fredag 14. august 2015

Bryllup

Laurdag 8.8.15 var vi så heldige at vi var invitert i bryllup til ein av mannen sine barneskuleklassevenninner. Kortet lagde eg alt i vår da invitasjonen kom, så det hadde stått på utstilling i fleire månader før dagen kom :)
Invitasjonen frå brudeparet var så flott med bileter av de to, monogram og ordtak.
Eg kjenner de ikkje som det mest romantiske paret; meir kvardag og bleier og hei kor det går! Så eg valgte eit ikkje så veldig romantisk dikt som eg skreiv i kortet til de.
Kjolen kom frå zalando, spesielt innkjøpt for bryllupet! Blå, tunge øyredobbar, og svarte sko og veske.
Vigsla var i Johanneskirken som står høgt over byen på Sydneshaugen med flott utsikt mot Fløyen på andre sida av bykjerna. Her hadde vi ikkje vore sidan vi fikk informasjon om vårt eige bryllup for over 6 år sidan. Vi gifta oss i Mariakirken, som det første av i alt tre brudepar den dagen.
Brudeparet på laurdag var nummer 3 eller 4 i denne kyrkja akkurat den dagen, så da vi kom fram satt vi ute og såg på det forige paret som kom nygifta ut til stor applaus! Artig!
Sidan vigsla var så seint hadde de alt vore på fotografering, så de kom inn saman - det var veldig fint! Det var ein kort og fin sermoni, og på veg ut av kyrkja fikk de følgje av de to døtrene sine som var så fint pynta opp i kvite kjolar med med eigne så brudebukettar. Ooooog DER begynte vi å grine heile gjengen! Unger altså, snufs!
Bruda var nydleg som seg hør og bør! Og kven viste vel at de var romatiske - begge to - men kvardagen har vist ikkje latt de skinne igjennom så masse ;)
Kyss utanfor Johanneskirken :)
De var så heldige med været! Det var knallsol og varmt; så etterpå var det berre å spasere over Puddefjordsbrua og til Urdihuset der selskapet skulle finne stad.
Tre retter stod for tur; sjøkrepssuppe (den beste suppa ever!), kalv og panna cotta. Masse deilig vin, mange fine taler,(brudgommen starta sin tale med "Eg elsker deg", også var det eit heilt minutt pause der vi berre grein og grein - huff, det skal ikkje så masse til på slike dager!) og ein artig visevert! Heilt supert! Vi var også heldige med de vi satt på bord med, så kjekt å ha tid til å prate skikkelig med folk! Her må eg nesten sitere storebror da ei tante av mannen spurte om de som har kjøpt andre delen av tomannsboligen vår var hygglege folk. "Hæ? Kva er det for eit spørsmål? Alle folk er jo hygglege!" Og ja - det er de :)

Etter ei kort pause var det kaker og kaffe med noko attåt. Live musikk, bryllupsvals, enda meir drikke, stjernetur i varm kveldsluft, enda fleire å helse på, pøler i brød til nattmat, dansing - litt sprell frå viseverten - også var kvelden over. Eg var litt hangover heilt til tysdag - men det var det jo verdt ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...