tirsdag 25. august 2015

Barndomsmagi

Følgande samtale fant stad på kjøkkenet sist veke.

Storebror: "Eg vil tilbake til Dyreparken! For eg må gå på Sabeltann sin sjørøverskule igjen for å finne enda ein gullmynt. Når eg har to skal eg kjøpe meg ein bil."
Her må eg skyte inn at dette har han snakka om masse i sommar. Så masse at følgande svar berre måtte komme.

Meg: "Vi har ikkje nokre planer om å reise tilbake til Dyreparken med det samme. Men du veit - den gullmynten du fikk var jo av stål. Den ser heilt ekte ut, men den er ikkje det. Eg trur ikkje Kaptein Sabeltann deler ut ekte gullmynter til alle som vil ha."

Storebror blir heilt stille og ser heilt intenst på meg. Så seier han, litt kaldt og faktisk litt ekkelt:

"Tuller du?"

Eg svarer "Nei, eg gjør dessverre ikkje det."

Han blir stille ei stund til før han går ut. Eg spør mannen om det var heilt feil å fortelje han det - å drepe illusjonen om at han har ein ekte gullmynt. Mannen meinte det var på HØG tid, og at om ikkje eg hadde sagt det hadde nokon i klassen sagt det. Slik de seier at Spidermann ikkje finnes, noko storebror meiner heilt klart at han gjør. De har jo rett, eg har berre så problemer med å stjele magien han omgir seg med. Eg redder meg ved at eg gjør Spiderman-samtalen om til ein diskusjon rundt å tru framfor å vite. At sjølv om ein ikkje har sett Spiderman, påskeharen og nissen; betyr ikkje det at de ikkje finnes. Det samme gjelder religion; og puff så har samtalen gått over til Gud og Jesus (som han også trur på).


Uansett -


enden på visa var at han for nokre dagar sidan tok initiativet til å leggje ting han ikkje lenger leiker med i ein boks slik at han kunne selgje det eller gje det vekk. Og der havna gullmynten frå Sabeltann sin sjørøverskule.

Mannen: "Men skal du gje vekk gullmynten da?"
Storebror: "Ja, dere sa jo at den ikke var ekte"
Mannen: "Nei, men den er eit minne da! Og det kan vel vere kjekt å ha?"
Storebror:"Vi har framleis lillesøster sin."

Også gav han den vekk til ein kamerat som har flytta i nytt hus - som innflytningsgåve. Saman med alt det andre som låg i boksen.

Reaksjonen på drap av barndomsmagi gjorde i alle fall ikkje til at eg med deg første kjem til å fortelje han at verken Spiderman, påskeharen eller julenissen ikkje eksisterer på ekte. Han trur så inderlig på det. Også blir han så kald realist når magien forsvinner. Huff!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...