tirsdag 3. november 2015

Halloweenfeiring

Her kjem eit skikkelig bileteRAS frå Halloweenfeiringa vår i år!
Vi har markert Halloween med festivitas i ei årrekkje, så årets versjon bestod av favorittar frå tidlegare, og forsøk på nye tradisjonar! Storebror hadde besøk på laurdags formiddag da vi skulle skjære ut gresskaret. Ein gut fikk teikne augene (Spiderman-auger), ein fikk teikne munnen, og lillesøster teikna nasa så snart ho var ferdig med å sutre under kjøkkenbordet.
Vi bruker ein del av gresskaret i gresskarpaien, men mykje lar vi vere igjen - den ferdige lykta blir sterkare da. I år brukte eg ferdig paideig - det sparte meg for masse arbeid, men den var ikkje like god som den heimelaga. Oh well.
For første gong gjekk ungane Trick or Treat, eller Knask eller knep som de seier. Vi starta rundt 17:30 med våre to, ein kamerat av storebror og mammaen hans. Undervegs da vi var innom vennane sine hus kom de ut og vart med - så på eit tidlspunkt var vi 10 unger og 6 mammaer!
Eg hadde trudd at det kom til å bli lite fangst, men der tok eg feil! Rundt 40% av husa hadde lyset på og opna døra for ungane, og de fikk så masse snop! Mange hadde laga eigne posar med skummelt snop i! Nokon hus hadde pynta med skremmande lydar og spindelvev. Eit hus serverte til og med heimelaga edderkopper laga av oreos-kjeks og lakrissnører! Det var veldig mørkt da vi gjekk, og det blåste stiv kuling - så det var skikkelig skummel stemning - og ungane elska det!! Etter nesten halvanna time (det tok litt tid alle gongane vi tok med oss fleire folk) gjekk vi heim med fulle bøtter! Da var det blitt så seint at de kun åt litt før vi pakka vekk resten og tok kvelden; så våre to har snop til jul!
I år hadde eg kjøpt nokon ekstra pappeffekter på Tiger for slikk og ingenting. Dette kule kakefatet klarte vi faktisk å ta vare på, så no er det pakka ned og klart til gjenbruk i 2016!
Storebror har hatt baking på SFO i haust og hadde med seg oppskrifta på den deilige kanelkaka heim. Denne vart døypt om til storebrors Halloweenkake - og vart bakt søndags morgon før han reiste til bursdagsselskap på Akvariet.
Ein favoritt frå tidlegare er heksefingre. Enkelt og greit ferdigkjøpt kransekakedeig som vi klemmer ut til fingre og pynter med skolda mandler til negler. Superenkelt, ekkelt og nam nam!
Gresskarpai er ein anna favoritt! Den høyrer liksom med, det er ikkje alle som har smakt det tidlegare. I år skar eg den opp og satte den på fat, da vart den nesten spist opp. Det er stor forskjell frå tidlegare år da eg har lagt den ligge i paiforma, og få har smakt på den.
Vi hadde kun ein liten skål med desse kule skjelettkjærlighetane! De var superpoppis blandt ungane!
Her er de ferdige heksefingrane med "blod"! Navna på maten vi serverer er nesten halve morroa!
Stive rottehaler er nytt av året! Rett og slett saltstenger!
Kaffe i de fine koppane våre, og litt god sjokolade! Det er mykje for ungane, og det er godt å ha litt "normalt" også!
Her er storebror sin kanelkake - med glasur - på det stilige fatet i papp. Mmmm! Kjempegod kake!
Musehjerner er flott og populært! Heile fire posar med mikropopp vart spist! Eg hadde kjøpt inn bokser til høvet - kule!
Alle ungane hadde kledd seg ut, og sidan eg har eit kostyme kledde eg meg ut eg også! Sjølv om det ikkje er skummelt! I år hadde vi invitert tre nabofamilier. To vi kjenner godt, og ein som har barn i samme alder som storebror som vi ønskjer å bli betre kjent med. I alt var vi 8 voksne og 9 barn.
Nytt av året var også å delegere oppgåver! Desse muffinsane hadde den eine gjesten med seg. Å sleppe å lage ein ting er faktisk ein del arbeid spart. Særleg fint var det sidan eg framleis var ganske sjuk i helga.
Rottehakkpizza og mumier! Grandis og pølser med butterdeig er bra! Pølsene er gamle favoritter, og Grandiosa er ein ny! Så enkelt, så populært og så fine navn!
Her er den ferdige gresskarlykta som har lyst av og på fleire kvelder! Tidlegare har de rotna fort, men denne ser ut til å klare seg fint og får stå på pynt så lenge den klarer å holde formen sin!

Takk for i år Halloween! Du blir stadig betre! Ei heil helg med Halloween setter sine spor, vi var så slitne i går at det var ei mare å få ungane opp av senga! Neste år kan vi kanskje kombinere fest og snopetur?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...