onsdag 5. august 2015

Bursdagsfest for 5-åringen

Med bursdag midt i juli får lillesøster feire dagen sin jamnt over i halvanna månad - i alle fall vart det slik i år! Bursdagsfeiring med venner frå barnehagen hadde vi i juni før alle hadde reist på feire.
Godteposeinnhold
Vi inviterer gruppa i barnehagen som er like gammal som lillesøster, de er 9 i gruppa - heilt fint for ein barnebursdag. Vi inviterte også ei venninne som er nabo, og eit år eldre. Guter og jenter - alle får samme prinsessepose og Hello Kitty-puslespel; og så lang som eg såg var det ingen som reagerte på det. Eg vel alltid likt for barnegrupper; om det er jenter i storebror sin bursdag får de det samme som de andre. Vi trenger ikkje å lage forskjellar der det tydleg ikkje er nokon :)

I år solgte eg inn ei bursdagskake som eg har klipt ut frå eit blad for eit år sidan. Uglekake! Den såg ikkje så vanskelig ut, og var ganske så snedden! Utgangspunktet var sjokoladelangpannekake som ein deler i seks og stablar oppå kvarandre. Så skjærer ein ut ein slags snømannform og dekker heile med sjokoladekrem. Dette var eigentlig det vanskligaste, kaka smuldra veldig når eg prøvde å få på kremen.
Med masse pynt blir det meste suksess med 5-åringar!
Til forkle (eller kva det no enn er) kjøpte vi ferdig kvit glasur på tube. Den var hard å jobbe med, sjølv etter at vi hadde varma den litt opp. Men den vart jo fin nok, også har vi til å pynte pepperkakene med i desember :)
Og slik vart den til slutt - veldig skjønn! Øyrene er avkapp frå kaka; eg festa de med tannpirkere slik at de ikkje skulle dette av. Augene var oreos og non stop. Nebbet er også non stop. Vingene vart noko rosa snopegreier, men på oppskriftsbiletet var desse melkesjokoladehjarter. Begge deler blir fint :) Masse non stop og kakepynt på forkleet og rundt på kakefatet.
Vi serverte pølser med lompe eller brød etter lillesøster sitt ønske. Etter mat hadde vi gåveleik - flasketuten peiker på. Lillesøster fikk masse fine ting - særleg falt brettet med øyredobbklistermerker godt i smak! Alle fikk pynte seg med øyredobbar og ringar!
Ei lita stille stund.
Lysa satte vi på som krone på ugla. Ungane (og de voksne som var der) synas kaka var veldig morsom, og ikkje mindre artig da vi valgte å halshugge den etter at lysa var blåst ut. Den var jo som to kaker oppå kvarandre, og ungane stemte for å spise hovudet (huff). Dette var selskap ein av i alt fire etter kvarandre; så kaka varte til alle gjestane i alle selskapene. Til slutt serverte vi den med vaniljesaus til å ha oppå - tipp topp!
På dessertbordet hadde vi også snop, salte kjeks, minimarshmallows og druer. Vi lagde "heimelaga" softis med desse boksane de har i butikken. Dette likte ungane godt, og åt opp - men smelta veldig fort; så det vart meir som jordbærsaus enn noko anna.
Det var ok vær og varmt denne dagen, så ungane leika både ute og inne. Her er lillesøster med to av venninnene sine på rommet. Ho fikk sjølvsagt Frost-teiknebok; og fann fram fleire andre som ho jobbar med slik at alle kunne teikne på rommet hennes med de nye fargeblyantane ho fikk. Ho er så glad i slike bøker, og har jobba seg igjennom 4-5 frostbøker alt!
Etterkvart var det tid for snopeposer. Vi prøvde ein ny variant - tampen brenner. Eg er usikker på kor godt ungane kjente konseptet, men det gjekk seg til. Lillesøster var temperaturmålaren, så alle gjekk i tog bak ho.
Etter ein del forvirring og morsomme augeblikk nærma de seg målet - inni rododendronbuska var det veldig varmt!
Der fann de ein boks med posar i, og lillesøster sprang opp i "Oslo" (øverste delen av hagen vår) med 9 ungar hengande som eit slep bak seg - snopeposane skulle bli utlevert i teltet som vi hadde satt opp i hagen!
Tomannsteltet klarte fint å huse 10 unger, men de fleste kom fort ut igjen med ein snopepose i hendene! Litt hopping på trampolina, så var festen over. Det kjekke var at foreldra som henta hadde god tid, så huset var ikkje besøksfri før ein time etter eigentlig avslutta bursdagsfest. Det er så kjekt med hagen full av glade unger! Det er skikkelig gøy med sommarbarn slik at ein får slike sommarfestar ute, med mindre rot og skrål inne! Lillesøster var i alle fall veldig fornøyd med festen sin; og det var alle andre også!

Etter at gjestane var gått heim oppdaga eg at storebror hadde gått gjennom alle timane i skitten joggebukse og treningsskjorte - kva skjedde? Eg tar det som eit hint på at eg ikkje er kontrollfreak - noko eg innimellom er redd for at eg er. Phuu, eg kan gje litt f eg også; tydlegvis! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...