søndag 30. november 2014

Julekakebaking

I dag er vår årlege, tradisjonelle julemenn- og pepperkakebaking på agendaen! Dette er 6.året på rad vi bakar saman med ein vennefamilie. De kjem med pepperkakedeigen og vi har kakemanndeig. 4 unger og 4 voksne kjevler, stikker ut og steiker - det går ganske så fort med så mange hender - også koser vi oss med julegraut til middag og nysteikte julekaker til dessert. Mmmmm - ein god førjulssøndag!

Også er det første søndag i advent også. Og gjett om det er spente unger som venter på 1.desember og julekalender i morgon!

lørdag 29. november 2014

Juicing

Kvar helg juicer eg til lunch. Også har eg blitt så glad i å ha ingefær oppi, noko som betyr at eg og lillesøster drikker den, medan mannen kanskje shotter innpå eit lite glass for syns skuld medan han knurrer "kva ER den smaken?"

Haha :)

Sist helg ville eg prøve noko litt nytt fordi vi 1) hadde litt ymse frukt og grønt som snart gjekk ut på "dato" og 2) eg ville lage noko som mannen faktisk likte.
Han er jo ikkje der når eg juicer, så eg sa at det var ananas-, eple- og klementinjuice.
Det var også ingefær oppi, men mindre enn eg vanlegvis bruker. Også ein god haug med jern, også kalla spinat. Dette er good stuff i forkjølelsessesongen!
"Jamen kvifor er den så grøn da?"
"Det er berre eplet. Smak!"
"Mmm - joda, det var godt det."
"Det grønne er spinat"
"Åjavelja. Du klarte ikkje å la vere å putte noko rart oppi."

Storebror? Han seier systematisk nei, takk når eg spør om han vil ha. Ein gong skal han få lage. Da blir det nok eple og jordbær kjenner eg guten rett.

fredag 28. november 2014

Fredagskveld

Denne veka har sust av gårde, og på måndag er det alt desember! Hurra! Vi skal bruke helga på å pynte litt til advent, og starte julebaksten. Eg synas julekaker er best i førjulstida, så skal vi rekke å spise de opp må vi begynne å lage de litt tidleg også!

I kveld skal mannen på konsert medan eg får finfint besøk av to venninner. Eg har planlagt tapas, og eg har planlagt at de skal lage det medan eg legger ungane. Tenkjer det går fint! No må eg berre hugse å kjøpe inn litt meir vin, det er krise om det blir tomt!

torsdag 27. november 2014

Banan- og havrecookies

For nokre veker sidan var eg på kurs med jobben og fikk lære ei enkel oppskrift på supersunne banan- og havrecookies!

Mos tre godt modne bananer og rør inn ein miks av havregryn og sammalt hvete, samt nokre ss smelta smør. Dette er basen - frå no kan du tilsette det du vil. Det vi gjorde på mi gruppe på kurset var å røre inn hakka aprikoser og dadler, samt sesamfrø og kokos. Alt som smaker godt. Etter å ha forma kjeksaktige sirklar på bakebrettet strødde vi litt havsalt over.

Nydelig godt altså! Steik på 175 grader i ca.20 minutter. De blir ikkje sprø, men mjuke og søte og veldig gode! Salt på toppen - tommel opp!

onsdag 26. november 2014

Gode barnebøker

Eg er så glad kvar gong vi leser nye bøker til ungane! Lets face it - de elsker å lese de samme bøkene igjen og igjen, så det er tipp topp stemning hos meg og mannen når vi får overtalt de til å lese noko nytt! Og særleg er vi glade i lengre bøker med fleire kapittel.


«Den utrolige historien om den kjempestore pæra» av Jakob Martin Strid er oversatt til norsk av Erlend Loe. Denne kjøpte vi på Mammutsalg utan at vi hadde høyrt om den før - og digga den frå side ein! Morsom, spanande og med kjempefine teikningar! Begge våre to likar denne boka, og det er stort sett ein av de som har denne som sin kveldslesebok da vi leser eit kapittel (to for storebror) kvar kveld. Akkurat no er det storebror som leser den.

