg til bidrag til Pepperkakebyen lagar vi alltid eit byggverk av pepperkaker som får samle støv til vi knuser den på nyttårsafta. I år stemte tre av fire på pepperkakekyrkje.

Akkurat idet vi hadde rigga oss til kom det ein telefon frå jobben til mannen, og da fikk vi alle plutselig dårlig tid. Kombinert med det at vi hadde litt lite deig og ingen arbeidsteikning gjorde til at årets praktverk har fått oss til å le høgt - fleire gongar!
Vi laga for første gong skikkelig melisglasur der vi piska eggekviten stiv før vi miksa inn nokre dråpar sitronsaft og ein del melis. Glasuren vart kvit og tjukk og veldig fin! (Finare enn bygget)
Og her strålar pepperkakekyrkja vår! God lufting i tårnet der kan du sjå. Vi hadde også knust drops og helt i vindauga slik at det vart "glass" der. Det var kult, men forsvant litt i pyntinga kan du seie.
Vi kjøpte julenissepepperkakeform i Berlin. Så nissen står på toppen av kyrkja og passar på. Her måtte vi ta oss ei runde med storebror som meinte at nissen ikkje hadde noko i ei kyrkje å gjøre. Men vi skal vere rause. Alle er velkomne i kyrka, ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...