tirsdag 10. november 2015

So - we meet again...

Etter 9 månadar SATS-pause møtte eg opp tidsnok til å melde meg inn og ta årets første cyclingtime i går. No er hausten tatt over, det er regn og vind - og sjølv om det er 11-12 varmegrader fristar det ikkje å springe ut. Cycling er tipp-topp; og formen er god etter ein finfin joggesesong; så det var heilt smertefritt og fint å vere tilbake innanfor SATSdørene igjen. Dyrt som fy, men fint!
Da eg kom heim hadde mann og barn brukt tida på å rydde vekk Halloween. Vi var vekkreist i helga, så huset har vore pynta i over to veker. No ser det litt tomt ut. Men det er ikkje lenge før julepynten så smått kjem opp. Eg opnar for julemusikk i stua om ikkje så mange vekene. Det gledast!
På tide å svinge støvkosten?
Veka er i gang, det er tysdag, og vi har mange spanande planer. Nokon saman, nokon kvar for oss. I dag er det speider på storebror og fotball i uværet på lillesøster. Plutseleg er fritidsaktivitetane til ungane samla på ein dag; i alle fall fram til jul, og det kan jo vere ok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...