Ein av mine yndlingsbøker (av yndlingsforfatter) da eg var barn er "Charlie og sjokoladefabrikken" av Roald Dahl. Dette meiner eg at er ein av de bøkene eg las først da eg hadde lært meg å lese, og eg VEIT at dette er ein av de bøkene eg har lest heile av på ein dag da eg var barn. Elsker den! Og filmen med Johnny Depp frå 2005! Eg klarte å overtale storebror om at dette var ei god bok som vi berre måtte lese! Den har ikkje så mange bileter, men det gjorde ingenting! Vi las den på ei veke, og storebror ville lese etter middag, før kveldsmat og helst fleire kapittel på kvelden! Denne boka er fantastisk!


tirsdag 25. november 2014

Heilomvending!

Eg sov så masse i helga at natt til i går sov eg skikkelig dårleg! Etter middag vart eg så inni gampen trøtt. Eg hadde booka meg inn på saltime kondisjon på sats, som eg så avbestilte og booka meg heller inn på ein litt rolegare time, litt seinare. Da den nærma seg vart eg berre enda trøttare, og valgte å drite i heile bookinga og heller legge meg på sofaen med teppe. Der vart eg liggande og småsove i halvanna time! I stadenfor å trene.

Og etter at ungane var i seng sendte eg mannen ned på McDonalds for å kjøpe kveldsmat.
Det er HIMMELSK å høyre på kva kroppen vil - også gje den det! Til og med McDonalds! Happy me! :D

mandag 24. november 2014

Superheldig!

For halvanna veke sidan traff eg ein bergensk artist som for nokre år sidan gav ut ei lydbok som mine to unger elsker heilt og fullstendig! Den er ikkje i salg lenger, men vi har lånt den på biblioteket fleire gongar, og da er det berre den som blir spelt! Eg møtte denne flotte dama i jobbsamanheng der jobben min var arrangør. Eg tenkjer at eg er på jobb når eg er på jobb, så eg vil ikkje overøse folk med eigne personlege erfaringar eller meiningar. Derfor synas eg at det var vanskelig da eg etter konserten hadde så lyst å spørre ho om det var mogleg å kjøpe lydboka. Eg valgte den litt meir profesjonelle innfallsvinkelen der eg sa at lydboka på biblioteket var veldig hakkete, og at lurte på om eg skulle be de om å bestille inn ein ny. Kvar kunne de evt gjøre det?
Lillesøster spelar piano medan vi hadde heile soverommet pakka ut i stua i oktober. 
Ho såg litt spørrande ut, så eg sa at vi hadde lånt den eit par gongar, og at ungane våre ikkje hadde høyrt midten sidan CD'en hakka over nesten to heile kapittel. Og da måtte eg slenge på at de er så glade i denne lydboka! Da smilte ho og sa at ho hadde ein CD i bilen som eg kunne få! ÅJ ÅJ! Megaheldige meg! Men så drukna ho i (andre) tilhengarar, så til slutt kunne eg ikkje berre henge rundt ho - så eg takka for meg og gjekk. Heime fortalte eg mannen kor nær eg var. Oh well. Eg har bestilt ho inn igjen til juni 2015, så da fikk eg prøve på nytt da.
Også zoomer vi litt inn: ryddig!
Men kva trur du kom i posten på jobb i dag? Jo! Ei flunkende ny lydbok - ikkje ein gong plasten er riven av! Ingen julegåve kjem til å overgå denne! Ikkje det at eg kan vente til jul heller - denne fikk de sjølvsagt med ein gong! Eg tok bileter av glade unger som eg skal sende på mail til artisten i morgon, saman med eit enormt stort takk! Tenk å vere så heldig da!!!

