søndag 31. august 2014

Plommer!

Da eg og ungane var på barselbesøk tidlegare i august fikk vi lov å gå på plommeslang i hagen! Plommeslang var noko av det gøyaste eg viste da eg var barn (og tålte plommer) - med verdens søtaste premie etter utført rakkerstrek!
Med ein heil bærepose full av modne plommer bestemte eg at eg skulle hermetisere de. Første koka vart fort til syltetøy sidan eg lot det putre medan eg spelte ludo med mann og barn på stua. Koke nummer to vart betre, så da vart resultatet slik:
I år har eg vore i syltetøymodus de lux! Plommesyltetøy med plommer frå butikk, plommesyltetøy "ups" frå slang, nektarinsyltetøy, ripsgele og rabarbrasyltetøy. Boda vår har fått ein finfin eigenprodusert avdeling med syltetøy og masse ripssaft! Kjekt!

lørdag 30. august 2014

Hyttetur - utan barn!

I helga er vi i Sogn og fjordane for å feire at lillebroren min vart 30 år tidlegare i august! Vi reiste hit i går, og i dag reiser eg og mannen vidare for å få med oss feiringa som foregår på ei hytte - utan barn. Ungane skal kose seg saman med mormor og morfar; og vi skal berre henge med andre voksne ein kveld og påfølgande morgon. Det skjer ca ein gong kvart år - bring it on!

Biletet frå tidlegare Florøtur - her feirar vi 3-årsdag til mellomste barnet til han som no har fylt 30. Yngsteguten hans til venstre og lillesøster (vår) til høgre. Og jubilanten i blå skjorte - som motvekt på andre sida av barnebordet så det ikkje skulle tippe.

fredag 29. august 2014

Fjellassistanse

I går las eg følgande status på facebook:

En litt rar forespørsel, kanskje: Er det noen sprekinger jeg kjenner som har tenkt seg til toppen av Lyderhorn i løpet av de nærmeste dagene? Jeg har en liten frøken her som har mistet/glemt noe viktig på toppen da hun var på tur der med skolen for noen dager siden. Vi kan si nøyaktig hvor det ligger. Selv om jeg i teorien mer enn gjerne følger henne dit og klatrer meg uanstrengt og elegant oppover mens jeg smiler og ler over alle de artige tingene mødre må gjøre for sine døtre, hadde det jo vært deilig å slippe. Ja, det hadde virkelig, VIRKELIG vært deilig å slippe. Så jeg gjør et forsøk: Pliiiiis, pliiiiiiis send meg en lyd om dere uansett skal den veien.

Bilete frå område rundt Preikestolen.
Sidan eg liker denne dama godt (og særleg barnet som gløymte igjen noko på fjellet sidan det var hennes eksistens i mammas mage som gjorde at eg fikk jobb i sin tid og vips; 7 år seinare har eg draumejobben) og er glad i fjellturer tok eg ein bonustreningstur opp på Lyderhorn i går ettermiddag og gjekk på skattejakt :) Gøy med ein fjelltur der eg faktisk har noko anna å gjøre enn å kun gå opp og ned, og gøy å kunne hjelpe (og bli kalla verdens snillaste og sprekaste;))!

torsdag 28. august 2014

Rydding!

Eg er happy kvar gong noko forlet huset vårt. Meir glad då enn når nye ting kjem inn. Denne veka har vi lagt 4 stappfulle posar med for smått barnetøy i UFF-container, og i dag hadde eg med 20 barnebøker som våre barn ikkje lenger er (eller nokon sinne har vore) interesserte i til barnehagen. Sist veke satte vi av to kasser med ting og tang hos Fretex - deriblandt fleire spel og puslespel som ungane har vokst fra.

Eg prøver å ikkje vere for effektiv. Eg prøver å plukke ut de tingene ungane har likt ekstra godt. Yndlingsbøker. Yndlingspuslespel. Babyleikene de verkleg leika masse med. Vi har heller ikkje gitt vekk mengden av duplo som storebror brukte mykje i åresvis før lego tok over. Alt vi har fått av heimestrikka klær blir tatt vare på eller gitt vidare. Men samtidig er eg ikkje interessert i å ha masse kasser på loftet med gamle ting.

