mandag 29. juni 2015

Offentliggjort

I vår har eg studert i arbeidstida - heilt lov etter ønske frå arbeidsgjevar. Som saksbehandler i kommunen er det heilt på sin plass å kjenne Offentleglova, og det er den eg har lest om.
Kjem du inn på kontoret mitt og ser at eg sitter med beina i vindaugskarmen er det ikkje fordi eg shlækker på jobb! Men fordi eg leser om §17. Unntak for visse dokument som gjeld Det Konglege Hoff. No kiddin`
Dette har vore eit nettstudium og det har tatt masse tid! Eg har studert Forretningsjus tidlegare, og det tar mest tid å komme inn i språket de brukar. Når det er gjort er mykje gjort! Det var fint å ta eksamen og kjenne at eg viste svara - eg skjønte kva de spurte om, og hadde det vore høve til å kommentere hadde eg skrive masse. Det er jo det som er dumt med eksamen, ein får berre vise ein liten del av det ein kan. Men no kan eg i alle fall seie at eg og offentleglova er som hand i hanske ;)
I alle fall ei lita stund, til eg gløymer det ut. Men forhåpentligvis sitter noko fast i nokre månader til, no som eg er juristen på kontoret må eg jo kunne svare når nokon spør! Mumle mumle "Eg lurer på om det står noko om dette i §13, men det var det tema eg kun fikk 67% korrekt på, så eg må berre nett ta meg ein tur innom Lovdata... Enn så lenge - ikkje sei noko til nokon!"

Haha, eit forsøk på juristhumor der :) Eg er i alle fall happy, og kan ta sommarferie med god samvittighet på fredag!

søndag 28. juni 2015

Suksess?

Eg kjøpte eit oliventre seint på sommaren i fjor. Før frosten kom tok eg det inn, og i vinter har det stått i kjellaren. Kaldt, men frostfritt og trygt. Innimellom har eg tømt litt vatn oppi til det, men mest har det stått i fred.

Ingenting skjedde eigentlig - det såg heilt likt ut med litt brune blader. Nokon av bladene begynte å dette av i januar, men det er sikkert vanleg?
Så når det omsider var frostfritt i vår tok eg det ut så det fikk smake sol og regn igjen. Eg gav det til og med litt gjødsel. Men eg veit ikkje - det vart liksom ikkje heilt party. No trur eg at det er dødt.
Har det fått barn?
Her er i alle fall bevis på at treet har stått ute ei stund; når andre ting har slått rot. Det ser ikkje ut som om eg blir sjølvforsynt med oliven med det første. Men det var verdt forsøket :)

lørdag 27. juni 2015

Bursdagsfeiring

I dag får vi huset fult av små venner i 4-5-årsalderen for å feire at lillesøster blir 5 år! Ho fyller år medan vi er i Danmark, og vi har lenge snakka om at da blir det raude pølser til middag :) Det blir pølser i dag også, men ikkje raude!

Det har vore ei hektisk veke, men alt er klart takket vere planlegging, boks med bursdagsting som eg fyller på innimellom, og ein mann som har ekstra god tid for tida. No kan gjestane berre komme! :)
Fine i bunad 17.mai

fredag 26. juni 2015

På leit etter laurbær

I dag er det sol og nydleg vær i Bergen og det er planlagt ein tur over Vidden i arbeidstida. Eg har gleda meg heile veka, men i dag øver eg meg på å høyre kva kroppen seier. Og den er ikkje i form til å gå nokon stader. Derfor blir arbeidsdagen som vanleg medan kollegaer koser seg i sola på fjellet. Denne sitter langt inne, men skal det vere noko igjen av meg i kveld må eg prioritere no.
Storebror er med ein kamerat heim i dag. Vi tre som er heime i ettermiddag skal bake kake og gjøre klart til lillesøster sin bursdagsfeiring i morgon. Den vil eg ikkje ta sjansen på å måtte slite meg igjennom berre fordi eg, egoistisk nok, har lyst å gå over Vidden i dag. "Ikkje vær så jævla flink heile tida" seier Per Fuggeli. I dag er eg ikkje det.

Haha, i følge ein kollega har eg ei "spretten lita rumpe" (fnis) så den skal eg plassere på nokre laurbær i ettermiddag.

God helg!

torsdag 25. juni 2015

Teknologifri joggetur

Det er ein (av mange) trend å trene teknologifritt. Å la pulsklokke og mobil ligge igjen heime, også berre springe ut. Høyre på lydane som er der du løper istadenfor musikk. Kjenne etter kor fort du ønskjer å løpe i dag istadenfor å holde seg på den forhåndsbestemte farten. De positive sidene er mange, mellom anna kjenner ein også betre etter korleis dagsformen er noko som kan føre til mindre skader - og også betre progresjon.
I går tok eg ein lenge planlagt bakkeintervalltur. Av den treninga eg gjorde til halvmarathon i fjor var det bakkeintervall det eg merka mest framgang med. Det viste seg å vere lurt i treninga til akkurat den løypa eg var med på sidan den har ein god del bakkar. Eg jogga forbi folk i bakkane, og det var mest sannsynleg fordi eg hadde trent masse i bakkar i opptreninga. No har eg ingen løp eg skal vere med på, men det er lurt å variere uansett.

