torsdag 8. januar 2015

Vår julefeiring 2014

Juleferien i fjor var akkurat passe lang til at vi rakk å kjenne på feriekjensla og på kjensla av at det var ok med kvardag igjen etterpå! Vi har sove til mellom 9 og 10 kvar morgon (og DET har eg ikkje gjort sidan før eg vart gravid med storebror i 2007!), vi har spist julekaker kvar dag, vi har sett mange Disneyklassikkere i sofaen - saman alle fire, vi har svart "ja" kvar gong ungane har spurt om å spele på Nintendo DS eller nettbrett. Og vi har sløva, sløva, sløva - kun avbrutt av matlaging, spising eller ein tur ut i snøen.
På julafta hadde nissen komt med soveposer iløpet av natta. Det viste seg å vere eit sjakktrekk sidan det resulterte i teltturleik til Nord-Noreg heile ettermiddagen! Vi starta julegåveopninga i 18-tida og tok oss nokre pauser slik at det heile varte i to timar! Begge ungane fikk masse flott og ting de ønska seg!
Lego Technic stod på storebror si ønskeliste
Frost-ting stod på lillesøster si ønskeliste
2.juledag vokna vi til vinter og snø! Fantastisk! Det var deilig å forlate huset for å ake i parken, treffe på kjente og slite oss litt ut! Dette er den første snøen vi har hatt denne vinteren, så den var etterlengta! I fjor aka vi ein dag (!), så akebrettene var heilt nedstøva! Hjelpes kor gøy det er å ake! Meir snø takk!
Ripsbuskene våre
Puste har holdt seg inne i jula, kun avbrutt av små doturar ut i uværet. Lillesøster elsker Puste, og de to har vore masse saman under treet medan de har høyrt på julemusikk. Lillesøster har på seg Elsa-kjole som ho var så heldig å få av den eine venninna si til jul! Den lever ho i framleis, men ho har den av når vi spiser og når ho er i barnehagen så den varer lenge.
På nyttårsafta var vi hos naboar. Ungane gjekk nyttårsbukk for første gong, og det var så kjekt! De var 9 ungar som gjekk saman og sang seg igjennom "På låven sitter nissen" så både vi og de som opna dørene fikk tårer i augene! Makan til flott barnekor! Enorme mengdar snop vart samla inn, så no har vi laurdagssnop i heile januar! Utpå kveldsen åt ungane snop og såg Frost medan de voksne åt Tapas, genialt! Vi avslutta med fyrverkeri (som skremte lillesøster så masse at ho gjekk inn etter første smell) før vi takka for oss og spaserte heim. Ungane var i seng litt seinare enn vanleg, men eg og mannen holdt ut til nyttår, og til og med ein halvtime ut i 2015! Det lønner seg å vere utkvilt! :)
Første nyttårsdag år vi pinnekjøtt (for første gong i år har begge ungane smakt og likt det) og til dessert knuste vi Pepperkakekyrkja vår. Vi åt opp siste rester av denne til dessert i går. For spesielt interesserte kanskje, men melisglasuren var god!

Julepynten forsvant på laurdag, men først i dag spiser vi opp siste rester av julekaker. Kakemenn har vart lengst - så lenge at de ikkje lenger er sprø, men harde! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...