lørdag 12. september 2015

Adams matkasse

I august prøvde vi oss ei veke med Adams matkasse. Vi valgte 5 dagar Barnekasse, med oppskrifter til såkalla "barnevennleg mat".
Veka før kassa kom fikk vi mail om menyen og kva vi måtte ha i skapet. Boksen kom på døra i 20:30-tida på måndagen, og det var så masse godt inni!
Det er jo det vi aller mest sitter igjen med, at det er stor forskjell på råvarer - og her var det topp kvalitet på alt! Heilt supert! Med var også eit menyhefte. Vi lagde mellom anna minipizza, blomkålsuppe og sei med ostesaus. Det var tatt omsyn til at ting skulle gå fort, så det var ferdig raspa ost, posjonsposer med poteter og ferdig rensa fisk. Alt smakte godt og hadde det lille ekstra - MEN - det smakte lite. Ungane likte alt (utanom blomkålsuppa) og det var skikkelig mat, men eg sakna smak. Sei med ostesaus tar vi med oss vidare, men byttar ut sei med torsk.
Vi tar ikkje så veldig omsyn til ungane når vi lagar mat. Litt mindre chilli, men ikkje så mykje anna. No var det jo Barnekasssen vi bestilte, og eg er sikker på at de andre kassene har meir krydder og smak. Det var luksus å få maten på døra på denne måten, og som sagt var råvarene flotte! Vi har pausa abonnementet vårt, og ser ikkje vekk frå at vi bestiller igjen. Da går vi nok for ein av de andre kassene de har.
Adams matkasse - tommel opp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...