søndag 14. desember 2014

Perla flagg

Sidan vi er på veg heim frå det store utland i dag passer det med ein internasjonal vri på søndagen! Storebror har ein stort verdenskart på rommet sitt der alle flaggene er vist i ei slags bård nederst på kartet. Han fann ut ein dag at han kunne perle nokre av flagga - han starta sjølvsagt med Noreg, men etter inspirasjon frå kartet sitt perla han også Island, Frankike, Polen ogsååååå er eg skikkelig dårlig på flagg så eg hugser ikkje resten.
Leiken utvikla seg til at han, etter at vi hadde strykt de, limte de på eit ark og skreiv navnet på landet under. Med store OG små bokstavar (dette er BRA, han skyr de små bokstavane som pesen innimellom).
Ei skuleoppgåve som tatt ut frå ein hvilken som helst lærar sine planlagte opplegg. Ein fødd pedagog? Ehh, neppe, men han er ein smarting! ;)

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...