mandag 5. oktober 2015

Mothership! - og hårstrikk

I dag skal store deler av arbeidsdagen foregå på The mothership - og sjølv om eg klart ser at det heilt sikkert på eit tidspunkt blir like normalt som alle andre kontorbygg eg beveger meg inn og ut i på måntleg basis - er det stas å for første gong trakke i maktens korridorer. Håper berre eg er godt nok forberedt, og er verdig ansvaret eg har fått!

Da er det fint å gå rett på det motsatte av innovasjon og maktkvinnene eg skal møte i dag - nemleg sortering av hårstrikk!
Ikkje så masse å seie om det egentlig. Sidan vi berre er to jenter i familien (katten bruker jo ikkje strikk) har vi ein sånn fin boks til hårpynten vår. Innimellom er det sorteringstid!
Det er stor forskjell på strikk! Lillesøster har vel rundt dobbelt så tjukt hår som meg, så no brukar ho "voksen"strikk, medan eg fint kan bruke de små barnestrikka. Det er tidsbesparande å ha orden i sysakene når klokka er 07:26 og vi vil ut døra så fort som mogleg.

Og slik ser det ut rett etter sorteringsjobben er gjort. No ser den ikkje heilt slik ut lenger, men eg prøver å leggje det i rett avdeling. Fine klemmer, hårband, hårstrikk og vanlege klemmer. Dagen kan starte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...