fredag 4. desember 2015

Førjulvennegruppe


Måndag denne veka hadde vi Vennegruppa til storebror på besøk for å bake pepperkaker. Vennegrupper er noko vi har begynt med no i 2.klasse, der klassen er delt opp i mindre grupper, og gjennom skuleåret skal kvar og ein på gruppa invitere de andre heim til seg. Poenget er at de skal bli betre kjent med kvarandre, besøke nokon de vanlegvis ikkje besøker, møte foreldre og søsken. For storebror var det ille nok før de kom; "Jeg vil ikke ha jenter på besøk!", men når de først var komt var han stolt og glad og høffleg mot de.

Det skal ikkje vere noko stress, og det er sagt at ein time skulle vere nok. Storebror og lillesøster hadde faktisk øvd inn ein teaterversjon av juleevangeliet som de viste til gjestane! Etterpå bakte vi pepperkaker på kjøkkenet alle saman, og medan de steikte var det barneTV for småsøskene som var med, og leik på rommet for de andre. Tida gjekk, og plutselig var det gått to timar! Kjempekjekt var det i alle fall med besøk - vi valgte også å invitere foreldra slik at også vi vart betre kjent. Ein ettermiddag denne veka henta eg storebror på SFO, og da var det kjekt å "kjenne" nokon av jentene som var der! Ellers kjenner eg jo berre gutane, så dette var bra for fleire ting! Finfine unger i alle fall!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...