torsdag 1. oktober 2015

10 mil i september

I september har eg vore med på ein facebook-challenge som var å bevege seg 10 mil i september. Ein kunne gå, springe, sykle, svømme - berre ein kom seg framover. Når eg ser på tallet så synas eg ikkje det høyres så masse ut. 10 mil liksom. Men det er langt, og masse! Som om eg skulle springe 1 mil kvar tredje dag i ein heil månad! Det er 100 km! Lang! For eg har kun brukt beina på asfalt. Ingen sykkeltur. Absolutt ingen svømming. Og med yoga beveger eg meg knapt nok framover, så jogging og gange altså. Asfalt, grus, fjell og skog.
Flaksen var at september har vore ein fantastisk varm fin og månad. Joggeturar i 15 grader og sol er jo (nesten) berre kos og stas! Eg har tenkt kvar gong at dette kanskje var den siste joggeturen i bra vær i år. Også har den gjentatt seg igjen og igjen!
Sidan eg var med på denne utfordringa har eg jogga lengre og lengre. I begynnelsen av månaden var yndlingsrunden min  på 5.2 km. No er den på 7.5. Eg springer den fine delen av løypa to gonger før eg jogger heim. Langs utsikta som er på biletet over - nydleg!
Eg har hatt fokus på å få kilometer utanom joggeturane også. Fleire gongar denne måndagen har eg og lillesøster gått på ettermiddagsturar saman. På fjellet. Med sparkesykkel for å mate endene. Eller med sykkel ettersom ho lærte seg å sykle utan støttehjul for to veker sidan. Eg går og joggar, ho susar avgårde.
Fjellet går vi på uansett, og her er ikkje lengden på turen noko god indikasjon på kor bra treningsutbyttet er. For meg er det jo det - ikkje sant - at 10 mil i september har gjort dette til ein veldig god treningsmånad! RunKeeperen min er frå seg av glede fordi eg har registrert gåturar. Mange går eg ofte vanlegvis også, men eg bruker ikkje RunKeeper på småturar. Det har eg derimot gjort denne månaden, ein kilometer her og ein der. Så samla sett kom eg i mål i går - den siste dagen!
34 registrerte aktiviteter. Det er fleire eg har gløymt å ta med meg mobilen på, men det er av de korte. 112 km står det her, men det er på grunn av at GPS'en på telefonen min var skikkelig ute og køyre på ein 7.5 km-tur sist veke; og tikka meg inn på 18.7 km! Altså 11 km lengre enn eg veit at turen er. Dette går nok opp i opp med turar eg ikkje har registrert, men samme det! Eg er i mål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...