Eg valgte å trene teknologifritt, mest fordi wimp på mobilen min er litt ute å køyre, så da måtte eg ha hatt med mobil utan musikk. Uansett - eg sprang avgårde utan noko form for måling. Hey hey!

Det var sjølvsagt ingen problem medan eg løp. Eg har jogga masse utan mobil tidlegare, og begynte å bruke det først da eg trente til 21 km i fjor. Men så føltes det som om det gjekk så fort! Men kor fort gjekk det da? Også valgte eg ein anna type intervalltrening med 8 drag. Kor langt vart det? Eg avslutta med ein liten fjelltur sidan eg skulle hente storebror på sfo etterpå, og det er raskare å gå over enn rundt. Men kor mange høgdemeter vart det? På andre sida av fjellet valgte eg å jogge ein omveg slik at eg skulle få ein litt lengre tur. Men kor lang vart turen til saman da?

Det er absolutt ikkje viktig! Men kjekt å vite! Sjølvsagt tar eg berre turen på nytt med mobil, så finner eg ut av det - men farten som eg synas var så god i går, den veit eg ingenting om. Og det må eg berre lære meg å leve med :)

onsdag 24. juni 2015

Litt av kvart

Initiativet mitt til felles santhansfeiring i nabolaget i går vart ein ubetinga suksess! Folk kom frå alle husene (!) med grillar, mat og stolar. Kjempekjekt! Vi er ein miks av "nyinnflytta" (flytta inn iløpet av de siste 10 åra) med barn og de som bygde husa på 80-talet. Kjempekjekt å ha tid til å snakke skikkelig med alle saman! Flotte folk i alle hus, rett og slett! Og veldig mange hundar - haha! :)
Solnedgang frå verandaen vår <3
Storebror hadde sin siste dag på skulen i går, men skal gå på sfo i ei veke til. Han skal også vere med på Tine Fotballskule i sfo-tida - så han kjem til å ha veldig kjekke dagar! Da eg leverte han i dag tidleg fikk eg sjå 2.klasserommet hans, og når eg hentar han i dag har han fått navn på plassen sin i gangen også. Rett frå 1. til 2.trinn på ein dag :)

I kveld skal vi ikkje ut på sommarfest, men vi må begynne å klargjere for lillesøster sin bursdagsfeiring som er i helga. Når vi suser rundt på alt mogleg anna enn å vere heime ser huset heilt bomba ut - eg gler meg til å få ting i orden igjen. Samtidig som vi pussar opp kjøkkenet blir det sjølvsagt ekstra mykje rot overalt. Enn så lenge ser det ut som om det blir opplett og varmt på laurdag så vi kan vere ute med alle de små gjestane. Da blir kanskje ikkje det nyreine huset vårt rota til heller :) Slik var det i fjor!

tirsdag 23. juni 2015

International Yoga Day

21.juni var det tidenes første internasjonale yogadag! Den vart markert over heile verda, også her i Bergen :) Vi starta dagen med å gå opp på Ulriken er de hadde familiedag og barneyoga på toppen.

