tirsdag 4. august 2015

Skjørteløpet V10K

Eg snubla tilfeldigvis over Skjørteløpet da ei facebook-venninne var med på det i Jølster. Skjørteløpet er eit virtuelt løp som ein kan vere med på når ein vil, kvar ein vil - men før 31.juli.

Eg synas konseptet var genialt og gjennomførbart og meldte meg på. At medaljen var supersøt var også eit pluss! Etter nokre dagar fikk eg startnummer, medalje og hårband i posten. No var det opp til meg å finne ein dag der eg ville gjennomføre løpet. 10 km skulle tilbakeleggast - gå eller jogg.
Den travle junimånaden gjekk fort over til å bli juli - og vi susa rundt på ferie. Eg jogga som vanleg, også i Danmark, men hadde ikkje heilt tid eller lyst å gjennomføre 10 km. Derfor vart det til at eg gjennomførte løpet på den siste feriedagen, og den siste dagen for løpet - 31.juli! Det var perfekt løpevær, og sidan det var ferie kunne eg løpe etter lunch - min favorittløpetid!

Da eg trente til halvmaraton i fjor hadde eg ei løype eg trente masse i, og som tilsaman er 17 km lang. Det var der eg også tok den første mila mi, så eg viste kor lang eg måtte løpe før eg skulle snu og løpe tilbake - 5 km kvar veg. Det var bra sidan GPS'en på mobilen har vore på bærtur i sommar og ikkje klarer å måle kor langt eg springer lenger. No held eg meg på 5-6 km på joggeturane mine, så eg var litt spent på korleis 10 km ville gå, så eg bestemte at eg skulle gå i de 3 bratte og lange bakkane som er i løypa.

Men da eg var i gang så gjekk det så fint! Eg kom til der eg skulle snu utan å ha måtte gå noko, og da skulle eg i alle fall ikkje gå på vegen tilbake! Go'distansen 5 km; I love it - men så var det jo like langt heim! Det var ikkje like lett! Likevel gjekk det greit og eg gjennomførte utan å måtte gå, på akkurat 1 time. Det er eg knallfornøyd med! Dagen etter hadde eg lett gangsperre, men eg trur det henger i fremdeles -
- for i går skulle eg utnytte godværet etter ein ettermiddag på stranda. Ein lett 5 km-tur i 20 varmegrader og kveldssol. Der gjekk alt galt!

For lang tid sidan middag, så eg tok ei banan = for kort tid sidan mat; noko som betyr at ein joggar av gårde og smågulper heile vegen. Musikken hang seg opp på ein song igjen og igjen, så eg måtte stoppe og fikse det - og da kom det kun de songane eg ikkje liker og som eg snart må hugse å fjerne frå wimp-lista mi! Dårleg forbredt treningssveis, så eg hadde hårtustar som kila meg i anletet heile vegen. Tunge bein etter tre timar sittande på bakken etter 7.5 timer sittande på jobb; og sikkert etter mila tre dagar før. Øyretelefonar som heile tida datt ut av øyret, særleg det venstre. Ei vond høgreskulder som vart verre utover turen, og fikk undervegs selskap av eit litt kranglande bekken på venste side. Tørr og tung luft slik at eg gispa etter vatn, etter kun 2 km.

Enkelte turar altså! Eg skal ut igjen på ny tur på torsdag slik at eg får meg ein god tur - denne kan ikkje henge så lenge i! Les meir om Skjørteløpet her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...