tirsdag 9. juni 2015

Rabarbrasyltetøy

Eg forsøker enda å få rabarbra til å vokse i hagen vår, men har prøvd tre ulike stader - og alle dør! Heldigvis har eg ein snill kollega som forbarmer seg over meg og gjer meg 3 kg nyplukka rabarbra frå Austevoll! De vart brukt på tre ulike måtar! Først klassikaren med sukker:
Mmmm, nydelig! Lillesøster likte ikkje sin, så da delte eg og mannen den lille stanga - akkurat nok og akkurat slik vi hugsa at den skal smake!
På  nettsidene til tine fann eg oppskrift på rabarbrasyltetøy med ingefær. Veldig enkel og grei; oppskrifta ligger her.
Fint boss :)
Oppskrifta til rabarbrasyltetøy med kanel fann eg her. No veit eg faktisk ikkje kor godt det eigentlig smakar, eg har ikkje fått smakt noko særleg på det enda, kun prøvesmakt etter at det var ferdig, men det vart i alle fall ein fin liten samling med krukker:
Superwomanlappar!
Eg har alt gjeve vekk ein til ein kollega som ikkje hadde smakt rabarbrasyltetøy sidan ho var barn. Eg lagra de i små glass, så det er i fine gåver å gje vekk. Det er berre meg som spiser dette heime, og eg spiser ytterst lite (sjølv om det er godt), så da er det viktig å gje vekk resten!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...