torsdag 17. september 2015

Kjøkkenoppussing

Kanskje er det ikkje oppussing vi har gjort, kanskje er det oppgradering. Oppdatering. Eg veit ikkje, men bra er det blitt!
Vi har eit ganske stort kjøkken med innredning frå midt på 90-tallet i heiltre. Vi har nok skapplass, og alt var egentlig i orden. Men det var begynt å bli slitt i lakken. Fleire av de dørene vi opnar og lukkar fleire gongar dagleg hang litt på hengslene.
Halve kjøkkenet er kjøkkenarbeidsplass og andre halve er spiseplass. Spisedelen var før eit soverom som de tidlegare eigarane opna opp og tok i bruk som del av kjøkkenet da de pussa opp i 1996. På biletet under her har vi ein klaff i bordet vårt. Da er det 220 langt, så her er det god plass! Da vi flytta inn for snart 6 år sidan satte vi opp IKEA-hyller med skuffer i blått der vi oppbevarte alt av teikneutstyr, maling, klistring, perling etc. Lett tilgjengelig for ungane som kunne hente det de trengte der. Veldig praktisk, men ikkje så fin.
På eine veggen i spisedelen hadde vi to magnettavler som såg slik ut nesten heile tida. Masse teikningar på veggen, bileter, kort, informasjon, billetter, diplomar - alt! Sjølv om eg innimellom rydda her såg det fort slik ut igjen.
Vi starta ei helg i begynnelsen av juni. Veggen med oppbevaring vart rydda, vaska, grunna og malt med to strøk av fargen som vi har på soverommet vårt, sandstein. Dette var mest for å dekke over de stygge hola som var i veggen etter skuffene. Den originale veggfargen var litt kvit/gul; eigentlig heilt ok.
Eg var heime aleine, så eg tok enkelte grep sjølv :) Haha, dette gjekk heilt fint altså! Vi var på IKEA og kjøpte skap som eigentlig er til stue. De er grunnare, slik at de ikkje kjem så langt ut i rommet. Vi hang de høgt oppe på den nyoppussa veggen slik at de ikkje skal dunke folk i hovudet når de sitter ved bordet under. Det er veldig høgt, eg må strekke meg veldig; men det går fint.
Her har vi perler, srikk, lim, maling, tape, stempel - alt av kreativ interesse. Ark og blyantar har vi liggande i kjøkkenskapa no slik at ungane kan teikne utan at vi må tilrettelegge for de. Men eg ser at de klatrer oppå bordet og henter det de vil ha i skapene som henger der, så det har ordna seg!
Vi valgte å sende alle skapdørene til ein kjøkkenlakkerar. Vi vurderte å bytte ut alt, men da hadde vi komt ut på andre sida med eit billigare kjøkken enn det vi har no; men dyrare for oss. Sidan vi var fornøyde med plass og ok fornøyd med plassering av alt valgte vi å pusse opp det vi hadde istadenfor å ta den store og dyre jobben det er å bytte ut alt. Kjøkkenlakkerar er ikkje gratis, men hjelpes kor mykje jobb vi sparte på det! Vi trengte ikkje ein gong å vaske de; vi berre leverte nedfetta, gamle, brune skapdører og fikk kvite og fine dører tilbake! Sjølv om vi ikkje hadde skapdører kunne vi fint bruke kjøkkenet, og mannen monterte no opp skap oppå de skapene vi alt hadde slik at vi får utnytta plassen heilt opp til taket. Her var vi heldige og fann restedører i Billigkroken på IKEA, så det kosta slikk og ingenting. Mannen kutta alt slik at det passa inn hos oss - flink!
Det var så stas å få tilbake skapdørene! Vi kjøpte nye handtak på Clas Ohlson, og fikk faktisk gitt vekk de originale dørhandtakene på finn. Ganske så fint, og ganske så annleis! Her ser du også skapene som er oppå de originale kjøkkenskapa. Mannen hadde også malt alt som ikkje var skapdører kvitt slik at det ikkje var trefarga lister her og der.
For å kunne bygge opp skap til taket måtte vi ta vekk nokre pyntelister som var på toppen av kjøkkenskapene. De var ikkje blitt tatt vekk når de malte kjøkkenet sist, så her kom det fram ein gøyal grønaktig farge. Veggane var meir eller mindre fulle av spikerhol, samt ein del uhellhol som kom da vi pussa opp badet som er rett på andre sida av denne veggen.