lørdag 22. november 2014

Halloweenfest

Før det er på tide å førjulsblogge vil eg leggje ut bileter frå Halloweenfesten som vi hadde 1.november. Vi inviterte tre familier med to barn kvar; to nabofamilier og familien til ein av lillesøster sine bestevenner. Kjekt å bli kjent med foreldra til ungane som våre unger leikar med!
Eg var så redd for at butikken skulle bli utsolgt for gresskar at eg kjøpte dette på 4.3 kg ei veke før. Vi lagra den mørkt i kjellaren, men da vi skulle skjære i den var den blitt råtten fleire stader. Men vi fikk nok friskt kjøtt til gresskarpaien (kun 500 gr). Her står den ute på sjølve Halloweenkvelden og skremmer de få ungane i nabolaget vårt som går runde på snopjakt.
Vi hadde invitert til kl.16 - rett etter middagstid, men det var nok mat! Vi har ikkje plass til 16 rundt kjøkkenbordet vårt (eller - det har vi, men det er ikkje plass på kjøkkenet til å sette på begge klaffane. Dette håpar vi ordnar seg når vi skal pusse opp!), så det var ståande buffét. Som alltid når vi gjør dette endte ungane opp med å sitte rundt bordet medan mødrene står litt sånn rundt de igjen og fedrene ved kjøkkenbenken. Alle 16 på kjøkkenet - godt vi har plass! :)
Ein superenkel Halloweenide! Teikn skumle andlet på klementiner. Kan knapt bli enklare!
Gresskarpai er jo eit must! Men som i fjor er det nesten ingen som tørr å smake på den. Det er skikkelig godt, så restane forsvinner uansett fort! Vi bruker opppskrifta som de finner på tine.no. Bak gresskarpaien er ei skål med "Små spøkelser", eller marshmallows. Snop i skål og "Heksefingre" som er kjøpt.
"Store spøkelser" er kveitebollar med vaniljekrem inni. Oppå la eg marsipan og malte med konditorfarge slik at spøkelsa fikk andlet.
"Heksefingre" var min favoritt! Superenkle å lage, eg og lillesøster smelte desse saman på 10 minutter! Vi brukte god, ferdig kransekakedeig, og klemte ut avlange "fingrer" av den. På enden pressa vi ned ein halv skålda mandel før vi steikte de som det stod på pakningen.
De var ekle nok no, men eg toppa det med raud konditorfarge. Ekle og veldig gode! Perfekt kombinasjon! Desse skal vi lage igjen!
"Mumiepølser" vart det mest populære innslaget. Vi hadde 40 (!) og gjekk heilt tom! Dette er kalkunpølser som vi har snurra strimla butterdeig rundt. Enkelt, raskt og tydlegvis populært!
"Musehjerner", eller popcorn, var også populært - som alltid!
"Blodige cupcakes" var Red Velvet Cupcakes etter oppskrift frå Passion 4 Baking. Desse har eg laga fleire gongar sidan første gong i 2012, og slår alltid godt ann. Men ikkje denne dagen, så desse vart med på middagsbesøk dagen etter. Saman med gresskarpaien :)
Papirdill som vi mirakuløst nok klarer å ta vare på frå år til år.
Ikkje av papir, men ekte Halloweendekorasjon frå the big U S of A! ;) Min favoritt!
Stor papirheks som er heilt bak mål, men ungane digger den! Vi kjøpte også edderkoppnett på leikebutikken og hang den opp rundt omkring i heile stua, pimpa opp med haugevis av plastedderkopper.

Alle ungane hadde kledd seg ut, og nokon av de voksne også. Dette var ein kjempeflott fest, og det er alltid eit klapp på skulderen når ungane griner når de må gå heim. Vi har knallkjekke naboar og venner altså!

fredag 21. november 2014

Roleg dag


Etter ei travel veke der vi har komt så seint heim kvar dag at lillesøster har vore på overtid, har det blitt ein del mindre søvn på ho enn vanleg. Ikkje berre har ho lagt seg ein halvtime til time seinare enn ho brukar, ho har også vokna tidlegare heile veka. Slik at når eg skal vekke ho kl.7:15 så ligger ho voken i senga med Askepott-kjolen på.
 I natt var ho voken ein del og var lei seg, varm og klagde på vondt i hovudet. Ho hadde litt feber i dag tidleg, så vi er heime og slappar av. Huset ser ikkje ut etter desse dagane, så eg har brukt morgontimane på å rydde. Lillesøster slapper av med TV. Ho er nok berre sliten etter ei veke ned mange aktiviteter og litt lite søvn. Det blir betre etter ein roleg dag heime. Storebror er med ein kamerat heim etter sfo i dag, så det blir ekstra stille her i ettermiddag. Vi er klare for helg, og har tjuvstarta litt ;)