Og sidan eg liker så godt å bli kvitt ting.... happy days med barn altså!! :)

Ps. I går var det første dag med skulemjølk, og du må tru det var stas! Så stas at den tomme kartongen var med heim for at han skulle "lage hus av den". Nok ein ting eg kan ha gleden over å kvitte meg med seinare ;)

onsdag 27. august 2014

Morgonrot og morgongull

I dag var det ei av de morgonane der mykje gjekk galt. Grunnen til det var nok at eg trudde på eit tidleg tidspunkt at dette var ein av de andre morgonane - ein av de der alt går bra! Da er fallhøgda stor!

"nei, eg vil ikkje kle på meg" "nei, eg vil ikkje ha bukse i dag" "eg vil ha bukse, men så skal eg ha kjole" "eg vil ikkje ha prikkete kjole" "eg vil ha kvit genser" "eg vil ha ein kortarma kjole" "eg vil ha den gule kjolen" "neivel, da vil eg ha den grønne" "au, den var vond å ta på" "eg vil ikkje ha noko i håret mitt" "eg vil ha fletter i håret mitt" "tre fletter" "eg vil ikkje ha sånn flette som henger fast" "også vil eg ha ei flette i luggen"

- og da var det på tide å vekke storebror.

"eg vil ikkje stå opp når lillesøster alt er voken" "det er så kaldt på rommet mitt at eg ikkje kan gå utav dyna" "eg når ikkje buksa mi" "eg må kle på meg under dyna" "ikkje mas på meg, det tok faktisk så lang tid å kle på seg buksa" "det er vanskelig å kle på seg under dyna" "eg vil ikkje gå på do" "eg vil ikkje skrive navnet mitt på t-skjorta eg skal ha med på skulen i dag" "nei du skal ikkje gjøre det du heller" "eg skriver navnet mitt her" "ÅNEI" "eg hadde gløymt at eg alt hadde skrive den bokstaven" "ikkje hjelp meg med sekken" "eg vil pakke sekken min sjølv" "kva betyr det at vi er seine?" "når bruker vi vanligvis å gå ut døra?" "åneeeeeei - det er tåkeeeee"

Normalt sett har vi morgonar i området mellom "galt" og "stille sjø". Normalt sett går de på do, kler på seg det som ligger framme, pakker sekken også er vi ut døra. Alt tar tid - men det blir gjort. I dag var det sirup og protestar.

Men så kom det som redda heile morgonen. Da lillesøster var levert slo eg på popanlegget i bilen, og da var det Folk og røvere i Kardemommeby som stod på. Vi rakk å høyre at røvarane planla å røve tante Sofie før vi var framme ved skulen. Eg slår av motoren.

Storebror: "De burde jo ha tenkt seg om. Røve tante Sofie. De viste jo at ho var sur. De burde heller røve fru Bastian! Ho liker jo å stelle og styre og holde alt i stand. Men da hadde vel politimester Bastian dukka opp og arrestert de i lovens navn. De burde kanskje heller røve ein mann. For eksempel gamle Tobias. Så kunne han ha gått inn i byen på jobb kvar dag, også kunne han handle mat på veg tilbake til røvarhuset. Røvarane kunne vere heime heile dagen og rote. Også kunne Tobias ha komt heim etter jobb, med mat som han har kjøpt for lønna si - også kunne han ha rydda der heile kvelden. Og da hadde jo ikkje Bastian måtte komme å arrestere nokon sidan Tobias budde der. At de var venner."

tirsdag 26. august 2014

Seinsommardagar

Da hekken vår som er ved utgangen frå kjøkkenet og ut i hagen blomstra i august krydde det av bier. Men også av sommarfuglar - veldig mange!


Spørs kor mange sommarfuglar vi ser i dag - men etter jobb i dag hentar vi ungane på SFO og i barnehage og køyrer direkte til beachen der vi skal grille middag saman med ein vennefamilie som vi ser så altfor sjeldan! Desse seinsommardagane skal nytast i alle retningar!

mandag 25. august 2014

Nymalt hus

Sidan vi hadde stillas oppe for takmannen bestemte vi oss raskt for å begynne å male huset. Det var på tide! Det vart (som alltid kanskje?) meir jobb enn vi trudde. Det tok lengre tid! Først vaska vi med kraftvask - og plutselig vart huset så fint og reint at vi lurte på om vi skulle gidde å male i det heile tatt! Men det måtte vi altså; kraftvask er kun for når huset skal bli malt! Vi venta eit døgn slik at alt var tørt, så spruta vi på sopp og algedrepemiddel på som også måtte tørke.


