søndag 12. april 2015

Togtur og bibliotekbok

Vi toga oss veg til og frå Gol i påska for å flotte oss på Pers Hotell, og vere saman med gode venner som kom austfrå. Å ta toget gjennom vinterlandet er heilt fantastisk! Sjå kor mykje snø:
Vi hadde lyst å hoppe av fleire gongar! På Gol var det knapt snø, så den store baggen vi hadde med oss med varme klær vart aldri opna. Oh well.
Spor 1 på Gol stasjon
Gommokaku på toget!
Toget var forsinka frå Oslo da vi skulle heim igjen, så vi hadde nokre timar å slå ihjel på togstasjonen. Der hadde Gol bibliotek satt opp ein del bøker med lapp der det stod at vi kunne låne bøkene og levere de inn hos vårt lokale bibliotek. Eg las "Snømannen" av Jo Nesbø denne påska, men vart likevel inspirert til å låne med meg ei tynn bok, "Feit - mitt liv som tjukkas".
Først trudde eg det var ei morsom bok og det var det, men det er faktisk ei sann historie. Og den var god! Da eg hadde lest den ut nokre dagar seinare (eg kunne ikkje lese "Snømannen" på sengekanten; du skjønnar nok kvifor) måtte eg innpå nettet for å sjå forfattaren Kristian Fjellanger og lese meir om boka. Eg har ikkje levert den inn her i Bergen enda, men eg håpar det går bra. Takk for lånet Gol!
Solnedgang på veg vestover i påskeveka. Så flott! Eg las masse av "Snømannen" på veg heim denne kvelden, og det er den perfekte staden å lese påskekrim! På toget medan vi susar igjennom vinterlandskap i skumring, medan vinden blåser snøen opp og enslige hytter kjem fram hist og her. Dette er andre påska vi togar oss - det kan godt bli ei vane :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...