Legg til bildetekst

torsdag 20. november 2014

Ettermiddagsaktiviteter

Denne veka har vi vore ut på vift kvar einaste ettermiddag - og også i dag. Vi har vore på spelkveld med klassa til storebror, og kveldsmattur med grilling på bål med barnehagen til lillesøster. I dag skal vi på teater og sjå Jul i Vennebyen. For første gong skal vi dele oss fordi storebror (synas at han) er for stor. Han skal henge med ein kamerat medan eg og mannen tar med oss lillesøster og ein av de beste venninnene hennes på teater.
Tre gode venner på besøk. Piano er gøy!
Storebror har aldri vore noko Vennebyen-fan, sjølv om han har blitt utsatt for både Apa og Elfi fleire gongar. Det er faktisk nesten uunngåeleg når ein er barn i Bergen! Lillesøster er ikkje stor fan ho heller, men ho synas det er heilt ok. Mest stas er det nok at ho og venninna skal på teater saman. At venninna skal sitte i storebror sitt bilsete. At venninna skal vere med heim frå barnehagen i dag. Eg gler meg til teater saman med to de mest fjasete jentene eg veit om. Lykketroll!

onsdag 19. november 2014

Eg *hjerte Guylian!

På lik linje med M&M (og tidlegare Mariannedrops) er ein boks Guyliansjokolade eit must når eg ein sjeldan gong er innom taxfree. Da vi var på Mallorca i mai kjøpte vi med oss ein boks med det eg meiner er verdens beste sjokolade heim. Vi sparte den lenge før vi opna den, og eg vart så skuffa da eg såg at den var blass i fargen, samtidig som den var krumlete i konsistensen. Den skal vere blank og den skal vere mjuk. Eg bestemte meg (faktisk) for å sende ein klagemail til Guylian.

Eg var både høfleg og full av komplimenter i mailen, men skreiv at vi jo var skuffa. Nokre veker gjekk før eg fikk eit langt og hyggleg svar der de bad meg om å sende bilete av boksen og innholdet:
Altså. Sjølv om verdens beste sjokolade kanskje ikkje var akkurat det i denne omgang er den framleis fantastisk god, så boksen var jo tom! Men bilete kunne de jo få.

Eg fikk mail igjen etter ei veke der de beklaga at eg hadde fått eit dårleg produkt. Det var ikkje registrert feil i deira systemer, men på bakgrunn av det eg skriev i mailen trudde de kanskje at sjokoladen hadde blitt feillagra på flyplassen. Mest sannsynleg hadde det komt luft til. Og som plaster så såret, og for at eg skulle få gjenoppleve at Guylian var eit kvalitetsprodukt, så ville de sende meg ein boks med sjokolade.

Midt i middagstid sist veke ringte posten på døra med ein spanande pakke. SJOKOLADE! Med handsignert kort og express-levering hadde verdens beste sjokoladefabrikk sendt meg ein STOR boks med verdens beste sjokolade. Er det mogleg å vere heldigare???
Sidan vi fikk sjokolade på døra midt i veka så vart det sjølvsagt sjokolade til dessert. Midt i veka. Eg har ikkje latt ungane smake Guylian før, med VILJE og no er det nesten så eg angrar, De har smak for kvalitet de også, og har spurt kvar ettermiddag om det er "sjokoladen din til dessert i dag?" I helga tok eg og mannen oss kvar vår bit medan vi hadde funne fram noko Halloweensnoprestar til ungane. Lillesøster kasta berre eit blikk på nillesjokoladen og hylte "NEEEEEIIII! JEG VIL HA MAMMA SIN SJOKOLADE!" Så da vart det jo det. Hahaha, digger Guylian alstå! Hjerte hjerte!

tirsdag 18. november 2014

Flaks!

I går kveld var eg på spinning type langkøyring på sats. Da trener vi med pulsbelte, noko eg har, men ikkje finner igjen. Eg hadde ikkje lyst å sitte der å trene utan å vite kva pulssone eg var i (hjelpes for ein kontrollfreak!), så eg spurte instruktøren om han hadde eit eg kunne låne. Det hadde han og alle var glade.

Medan eg satt der og svetta tenkte eg at "eg kan jo kanskje berre "gløyme" å levere det tilbake etterpå?" Her føler eg for å forklare at det eg hadde lånt var eit strikk som ein festar pulsbeltet på. Sats tar 90 kr for strikket, skikkelig overprisa, men det er altså ikkje noko dyrt utstyr! (og når medlemsskapet kostar svimlande 650 kr KVAR månad skulle det nesten berre mangle at ein får noko gratis stæsj innimellom! Eg dusjar jo ikkje der ein gong!)

Men så tenkte eg at det var flaut å komme på neste time med samme instruktør og høyre "du, kvar vart det av det beltet du fikk låne?". Derfor forkasta eg tyveriplanane mine ganske så fort.

