fredag 19. juni 2015

Ettermiddagstur til Lyderhorn

I går var lillesøster med ei venninne heim frå barnehagen, og sidan vi held på å pusse opp kjøkkenet stakk eg og storebror innom butikken og handla med oss to frossenpizza med heim. Derfor vart årets første middag på verandaen pizza! Han heiv i seg nesten ein heil grandis - eg er heilt imponert kor mykje han spiser i vekstperioder! Med masse mat i magen var han i alle fall klar til å bli med meg på fjelltur medan mannen fortsatte malearbeidet heime.
Utsikt mot vest - motorveg mot Sotra og Askøy.
Det var overskya og vind, men forholdsvis ok temperatur. Likevel møtte vi kun på 4-5 andre turgåarar på heile turen. Eg begynte å lure på om det var noko med værmeldinga eg ikkje hadde fått med meg. Kun ein gong tidlegare har det vore så få mennesker i fjellet, og det var den gongen det var tjukk tåke på toppen og eg og ein anna som var det for første gong (!) måtte ta ein anna og lengre veg ned igjen for å vere sikre på at vi ikkje havna utanfor eit stup. Greit nok (om eg smører litt tjukt på) når eg er aleine, ikkje så kult når eg er saman med ein 7-åring.
Da vi nærma oss toppen var skyene blitt ganske mørke, og de kom i rask fart forbi og under Lyderhorn. Vi var superraske, tok nokre bileter og gjekk rett ned igjen. Ingen tid til toppkos - eg var ikkje interessert i å snuble meg ned denne bratte vegen i tåke:
Men - som eg trudde - kom vi raskt nedanfor tåkebeltet som blåste raskt, og vi kunne puste letta ut. Eit kikk på klokka sa at vi ikkje hadde tid til pause no heller om vi skulle rekke å hente lillesøster før det vart alt for seint.
No kom sola fram litt også, så vi hadde ein fin tur nedover. Storebror snakka i eitt kjør heile vegen. Om markar, tusenbein, andunger, maur, jenta han er forelska i, om Spiderman var ekte, den nye guten i klassen, sommarferien, fjellturar, pubertet - you name it!
Ein kort stopp for å sjå på kjempestore maur
Vi henta lillesøster 10 minutter etter normal leggetid, så ho var godt trøtt og sovna på eit blunk da vi kom heim. Mannen stakk av for å trene fotball (stakkars - han hadde malt på kjøkkenet i 10 timar!), og først kl.21 fikk eg tatt meg ein dusj. Vi har sove godt i natt alle saman :) Det er så kjekt å kunne gjøre noko med berre ein av ungane på denne måten! Flott ettermiddag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...