tirsdag 7. juli 2015

Hallmaling

Det er ikkje eit rom i huset vårt som vi ikkje har gjort noko med, og dette rommet har vi no altså gjort noko med to gonger! Heilt unødvendig med runde to sjølvsagt, men det vart da gjort!
Her er hallen medan vi pussa opp yttergangen. Da fungerte denne som oppbevaring av alt vi har av jakker, sko, huer, tjukke gensere og det som måtte vere av ting vi vanlegvis hadde i yttergangen i vinter. Hallen var oransje på veggane da vi kjøpte huset, og desse veggane var de første vi malte nokre månadar etter at vi hadde flytta inn, nokre veker før lillesøster kom. Vi lurte på om vi skulle male døra i det innebygde garderobeskapet samtidig, men det valgte vi å ikkje gjøre.

Det som var grunnen til at eg no malte desse var at vi hadde ein del maling igjen frå da vi pussa opp soverommet i vinter, og den fargen ville passe fint her.
Ny knott ville eg også ha. Eg leita i fleire butikkar, men fann kunn knottar til rundt hundrelappen; noko eg synas var for dyrt, og i alle fall for dyrt sidan eg synas alle av fann var skikkelig stygge og i alle fall ikkje passa inn i hallen vår! Phuu...
Derfor lakkerte eg knotten som var der med neglelakk. Først to strøk med svart, også to strøk med denne glittersaken som vi kjøpte på Mallorca i fjor. Fest!
Her er altså gangen slik den var i helga. Ein del meir ryddig og med finfine malte garderobeskapdører! Knotten kjem ikkje så godt fram her, men den viser jo godt på biletet over. Den passer jo ikkje heilt inn den heller, men fungerer fint til eg (om eg) finner noko anna eg heller vil ha. Det gjorde seg å male desse dørene, og den fargen blir eg aldri lei av!
De som budde i huset før oss hadde kjøpt inn kjedelige lamper til heile huset. Desse bytter vi sakte ut, ein etter ein. Kuppellampa kan sjåast på det øverste biletet. Her flytta vi ned ei lampe vi kjøpte til stua, men som vi bytta ut igjen etter eit år fordi den ikkje gav nok lys i det rommet. Her nede i gangen lyser det veldig fint opp - og mykje betre enn den lampa som var der før. Det er ingen vindaug her, men fire dører inn til yttergang, to barnerom og til bakkjellaren. Ungane oppbevarar leiker her, og lillesøster har garderobeskapet sitt her. Skikkelig lys er viktig!

Vi vurderer teppefliser her etterkvart. Golvet er slitesterkt og heilt greit, men det er iskaldt å gå på (derfor har vi det store stygge teppet på midten), så her ønskjer vi å utforske andre golvalternativer som ikkje betyr at vi må knuse opp heile gulvet og leggje nye varmekabler under. Del tre kjem kanskje ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...