Vi har ikkje gått opp her sidan i fjor, og det var så kjekt å sjå kor store ungane har blitt - og korleis det som i 2014 var ei utfordring no gjekk som ein leik! Vi fikk mykje gratis da de bestemte seg for å leite fram babykrokodiller oppover, da sprang de langt foran oss store delar av vegen!
Vi valgte å gå den korte og bratte vegen opp, så her må vi holde oss fast i rekkverk. Det ligger masse motivasjon i å sjå toppen!
Vel oppe rakk vi lunch og pil og bue-skyting før yoga. Ungane var så flinke å gjøre yoga. De viste ikkje heilt kva det var ("sånn trening"), men stilte som barn flest med opent sinn og var med med heile seg gjennom økta. Vi var sommarfugl, løve, kamel og katt - veldig gøy!
Etterpå var det ansiktsmaling før eg gjekk ned og ungane tok bana saman med mannen. De køyrte meg til byn der eg skulle vere med på Bikramyoga på Torgallmenningen kl.15:00.
Bikramyoga er yoga i 38 grader varmt rom, og eg trur ikkje det var langt unna i steiksola på Torgallmenningen! Varmt var det i alle fall - phuuuuu! Mange var med (BA meinte det var rundt 300) og minst like mange såg på. Eg stod på tredje rad.
Eg har gjort Bikramyoga ein gong tidlegare, i varmen, så eg var ikkje heilt flunkandes ny; men det er likevel ganske annleis enn den yogaen eg normalt sett trener. Knallhard og veldig utfordrande stillingar, og ikkje minst ein veldig dominerande instruktør som nærmast klapper oss gjennom øvelsane!
Eigen DONG DONG-spelar :)
60 minutter yoga først, også avslutta vi med 20 minutter meditasjon. BA og BT har fleire fine bileter av dagen. Det var veldig gøy å vere med saman med så mange andre!
Med søndagsrutebuss hadde eg plutselig god tid, så eg kjøpte medgsmoothie og veggisalat som eg åt sittande i sola ved Musikkpavaljongen. Som sist eg gjorde Bikram kjente eg snart av eg vart heilt sløv i heile meg, så resten av dagen vart ganske utfordrande. Rett etter at eg kom heim reiste mannen på fotballtrening, så det vart ein tøff kveld der eg sosa halvt bevistlaus rundt og prøvde å få ungane i seng. Heldigvis er de store og velvillige, men hjelpes! Først på ettermiddagen i går følte eg meg normal igjen.
I går var det avslutning med klassen til storebror. De har siste skuledag i dag, så tenk! DA er første klasse over og etter sommaren er det nytt skulebygg, ny SFO, men heldigvis den samme læraren. Vi festar i kveld også - det er sankthans, og eg har lagt invitasjonar i postkassene i nabolaget der eg ber alle om å bli med på felles grilling og leiking på leikeplassen. Det blir spanande å sjå kor mange som kjem!

mandag 22. juni 2015

Regnmåler

Omsider kom vi oss inn på det som sikkert ikkje lenger er ein ny butikk RUSTA. Der var det mykje rart av alt, vi handla med oss denne heim:
Gøy med regnmåler! 5mm på tysdag, 7 på torsdag - gøy gøy! Da får vi i alle fall noko positivt utav regnet (saman med frisk luft)! Den står framleis tørr etter ei solfylt helg. Heilt i orden det også! :)

I dag blir kjøkkenskapdørene våre levert hos lakkerere, så vi nærmar oss stadig eit oppussa kjøkken. Hurra! God måndag :)

søndag 21. juni 2015

Yogasøndag

I dag er det verdens yogadag, og det skal markerast med fleire yogatimer utendørs i Bergen. Eg skal vere med på to; så bileter og rapport kjem uti neste veke. Namaste.

lørdag 20. juni 2015

Telttur i hagen

Det er Friluftlivets år, og vi har veldig lyst til å tilbringe ei natt i det fri - med telt, men dog. Vi er litt på søken etter eit telt vi kan låne, for det einaste teltet vi har er dette Ben10-2-mannsteltet:
Kjøpt for slikk og ingenting på Toys R'Us da storebror knapt nok var blitt storebror. Vi tok det fram ein finværsdag i vår, og ungane leikte camping i hagen. Halve leiken er jo å pakke sekken og lage alt klart :)
Godaste <3
Sjølv om de aldri har vore på ekte telttur er de drevne campingplassbuarar, så de gjennomførte fleire "netter" i teltet med tilhørande morgontissing bak ein busk og børsting av tennene på "kvelden".
Kjenner eg de rett var ikkje blomsterplukking kun plukking av blomster, men eg fikk ikkje heilt med meg kva det var. Opptatte og veldig viktige var de i alle fall!
I dag er det knallvær! Vi satte opp trampolina tidlegare denne veka, og kjem til å sette opp teltet også slik at ungane kan bruke det de vil Vi vurderer lunch på ei eller anna strand, men det kan godt hende vi berre blir heime og slappar av i heile dag!
Det blir alltid litt rot når ein campar :)