Også var det skraping. Dette tok oss heile fem ettermiddagar! Ikkje har vi stort hus (og havlparten er av mur som vi malte på nytt i fjor), og ikkje var det mykje som skulle skrapast! Men for kvar dag vi hadde skrapa så hadde malinga flassa seg enda meir opp neste dag. På eit tidspunkt måtte vi berre bestemme at det var nok skraping - vi vart heilt hekta! Draumde om skraping på natta og greier. Hjelpes!
Det var på tide med grunning på de områdene der vi hadde skrapa. Biletet over her er frå veggen bak huset - der ettermiddagssola står. Biletet under er frå framsida av huset - der vi har morgonsol. Stor forskjell!
Slik ser det ut med grunning. Som om vi har kleistra sølevatn på veggen. Oh well. Etter tørking begynte vi med strøk ein. Huset var frå før malt i ein type naturkvit - gultonekvitaktig farge. Heilt fin, men no hadde eg bestemt at eg ville ha kvitt hus. Dette var heilt og aleine min bestemmelse sidan mannen er fargeblind. Kvitt var tommel opp!
Kvitt er kvitt kanskje, men sjå forskjellen! Listene var frå før malt i ein mørk naturgrønn farge. Eg hadde jogga forbi eit kvitt gammalt Bergenshus med blå lister, og hadde falt heilt for den kombinasjonen! Derfor vart det blå lister på oss også! Vi valgte å male heile listene, ikkje berre den lille inne ved vindauget slik tidlegare huseigar hadde gjort det, samt verandadøra blå. Også på det eviglange rekkverket rundt verandaen vår valgte vi annleis - her mindre listefarge og meir husfarge.
Sola beveger seg rundt huset vårt. På sommaren, da vi malte, treffer den husveggen vår rundt kl.04:30, og forsvinner frå oss kl.22:30. Vi har ikkje malt i direkte sol, men har flytta oss rundt etterkvart. Rundt to dagar inn i malingsprosjektet var ungane litt leie av å aktivisere seg sjølve, så det vart mannen som tok det meste (om ikkje alt) av strøk to - samt de fleste vindauga. Ærast den som ærast skal!
Vi fikk takmannen vår til å skifte kledning. Den var alt behandla med sopp og algedrepemiddel, så her var det berre å hive på to strøk. Eg seier berre sidan mannen gjorde dette om kvelden medan eg var inne med ungane. Det var ikkje berre for han sidan vi no ikkje lenger hadde stillas, og han måtte balansere på stige.
Som sagt.
Og her har vi huset! Kvitt med blå lister. Vi var så glade da stillaset endelig forsvant! Huset var jo ferdigmalt lenge før, og vi fikk ikkje skikkelig sjå det før stillaset var vekke! Vi er så fornøyde! Sidan vi er tomannsbolig ser vår side knall ut medan den stakkars naboen sin gamle og like slitte husmaling som vi hadde før vi malte vår del ser verre ut. Velkommen til den "fine" delen av tomannsboligen! Vi har vore litt uenig med tanke på fargeval - så vi er spente på å sjå kva farge de vel. Rosa og spygrøn har vore oppe til lufting. Og eg tullar ikkje! Som sagt - vi er spente! :)

søndag 24. august 2014

Nytt tak med utfordringar!

Dette innlegget har ligge lenge på vent. Ikkje fordi det vil ta så lang tid å skrive nokre ord til bileta, men fordi eg - når siste bilete var tatt - var skikkelig lei takprat!

Huset vårt er frå 1968. Taket som var på var originalt, og hadde derfor nådd "forventa levealder": Vi bur i tomannsbolig, og naboen skifta sitt tak det året vi flytta inn. Det var pensjonistar som budde der da, og de valgte ein klar orangefarge som heldigvis har fada litt sidan da! Vi hadde denne fargen:
Godt slitt etter 46 år med bergensvær i alle formar. (Altså sol og regn ;)) Ein del mose hadde begynt å vokse også. Det var framleis tett (så vidt vi viste), men om det begynte å leke hadde det fort blitt dyrt. Vi hadde tenkt å gjøre det sjølve, men - ja - det slo vi frå oss. Vi la ut anbod og hadde mange folk på befaring. Til slutt valgte mannen ein som nett hadde starta eige firma der han sjølv jobba. Og kun han. Mannen kjenner folk i bransjen og forhørte seg. Takmannen fikk gode kommentarar frå fleire hold, og var den rimlegaste, så da vart det han.