Etter ein knallhard time gjekk eg fram og leverte tilbake beltet med eit "takk for lånet". Da blunka han til meg og sa "Behold det du. Berre ikkje sei det til nokon."

HAPPY DAY!

Moral: Ikkje stjel. Kanskje du får! ;)

mandag 17. november 2014

Lanternetur

I år, som i fjor, var vi med venner på Lanternetur i nærområdet vårt. I fjor laga vi ikkje noko, men fikk låne lanterner av de meir erfarne foreldrene. I år ville vi prøve å lage noko sjølv. Lillesøster ville lage lanterne, medan storebror som fikk valget mellom å pynte pepperkakehus eller lage lanterne valgte det første, og det var det.
No er det jo av og til slik at eg overvurderer kva ungane får til, så den som vart sittande å lage lanterne medan lillesøster satt og såg barneTV på fredag - det var meg. Medan mannen stod ved kjøkkenbenken og satte saman pepperkakehus. Hahaha, det er SÅ STAS å gjøre noko saman med ungane ;)

No var det terapautisk å jobbe med lanerna altså, så eg gjorde det med glede! Halvparten vatn og halvparten trelim - også opprevne avispapirbitar. Eg smelte eit par lag på ballongen, og lot det ikkje tørke mellom kvart lag. Eg lot den stå til neste dag og da var den blitt knallhard! Vi sprakk ballongen, også kunne lillesøster male og strø glitter på.
Dette klarer ein fireåring!
Eg stakk ho hull og trakk igjennom noko gåveband. Eg hadde kjøpt elektriske telys så vi ikkje skulle måtte tenkje på brannfare.

Vi prøvde ut lanterna på badet med lyset av (det einaste rommet utan vindaug), og da såg vi at det var lurt med aluminiumfolie inni som reflekterte lyset meir. Som sagt så gjort. Og da var den klar:

Lillesøster sin heimelagde lanterne.
Storebror rappa lykta til julenissen som vi fikk av naboane før de skulle flytte inn i blokkleilighet. Den er stor og held ei skikkelig lykt. Lykta funger finfint så lenge vi ikkje bruker ekte stearinlys, da blir den gloheit!
I år hadde turen blitt annonsert på facebooksida til barnehagen, og det var så koselig å sjå barn med lys komme gåande mot oss frå alle kantar før vi begynte å gå! Vi vart ein heil stor gjeng, så kjekt! Vi gjekk to runder på den store fotballbana. Det var heilt mørkt, og stjerneklart - og berre heilt flott! Også 10 varmegrader - galskap! Dette er ein kjekk tradisjon!

Jeg går med min lanterne
Og min lanterne med meg
Der oppe lyser det stjerner
Her nede, her lyser jeg
Mitt lys går hen, nå går vi hjem
Rabimmel rabammel rabomm
Mitt lys går hen, nå går vi hjem
Rabimmel rabammel rabomm

søndag 16. november 2014

Besøk av Tannfeen

Storebror fikk, som lyn frå klar himmel, ei laus tann i oktober. Halvanna veke seinare datt den ut, og da hadde jo pengen vore klar lenge! At det skulle ta så lang tid å miste ei tann da! Når den først var laus meiner eg! *utolmodig mamma
Da eg mista tenner brukte eg å plante tanna i ein av potteplantene heime, også "vokste det opp" eit kronestykke iløpet av natta. Vi har kun ein orkide hos oss, og å legge den lille tanna der mellom bark og rusk var ikkje heilt aktuelt. Kameraten til storebror (som har mista 5 tenner og er som veteran å rekne) fortalte at han la den i eit glass i vinduskarmen og passa på at vindauget var opent slik at Tannfeen kom inn. Storebror (i kjent stil) gjekk for ein eigen variant.
I liten plastikkboks, i vatn og med lapp der det stod "TANN" la han den lille tanna si. Vi la den ved vindauget på kjøkkenet slik at Tannfeen skulle sjå den gjennom glasset.
Neste morgon låg det eit brev og ein 20 kr. på kjøkkenbenken. I brevet frå Tannfeen stod det mellom anna at han fikk litt ekstra penger sidan det var den første tanna. Vi tenkjer at 10 kr. er nok seinare. Det stod også kor viktig det var å pusse tennene, og at Tannfeen og tannlegen samarbeida tett. Liknande brev finner du på nettet ved å google "Letter from the tooth fairy". Eg brukte eit av de breva som mal og oversatte. Biletet fann eg i word sine illustrasjonar. Eg hadde også printa ut bileter av Tannfeen til begge ungane som de kunne fargelegge.

