mandag 23. mars 2015

a journey in north korea

Denne teikneserieboka fikk eg til jul av ei venninne. Den er ein av fleire liknande bøker av Guy Delisle; eg skal definitivt lese meir av han!
Sist veke hadde vi nokre varme og gode dagar, så eg satt ute på verandaen med teppe på (det var jo ikkje heilt sommartemperatur) og kosa meg med bok og te.
 Tekoppen har eg fått av mormor som igjen har fått den av svigerinna si som er frå Thailand. Håndmåla og veldig flott - med plass til masse te :) Elefantbokmerket er frå Kristiansand Dyrepark.
I går vart eg liggande lenge for å lese den ferdig. Eg skal overtale mannen til å lese den, han har nett begynt på Game of Thrones-bøkene, men det er verdt å ta seg ei pause for å få ein tur til nord-korea!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...