Lange veker til kort setning: han brukte lang tid på å komme i gang. Etter tre veker sidan avtalt startdato såg taket slik ut:
Vi ville ha det ferdig (i alle fall så nært som) til vi skulle reise til Mallorca 17.mai. Heile april og heile mai var det nydleg vær - perfekt til å leggje tak! Kvifor han ikkje kom seg på jobb alle desse vårdagane er eit mysterium, men han hadde kun tatt av halve taket da 17.mai kom. Vi bad naboane passe på at han var til stades den veka vi var vekke. Da vi kom heim hadde han tatt av nesten heile taket. Og det var det. (Sitat nabo: "Han har det ikkje travelt") Medan vi drog inn bagasjen kom storebror ned i gangen til oss. "Det var merkelig! Det er vatn på heile kjøkkenet." Vi sprang opp og såg at, ja, her var det vatn overalt!
Her frå over kjøkkenskapene der eg hadde lagra eit brett. Vi hadde fleire skåler ståande her oppe som var fulle av vatn, i tillegg til komfyren, fleire stader på golv og oppå spisebordet, og inni kjøkkenskapene. Vått, vått, vått! Taket på badet, som vart pussa opp i fjor sommar, hadde tydlege gliper, og vi såg sørgerender på golvet. Oppe på loftet var isolasjonen - som heldigvis ligger udekka der oppe - kliss våt! Takmannen hadde ikkje klart å dekkje til det opne taket vårt skikkelig, og det hadde regna heile torsdagen - og alt hadde rent inn! Takmannen kom neste dag og fjerna våt isolasjon. Heldigvis for han var det varme og sol de neste vekene, så alt tørka opp, og han slapp unna med å leggje ny isolasjon.
Etterkvart kom lektene på plass saman med nye lag av det meste (og her har du litt av grunnen til at vi ikkje ordna dette sjølve - 100% kunnskapslaushet). For naboane bytta han veggen som de ser som er mot vårt tak. Vi bad han også om å bytte vårt møne; mot hagen som de ser på biletet. I den grad han var treig med taket (og det var han!), ordna han mønet vårt på to dagar!
Vi valgte decra-tak; altså plater som ser ut som takstein, men som har lengre levetid og garanti. Pris på ekte takstein og decra var så og seie likt. Vi har matt overflate. Eg synas blanke tak er finast, men her kom mannen med ein haug praktiske utfordringar som gjorde at eg heller får nyte andre sine blanke tak.
Her er taket vårt no. Det ser så fint ut! No må vi flikke litt på murmalinga på pipa, så er taket plettfritt! Naboane var redd det ville sjå dumt ut med ulik takfarge på tomannsbolig. Eg veit ikkje kva de tenkjer no, men eg synas absolutt ikkje at det gjør noko. Eg er kjempefornøyd! No!

Etter avtalen skulle takmannen bruke 3 veker. Stillaset stod oppe i 6 heile veker da det var sol og sommar og vi var ute og rundt huset kvar dag! Plagsomt! Naudsynt medan det vart jobba; ja, men når det vart jobba 3 timar annankvar dag - i snitt - føltes det berre dumt! Vi er så missfornøyde med han som fikk jobben! Han utførte den bra og til avtalt pris, men det er det treigaste vi har vore borti!

lørdag 23. august 2014

Juicer

Eg har lenge hatt lyst på ein eigen juicer. Eg har brukt tid på å lese meg opp på kva som er best av presse eller sentrifuge, og heilt ærleg tenkt at "dette prioriterer eg ikkje" når eg har sett juicere med prislapp på nesten 20.000!

No er eg og mannen så heldig at vi er med ein ei utvalgt "gruppe" som gjør at vi innimellom kan velgje oss ut produkter gratis. Da eg såg at de hadde fått juicer i utvalget sitt bestilte eg den med ein gong!
Vi har juica ulike typer melon, gulerøtter, epler og appelsin. Eg har hatt ein lime oppi alle juicene eg har laga sidan eg synas det gjer ein frisk smak. Eg er allergisk mot eple; det har gått greit - men eg trur eg skal kutte det ut. Eg har lyst å prøve grønnkål, og sjølvsagt mango som eg ELSKER! Denne som er på biletet var ein grøn juice, ein halv piel de sapo (utan skal, men med frø), to grønne epler (med alt) og ein lime (skrella).
Det var ein deilig juice! Alt har smakt godt så langt - ein kan kanskje ikkje bomme? Maskina er enkel å reingjøre, og det er superraskt å lage juice! Maskina tar litt plass, men pytt pytt. Eg liker den! :)

