torsdag 3. desember 2015

Pepperkakebybidrag 2015

Her har vi utgangspunktet for årets pepperkakebyggverk til Pepperkakebyen! Lillesøster kom heim frå barnehagen med dette flotte maleriet av ein luftballong - og vi hang den opp på kjøkkenet. Det gjekk nokre dagar før storebror såg det, "Hvem har laget denne?" "Lillesøster" "Ok. Jeg vil lage luftballonger til Pepperkakebyen i år!"
Mannen tente på ideen, og nødvendig utstyr vart kjøpt inn. I to kveldar satt han og forma ståltråd til to "luftballongsjeletter". Her har eg prøvd å ta bilete av den eine, med ballong i vegen.
To ballongar vart donert frå Peppes, også begynte griset. Ballongane skulle dekkast av pappmache. Aviser i strimler, og ein blanding av trelim og vatn. Kliss i veg!
Dette gjorde vi mens storebror var vekke, det var nok med eit barn - ballongen trilla og grisa til, papiret vart vått, lim overalt - rot! Derfor vart det til at mannen gjorde nesten alt her (også). Han la på i to omganger, slik at de vart litt solide.
Vi hadde alt jobba med desse i ei heil veke, og no kunne vi male! Storebror markerte sin ballong med klare linjer, medan lillesøster maler litt i rundare former. Det vart litt uenigheter med malinga, så storebror sin ballong er det mest eg som har malt. Det var kjempegøy - så eg er veldig glad for det altså! :)
Omsider - pepperkaker! Storebror målte kor stor sjelletet var også var det om å gjøre å lage passe store deler i pepperkakedeig slik at vi lett kunne lime de fast i ståltråden. Vi brukte pepperkakedeig frå IKEA.
Verdens beste og tjukkaste melisglassur er stivpiska eggekvite med litt sitron, og melis. Medan vi pynta såg vi at de dumme pepperkakene var blitt heilt mjuke igjen, og da måtte mannen til med enda eit fundament.
Stiv papp og masse tape i "korga" som etterkvart skulle bestå av pepperkaker. Min ide - det må jo berre med! ;)
Da var det enklare å lime fast pepperkakene til pappen med smelta sukker. De pynta formene var no så mjuke at vi var redde for at de skulle smuldre saman, men det gjekk!
Oppi formene satte ungane nokre pepperkakefigurer, og så var luftballongane klare til levering!
Som takk for god innsats får ungane ein pepperkakemedalje, diplom og gratisbilletter til Pepperkakebyen. Første dagen Pepperkakebyen var opna fikk vi tilsendt ein mms frå ein av mannen sine kamerater med bilete av lillesøster sin luftballong som sveva over byen! Sidan de var ganske så blaute da vi leverte de frå oss var vi spente da vi tok turen inn i helga for å sjå. Hang lillesøster sin ballong framleis? Hadde ikkje storebror sin ballong overlevd sidan vi ikkje hadde fått bilete av den?
Men sjå! Der hang de så fint begge to! Det var så gøy å sjå! Tidlegare har vi leita ein del før vi har funnet det vi har laga, men denne gongen hang de jo der - synlege for alle!
Eg overhøyrte unger som ropte "Åhh, se! Luftballonger"; så dette skilte seg ut frå alt det andre som var der! Kjempegøy!
Hus med snopetre - og nissen som flyr over himmelen bak.
Empire State Building.


Frostslottet med Elsa. Sjå Olav!


Her henger storebror sin ballong, med fullmånen i bakgrunnen :)
Sjå flyet! Det hang så langt bak at eg lurer på om det ikkje er av pepperkake, men det var kjempefint det også - uansett! Det er så masse fint å sjå på! Vi var her inne i nesten ein time og såg på alt folk har brukt tid på! Fy fabian; det tok tid å lage årets kreasjon, og mannen har gjort MASSE! Men vi er så fornøyde med resultatet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...