Det er kjekt å gjøre noko spesielt ut av den første tanna. No er det berre om å gjere å hugse å gjøre det likt når lillesøster mista si første tann :)

lørdag 15. november 2014

Finfin laurdag!

Etter ei bra veke med mange kjekke opplevelser ventar no ei bra helg! Lillesøster skal i bursdagsfest i dag, og da skal eg og storebror utnytte finværet og gå oss ein fjelltur. Mannen skal på ikea og handle siste rest av det vi trenger til de nye garderobeskapene våre - snart er soverommet ferdig! Etterpå skal vi til byn og spise middag før vi skal på kino og sjå "Karsten og Petra feirer jul". Det er på sin plass med julefilm sidan vi denne veka har bakt til Pepperkakebyen. Det har lukta pepperkaker i heile huset - og slikt får ein julestemning av!
Utsikt frå bilen på veg frå fjellet og ned til Byrkjelo.
Eg gler meg mest til fjellturen saman med storebror. Det er luksus med berre ein unge, og masser av tid til å snakke saman. Det foregår mykje mellom øyrene på den førsteklassingen som eg gler meg til å høyre om. Han gler seg mest til rosinstopp på vegen opp og kakao på toppen :)

fredag 14. november 2014

Iskaffe

Dette tipset har eg fanga opp på nettet fleire gonger, men først no i haust har eg hugsa det lenge nok til at eg har fått prøve det ut.

Superenkel, supergod og frisk iskaffe! Passar nok betre i solveggen  til våren, men av og til må ein berre gjøre ting med ein gong - ikkje når været seier at det bør bli gjort.
Oppskrifta er enkel: frys ned sterk kaffe, og legg så ønska mengde kaffeisbitar i kald mjølk. No blir mjølka enda kaldare, og fiksfaks vær så god: iskaffe er servert.

torsdag 13. november 2014

Å leve

Eg følgjer renpoesi på instagram, og ho minner meg av og til på gamle favorittar, og gjer meg mange nye. Dette er ein av mine favorittdikt:

Å leve

Å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
med sidan no
dette orgelet likevel står her
kan vi vel spele litt på det
                                                                                          Arne Ruset

Utsikt frå hytta til mamma og pappa.
Det er så flott! Så masse ein kan seie om musikk spesielt og kultur generelt! Denne veka har eg gått frå den eine kulturelle opplevelsen til den andre, både på jobb og privat. Fantastisk! Og veka er enda ikkje over! Vi har masse å glede oss til de neste dagane - og i tillegg skal det vere sol! Er vi ikkje heldige?

onsdag 12. november 2014

Partykids!

Oktober og november er tydlegvis partysesong - kidzstyle! I barnehagen starter de fleste med bursdagsfeiring der alle i samme aldersgruppe er invitert det året de fyller fire. For lillesøster er dette i år, og ho var faktisk den første som inviterte alle på bursdagsfest i juni. I haust har det blitt fleire, og særleg de siste 6 vekene. Storebror har begynt i klasse med mange haustbarn, så i dag er det igjen bursdagsparty for ein 6-åring. Denne gongen skjer det på Leos Lekeland - og det var JUBELHYL da storebror viste fram invitasjonen på måndag! Leos Lekeland er noko av det kulaste av det kule når du er 6 år! (og 4, 10 og sikkert 14 også)
Ulriken. Sett frå Solheim.
Nytt på skulen, for oss, er at de inviterar med invitasjoner i sekken. I barnehagen har vi invitert med sms. Det er stas å få Star Wars-invitasjon må vite! Eller frå Leos Lekeland som i denne samanhengen. Han er ferdig på fest kl.19:15 i kveld, og er nok ikkje heime før kl.20:00. Eg er på yoga akkurat da, og den roen eg får der kjem nok godt med når eg kjem heim og må hjelpe til meg å roe ned ungen slik at han sovner innan rimelighetens tid. Men det gjør vi med glede - tenk så stas å vere på bursdagsfest! Midt i veka! På leikeland!