fredag 22. august 2014

Og været skiftet og det ble sommer og så videre

I vår var eg så heldig at eg fikk høyre forfatter Pedro Carmona-Alvarez i jobbsamanheng - der han uttalte seg om kva rolle kulturen kan eller bør ha i Bergen det neste tiåret. Han var så poetisk og karismatisk at eg tenkte at "han må eg finne igjen i bokhyllene!"

Under årets Mammutsal fann eg den nyaste boka hans "Og været skiftet og det ble sommer og så videre" og kjøpte den sjølvsagt! Sidan den er forholdsvis kort har den stått i bokhylla over sommaren (om sommaren prøver eg å lese lange bøker sidan eg har tid), og no som den o'store lesesommaren er over var det denne boka som vart dratt fram.

Dette er ei stor og tragisk bok der det ikkje blir sagt så mykje, men alt blir sagt likevel. Mørk og skjebnesvanger. Undervegs får du frampeik som gjør at du skjønnar kvar dette kjem til å ende, noko som gjer til og med de lyse partiene mørke. Ei skikkelig god bok; verkleg god litteratur. Minna meg litt om "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet" eigentlig. Anbefalast!

torsdag 21. august 2014

Nye rekordar

No dei siste vekene fram mot 6.september - D-day - halvmaratondagen - er treningsappen min frå seg av ekstase! Kvar veke får eg nye rekordar, lengst varighet tid og lengde, raskaste tempo per km, mest kaloriar ut og vekk, flest treningstimar på ein månad, flest tilbakelagte km på ein månad, - you name it! Den vil ha meg til å kjøpe fullversjonen, eliteversjonen seier den, og ber meg poste alt på facebook.
Når eg gradevis frå veke til veke har eit tøffare treningsopplegg med lengre og lengre turar - samtidig som eg blir i betre form og løper raskare på intervalltreninga - blir det sjølvsagt slik. No er det berre oppoverbakke og innhåving av fleire såkalla "rekordar" før september kjem og eg rett og slett ikkje har ork eller lyst til å slå det som kjem til å framstå som treningsmånaden over alle - august 2014. Plutselig henger rekordane høgare.

Det er mengder av god sjølvkjensle i å jogge 15 km på halvanna time slik eg gjorde mellom kl.18:30 og 20:00 i går. Det er kjempelangt, og det er lenge å berre gjøre ein ting. Men det var ein fin joggetur med god/dårleg musikk på øyrene, perfekte 15 varmegrader og ei god rytme. Det er deilig, men det ligger mykje trening bak. I går hadde eg fint klart å leggje på 6 km for å få ein halvmaratonlengde, men treningsopplegget mitt legger ikkje opp til å gjennomføre distansen før dagen er der. Det er noko i det å kjenne at ein har meir å gå på når treningsøkta er over.

Neste veke er også full av treningsplanar før eg veka løpet er skal ned til langt under halvparten av mengden eg har jogga de siste vekene. Tenk! No er datoen snart her!

onsdag 20. august 2014

Overgang

I går hadde storebror sin første heile skuledag med SFO både foran og etter. Han hadde hatt ein kjempefin dag, og fortalte om kjekke ting de hadde gjort i klassen! Men så sliten som han var! Han klarte nok ikkje å identifisere kjensla sjølv, men eg kjenner lusa på gangen! Det aller meste som vart sagt av mor og far vart møtt med høge hyl og protestar.

