søndag 5. juli 2015

Byferie

I dag leverer vi frå oss Puste. Vi skal til Danmark på ferie, og ho skal ha byferie i Bergen. Mannen har ei tante som jobbar i sommar, og Puste skal vere hos ho de neste to vekene.
Vi er så heldige at ho kan ha Puste hos seg når vi er vekke i meir enn nokre dagar! Vi har hatt Puste i 11 år, og ho har aldri vore på kennel, takket vere denne tanta eller naboar. Er vi vekke ei helg klarer ho seg fint heime med mat og kattedo inne, men når det er over lengre tid er det godt med kos også!
Sa du kos?
Ho kjenner seg igjen i leiligheta ho skal til i dag, så ho springer å gøymer seg når vi leverer ho, og kjem ikkje fram før det har gått nokre timar. Men da er det full prinsessestell med faste soveplassar og så masse kos på fanget at pusepasseren innimellom blir litt lei.
Reiser de frå meg?
Byferie på Puste altså. Inneferie utan unger. Sikkert fint, men også veldig kjekt å komme heim til hus og hage igjen. Alt med måte, også for puser!
Ok. Berre hugs å kjøpe med noko snacks til meg frå Danmark!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...