Partykids altså!

tirsdag 11. november 2014

Aida

Åh kor eg gler meg til i kveld! Eg og ei venninne skal i Grieghallen og høyre Aida av Giuseppe Verdi. Dette er av typen arrangement som eg siklar på, men sjeldan prioriterer. Men når eg blir invitert med er det JA utan betenkningstid!
Barnekorarrangement derimot. Kvar einaste månad!
No er jo eg så heldig at eg kan forlate mann og barn for ein kveld utan at nokon tenkjer over det. Ho som inviterte meg har ein liten baby heime, så i kveld er det "ilddåp" for mannen i huset som skal leggje den sjalu storebroren på fire år, i tillegg til å håpe at lillebroren tar flaske og ikkje griner for mykje. Huff. Ho trenger ein kveld ute, og eg er (sikkert meir enn ho) sikker på at pappen kjem til å klare seg heilt fint! Vi får heller skynde oss heim etterpå ;)

mandag 10. november 2014

Franskmenn, nederlendere og komler

I går hadde vi invitert ein vennefamilie på komlemiddag. De er frå Nederland - noko som vanlegvis kun betyr at vi får høyre litt nederlandsk når de snakker med ungane sine - ellers har det ingen betydning. Men det kunne ha hatt bestydning i går da vi hadde invitert de på rotekte, norsk tradisjonsmat.

Pizza på Mallorca. Ikkje rotekte, norsk tradisjonsmat, men ÅH så godt!
Da eg studerte jobba eg på ein restaurant som kvar torsdag serverte komlemiddag. Eg såg ann gjestane, men anbefalte det gjerne til turistar som ekte, norsk mat. Ein gong gjekk det verkleg gale.

Gjesten var ein fransk mann, type superhip og veldig urban. Korleis han hadde forvirra seg inn i akkurat denne restauranten veit eg ikkje, men han var veldig ivrig etter å smake noko norsk. Eg solgte inn komler, og han takka ja. Smilet stivna litt da eg satte fatet foran han, men det var framleis god stemning. Andre gjestar kom og eg gløymte stakkaren inni hjørnet heilt til han skulle gå.

Da hadde pipa fått ein anna lyd. Og no må du lese den han sa med sint fransk aksang:

Meg: "How did it go? Did you like it?"
Han: "NO! It was HORRIBLE! FAT! GREASY! SALTY! DISGUSTING! The worst I have ever tasted! I cant belive you serve this to people!"

Hahahaha! Med denne friskt i minne (sjølv om det er 10 år sidan) var eg litt betenkt da vi satte oss ved bordet. Heldigvis var de vante med denne type mat, og hadde til og med eit eige ord på det. Ungane kasta innpå - og det var meir enn vi kan seie om våre unger som åt gulrot, pølser og bacon. Så mykje for den yngre garde altså. Men vi andre kosa oss. Og det er rester til den obligatoriske "steikt raspeball"-middagen i dag!

søndag 9. november 2014

Farsdag!

På sjølvaste farsdagen står mannen opp kvardagstidleg og tar med seg storebror på fotballcup. Eg og lillesøster er heime i dag og har ein roleg søndagsmorgon. Vi skal etterkvart lage komler til ein haug med venner, gjerne slik at vi har restar til middag i morgon :)

Lillesøster plastrer pappa da han skada fingeren under oppussing avsoverommet.
Ein roleg regnværssøndag for to av oss, og eit etterlengta tilskot til medaljesamlinga til storebror :) Og sjølvsagt - gratulerer med dagen til min eigen pappa og til pappaen til barna mine!

lørdag 8. november 2014

Superenkle crepes

Vanlegvis spiser ungane yoghurt og gryn til kveldsmat, vi voksne spiser seinare, men innimellom (gjerne når vi har egg som snart går ut på dato) lagar eg noko ekstra godt som alle fire spiser saman. Grove vafler, raske pannekaker eller havregrynsgraut. Vi spiser kveldsmat etter barneTV, så eg har ein heil halv time å jobbe i fred og ro på. Men ting tar ikkje lang tid når ein kun lagar til eit måltid - altså ikkje steiker 20 grove vafler, men kun 8 fordi det er nok.

Tynne pannekaker servert med friske jordbær vart tatt imot med opne armer og stillheten senka seg medan ungane år. Nice!
Jada, eg henger den gjerne opp på kjøleskapet! :)
Server med mjølk. Nammis!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...