Lillesøster var også utslitt i går, men ho merkar det og seier det - igjen og igjen - og smågrein heile ettermiddagen. Etter middag (som nesten ingen åt noko av. Det går tydlegvis ikkje ann å spise og vere sur samtidig) gjekk storebror i stua for å høyre på lydbok og lese, før han gjekk ned på rommet sitt, lukka døra og høyrte på musikk til det var dusjetid. Eit behov for å vere aleine - heilt tydleg! Det passa bra, for da fikk eg konsentrert meg om å holde lillesøster voken og mindre grinete.
Storebror på utforsking i sommar.
Etter ei lang og god natt vokna vi i dag og var heilt klare for ny dag! Lillesøster var i strålande humør (thank God!) og var to skritt foran storebror heile vegen. Derfor gjekk eg ut i gangen før storebror hadde pakka nisteboksen i sekken. Niste i sekk er rutine - dette har vi gjort i fem år! Men nei....
Brua "Knuden" frå 1922.
Etter at eg var komt på jobb, og satt med nyopna mail og varm kaffe kom det sms frå læraren. Storebror har ikkje matpakke! I den matpakka ligger både frukost og to lunchar - i tillegg til frukt og grønsker. Vannflaska var med - den hadde eg putta oppi sekken. Så da var det berre å hive seg i bilen, køyre heim, til skulen også tilbake på jobb. Og vi som ALDRI har gløymt matpakke tidlegare!

- det er ikkje berre vi som er urutinerte ved nytt barnehage - og skuleår. Læraren sendte sms'en til alle foreldra i heile klassen. Hahaha, snakk om uflaks! Men går ein på tryne kan jo like gjerne alle få vite om det. Så kan vi alle senke skuldrane, le litt, og varme opp kaffien.

tirsdag 19. august 2014

Skulestart!

I går var det skulestart for storebror - og vi hadde planlagt mange kjekke overraskelser gjennom store deler av dagen! Vi dekte på eit fint frukostbord med levande lys, finservice, eggerøre og oppskåren frukt. Vi åt lenge før eg fann fram dagens overraskelse nummer ein: skuletut. Eg fikk mail frå Liken'Share for ei vekes tid sidan om eg ville ha ein gratis skuletut. Skuletut er ein tysk tradisjon der ungane får dette på første skuledag - fylt av utstyr de trenger til skulen. Mykje av det eg kjøpte til å ha oppi hadde eg kjøpt uansett:
... med unntak av Donaldbladet sjølvsagt! Sjølve skuletuten er laga i hard papp, og er diger!
Eg hadde nok ikkje kjøp denne om det ikkje var for at eg fikk den. Men den er jo kul, og som sagt kjempestor, og storebror leika ein del med den i går. Det var ikkje noko problem å fylle den heller. Storebror viste ikkje kva det var før han fikk det, og no kallar han det for "den du la alle tingene mine oppi". Skuletut er jo eit litt dumt ord...
På førskuledagen fikk storebror ei bok der han skulle lime inn minner frå sommaren. Boka har vi jobba med fleire gonger i sommar! Her ser du bileter frå Preikestolen, billett til Stavanger Kunstmuseum, litt av forpakninga til Ninja Turtles-snop som han fikk, bilete frå hotellet vi sov på i Stavanger, og billetten etter Brann-Rosenborg-kampen som han og mannen var på Stadion og såg på søndag. Denne tok han med seg på skulen i går.
Her har han fått skuletuten, og jublar over alt som låg oppi! Supermanntruser - check!
Skulen hadde flagga for alle de nye førsteklassingane! Rektor gav ein fin liten tale, og alle elevane fikk raude roser.
Det regna mykje idet talen begynte, så vi gjekk inn i gymsalen. Lillesøster hadde fått fri frå barnehagen for å vere med på første skuledag. Ho var tolmodig og stille heile tida.
I klasserommet satt de på gruppebord, 4/5 på kvart bord. Storebror hadde fått plass heilt framme. De satt også i "ringen", der de mellom anna hadde ein namneleik. I ringen låg det ein pakke som alle fikk gjette på. De fikk ei lita teikneoppgåve der de skulle teikne det de trudde var inni pakken og etterpå fikk de stå foran alle og seie kva de hadde teikna. Til slutt sang de ein sang, før de stod ved plassane sine og sa "ha det" - og da var første skuledag over!
Læraren hadde satt alle rosene i ei vase, så etter at alle var klare til å gå fikk de komme fram - eit og eit bord - og hente rosa si igjen.
Store, flotte skuleguten vår! Klassen verkar veldig flott, og læraren er trygg, tydleg og roleg - heilt supert! Vi trur dette kjem til å gå så fint!