Mannen bestemte at han ville male heile kjøkkenet (ser du kor det balla på seg?) og eg stakk på maleforetning og ville ha grå. Vi vurderte å lakke kjøkkenskapa grå, så det var liksom alt ein tanke. Sidan den eine veggen alt var malt var det også greit å ha ein farge som passa til den.
Grått viste seg på veggen til nesten å vere blått. Ei stund såg eg kun blått og var litt irritert fordi det er så vanskelig å sjå ein farge når ein kun får sjå ein liten lapp med farge på. Men vi såg at når sola skein inn var den grå, ikkje blå - så da måtte vi jo ha nye og betre lyskjelder på kjøkkenet!
Slik såg det ut på mannen sin side av senga de månadane han pussa opp kjøkkenet! ROT! Vi brukte jo kjøkkenet like masse som før, så da måtte andre rom fungere som avlastningsrom for verktøy og utstyr!
Før vi bestemte at vi måtte male heile kjøkkenet hadde vi fått kappa opp nokre tynne plater som skulle dekke over de styggaste hola på den eine veggen ved kjøkkenbordet. Sjølv om vi no hadde sparkla og malt alt ville vi ha opp desse to. Mannen malte de med magnetmaling - heile 6 strøk måtte vi ha for at magnetane klarte å holde oppe eit ark eller to! Denne malinga er langt frå billig, men vi hadde jo ein plan, og da måtte vi køyre på med to boksar. Kan ikkje stoppe halvvegs! Eit strøk med siste sleik av soverommsfargen på toppen, sjølv om eg synas det var kult at de var så pass mørkegrå som de var. Ein må avslutte med eit strøk vanleg maling når ein bruker magnetmaling. Mannen malte også alle listene mellom tak og vegg. Listene som er ved golvet (som no ikkje passar med noko, men shit au) lar vi vere som de er.
Etter tre månadar er oppussinga ferdig! Her ser du tydleg de nye hobbyskapene som kun er halvvegs brukt; så her er det framleis mykje plass! De to magnettavlene til høgre med eigen klype til kvar av ungane, samt nokon til :) Betre plass og meir ryddig! Reinare!
Ny lampe i taket. Her var det ein stygg ring etter det gamle lyset, men når det nye lyset er på viser ikkje fargeforskjellen. Ungane bruker framleis stokkestolane sine. Og vi har tenkt å la to av de nye stolane vere ein anna stad når vi berre er fire for å ha betre plass ved bordet.
Samme som før, men det ser heil annleis ut! Her har mannen malt krydderhytta, medan du ser at den nederste lista er som før.
Større og betre lyspunkt på kjøkkenet! Finfine skap heilt opp til taket. Eg klarer å opne de (det er slik trykk-open-sak), men klarer ikkje å få tak i noko som er der utan å bruke ein stol. Vi har ikkje heilt tatt i bruk desse enda, men her kan vi oppbevare sesongutstyr (bortsett frå at det har vi i kjellaren, men vi har i alle fall mulighet!). Slik er det jo når vi ikkje trengte meir plass, men lagde det likevel.
Mellom kjøkkendelen og bordet har vi satt opp tre knaggar der vi henger frå oss sekk og veske etter endt skule-, barnehage- og arbeidsdag. Mannen deler med lillesøster, det er ikkje sikkert at han trenger knagg på sikt :)
For ei veke sidan henta vi de nye stolane våre! Vi solgte de gamle på finn. De var blitt ganske utbrukte og slitt; så det var godt å få god støtte under rumpa igjen! Og sjølvsagt er de nye stolane grå de også, og så gode å sitte i!
Nytt skjærebrett og større knivmagnet! Og nye, kvite stikkontakter! Ny saks kjøpte vi også, her skal det ikkje sparast på noko! ;)

Eg er så fornøyd med det nye kjøkkenet vårt! Eg har heile tida likt det veldig godt, og nettopp kjøkkenet var noko av grunnen til at eg ville ha nettopp dette huset! No som det er meir i min stil, er det jo berre enda betre!

Vi ser jo at lakkering ikkje er eit varig resultat. Nokre stader har det skalla litt av. Om vi blir buande her de neste 20 åra kjem vi til å pusse skikkelig opp og bytte ut. Men for de neste åra er dette heilt supert! Ein forholdsvis rimleg oppussing med veldig store resultater!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...