mandag 2. mars 2015

Blåmåndag!

Nokre dagar! Nokre dagar startar kl.05:15. Det er ikkje ofte, faktisk kan eg ikkje hugse sist, men da starta vår måndag. Storebror kom opp i senga vår fordi han hadde sett "lysane auger på rommet sitt". Det er nok til å skremme livsk**** utav meg. Like etterpå kom lillesøster opp og trudde det var morgon. Barn 1 gjekk og la seg igjen, men mannen stod opp og gjorde seg klar til jobb medan lillesøster gjorde eit halvhjarta forsøk på å sove meir i senga saman med meg, men det gav ho eg fort opp. TV er fint så eg la meg igjen, men da hadde eg alt begynt å tenkje på jobb og da var det gjort.
Storebror har vore snufsete heile helga, og da vi hadde levert lillesøster i barnehagen begynte han å grine fordi han følte seg så dårlig. Da køyrte vi heim igjen og ringte mannen slik at han kunne komme heim å ta vare på. Vi delar på sjukedagane, og denne gongen var det hans tur.
På veg til jobb var det kø og treighet, og på jobb i dag har det vore mykje sjuke folk som betyr ekstra jobb på oss som er friske. Oh well.
Men sola skinner og det er mars! Storebror har kvikna til og mannen har fått jobba på gangen i dag. Lillesøster er i superhumør til tross for tidleg morgon. Puste kosar seg i sola som skin gjennom vindauget. Og eg hadde på meg joggeskoene på teater i går og kjente kor eg gler meg til litt meir varme så eg kan ta årets første joggetur.

Eg er sikker på at morgondagen blir knallbra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...