Etter at skuledagen var over reiste vi på Bowling - for første gong! Etter bowlinga var det jo McDonalds; også var vi slitne alle saman og reiste heim. Storebror satte seg i stua med lydbok og puslespel heile ettermiddagen. Det tar på å gjøre så mange nye ting! Sjølv måtte eg leggje meg og sove litt - heilt utslitt eg også!

mandag 18. august 2014

Oppgradering til skulegutrom

I dag hadde storebror første skuledag! I går fikk han inn ein skrivepult på rommet sitt, sjølv om eg ser for meg at lekser kjem til å bli gjort på kjøkkenbordet ei stund framover. Rommet vart i alle fall veldig "voksent" med skrivepult under det store verdskartet han har hengande!


søndag 17. august 2014

Kronedekorasjon

Eg liker hobbyprosjekter eg kan gjøre saman med ungane /ungane kan gjøre sjølve. På nille fann eg ei pakke med krone, klisterpynt og glitterlim for kr.19.90,-. Eg hadde de liggande ei stund i skapet før de vart brukt ein dag der det meste var galt, og ungane ikkje klarte å finne roen verken med kvarandre eller aleine.
Heldigvis liker ungane slike kunstprosjekter like godt som meg, og kjem alltid med ein gong eg seier "kom inn på kjøkkenet litt, eg har noko her". Da eg viste de pakkane strålte de opp begge to "JAAAAA!"
Ein på seks og ei på fire er ganske ulike i arbeidsmetode - sjølv om utgangspunktet er heilt likt. Storebror er veldig opptatt av korleis dei er ulike, medan lillesøster køyrer på med sitt eige. Kronene vart litt forskjellige, litt like, og veldig fine:
Ein organisert og planlagt og ein litt meir tilfeldig og "vegen blir til mens vi går". Akkurat som de er i personlighet også :)

lørdag 16. august 2014

Varme og museum i Stavanger

Siste helga på ferietur hadde vi i Stavanger. Vi skulle eigentlig til Mikkelparken, men så var det meldt regn - også var vi to voksne ganske ferdig med parklivet etter to dagar i dyreparken. Vi avbestilte hytta vår i Kinsarvik og bestilte heller to netter på firestjerners luksus i Stavanger!

Rica Forum Hotel - Noregs høgaste hotell!
No viste det seg at firestjerners luksus ikkje oppleves som det når det er 33 varmegrader på rommet. Vi fikk ein flott juniorsuite i 15.etasje med vindauger over heile! Utsikta var upåklagleg, men det var så varmt, så varmt!
Søndag i Stavanger, post Gladmatfestivalen, og ein stille by. Hotellet låg eit steinkast unna Stavanger Kunstmuseum, og de hadde eige opplegg for barn på søndagar! Vi spaserte dit og fikk både aleinetid ein og ein voksen i museumet medan ungane fikk ein flink kunstpedagog heilt for seg sjølve! De lagde snurrebassar med masse farger på - veldig kjekt!

Etterpå vart ungane med rundt, og sidan vi hadde sett kvar for oss tok vi de med til våre favorittar - det er kanskje betre å sjå tre ting skikkelig enn 90 ting i ein fart? Eg er skuggefanatisk, og digga dette verket som storebror ser på her. Ei plate med sterkt lys, også får du den skuggen! Magisk!

Denne likte eg også! På dette tidspunktet hadde mannen og lillesøster gått ut, men eg og storebror tok oss god tid - heilt aleine i kalde, gode rom - og fikk diskutert vinklar, lys, farge og komposisjon. Eg digger den ungen!
Etter MYKJE fram og tilbake kom vi oss til sentrum av Stavanger, og fikk sjå svaner med svanebabyer! Eg har aldri sett "ein stygg andunge" før og vart storveis imponert og fasinert!

Resten av søndagen tok vi på Norsk Barnemuseum - her kunne vi ha vore kjempelenge, men alt stengte kl.16:00. Da var det berre å komme seg tilbake til hotellet for å spele yatzi i fellesområdene (som hadde aircondition) før vi pusta djupt inn og gjekk inn på rommet for å ta kvelden. Den natta sov vi nesten litt sidan vi lot det eine vindauget som kunne opnast stå opent, samt at vi hadde på den lille vifta. Men kl.02:14 gjekk brannalarmen, og du kan tenkje deg forvirringa og skrekken som kjem når vi ligger i 15.etasje med to små unger! Lang historie kort - det var falsk alarm, og i ettertid har eg klaga til hotellet som har lagt deg heilt flat på alle punkt (også varmen). Vi har fått ei gratis natt som plaster på såret - så det blir kanskje Stavangertur på nytt? Hotellet var i alle fall flott, men oppholdet var ubehagelig.
Nydleg frukost i 21.etasje! I aircondition! <3

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...