fredag 19. juni 2015

Ettermiddagstur til Lyderhorn

I går var lillesøster med ei venninne heim frå barnehagen, og sidan vi held på å pusse opp kjøkkenet stakk eg og storebror innom butikken og handla med oss to frossenpizza med heim. Derfor vart årets første middag på verandaen pizza! Han heiv i seg nesten ein heil grandis - eg er heilt imponert kor mykje han spiser i vekstperioder! Med masse mat i magen var han i alle fall klar til å bli med meg på fjelltur medan mannen fortsatte malearbeidet heime.
Utsikt mot vest - motorveg mot Sotra og Askøy.
Det var overskya og vind, men forholdsvis ok temperatur. Likevel møtte vi kun på 4-5 andre turgåarar på heile turen. Eg begynte å lure på om det var noko med værmeldinga eg ikkje hadde fått med meg. Kun ein gong tidlegare har det vore så få mennesker i fjellet, og det var den gongen det var tjukk tåke på toppen og eg og ein anna som var det for første gong (!) måtte ta ein anna og lengre veg ned igjen for å vere sikre på at vi ikkje havna utanfor eit stup. Greit nok (om eg smører litt tjukt på) når eg er aleine, ikkje så kult når eg er saman med ein 7-åring.
Da vi nærma oss toppen var skyene blitt ganske mørke, og de kom i rask fart forbi og under Lyderhorn. Vi var superraske, tok nokre bileter og gjekk rett ned igjen. Ingen tid til toppkos - eg var ikkje interessert i å snuble meg ned denne bratte vegen i tåke:
Men - som eg trudde - kom vi raskt nedanfor tåkebeltet som blåste raskt, og vi kunne puste letta ut. Eit kikk på klokka sa at vi ikkje hadde tid til pause no heller om vi skulle rekke å hente lillesøster før det vart alt for seint.
No kom sola fram litt også, så vi hadde ein fin tur nedover. Storebror snakka i eitt kjør heile vegen. Om markar, tusenbein, andunger, maur, jenta han er forelska i, om Spiderman var ekte, den nye guten i klassen, sommarferien, fjellturar, pubertet - you name it!
Ein kort stopp for å sjå på kjempestore maur
Vi henta lillesøster 10 minutter etter normal leggetid, så ho var godt trøtt og sovna på eit blunk da vi kom heim. Mannen stakk av for å trene fotball (stakkars - han hadde malt på kjøkkenet i 10 timar!), og først kl.21 fikk eg tatt meg ein dusj. Vi har sove godt i natt alle saman :) Det er så kjekt å kunne gjøre noko med berre ein av ungane på denne måten! Flott ettermiddag!

torsdag 18. juni 2015

Sommarforsvinning

Vi er blitt så godt vandt med å ha Puste inne hos oss. Ho er i utgangspunktet ein sky og redd katt, derfor set vi ekstra pris på at ho i vinter har vore i stua nesten heile tida. Kosa med oss og ungane, sove i sofaen og komt labbande opp på fanget når ein av oss sitter i ro.
Det gjekk så langt at vi såg oss nødt til å sette fram kattedo inne, fordi ho ville rett og slett ikkje ut.
Våren har vore kald og til dels sur i år, og det er ikkje akkurat sommartemperatur no heller - men Puste har bestemt at det er sommar og da er det berre ein ting som gjelder: hageliv.
Ho kjem inn etter at ungane har lagt seg. Spiser, sover og går ut igjen neste morgon. Er vi ikkje vokne tidleg nok kjem ho inn på soverommet vårt i 5-tida og mjauer så øredøvande at vi er takknemmlege for å stå opp og få ho ut. Men vi saknar å ha ho inne med oss. Ungane leiter etter ho på kvelden, de er blindt vande med å gje ho nattakos før de legger seg. Og når de blir triste fordi nok ein dag har gått utan at de har sett Puste blir eg litt irritert når ho står på døra kl.20:50 og vil inn. Kom inn to timer tidlegare neste gong! Vær så snill!
I hagen har ho mange gøymestader. Det hender vi ser ho, men stort sett ikkje. No håpar eg at sola kjem slik at vi kan bruke hagen meir vi også. Når fjellet ikkje kjem til Muhammed må Muhammed komme til fjellet.

onsdag 17. juni 2015

Stoltzenyoga 2 år

I går markerte Stoltzenyoga at tilbodet har eksistert i 2 år, og gjennomførte yogaøkt nummer 89 i strålande sol på toppen av Stoltzen!
Denne utsikta altså! Cruisebåtar på veg ut med forhåpentligvis happy turistar som var så heldige å oppleve Bergen i sol. Eg var på plass litt tidlegare enn vanleg, det er ikkje behagelig å komme rett frå trappene og rett inn i ståande kvile med laaaaange inn - og utpust. Det er heilt umogleg å få til, og gjør at eg blir svimmel og uvel.
Derfor tok eg meg god tid opp i går (trudde eg, men var oppe på vanleg tid) og hadde tid til 5 minutter ved Sandvikspilen for å sjå på utsikta, og 10 minutter på platningen i varm og deilig sol!
22 minutter i trappene opp, 90 minutter yoga og 30 minutter ned igjen (eg er pyse deluxe nedover!) - den perfekte måten å tilbringe ein etterlengta soldag!
Sjå kor fint på raudt lys på Bryggen etterpå! Her er klokka 19:45, og det er yrande liv i byn. Heilt herleg!

tirsdag 16. juni 2015

Bryllup

Laurdag 6.juni var eg og mannen i bryllup til den eine fetteren hans. Her kjem eit lite bryllupsbiletedryss frå dagen :)
Brudgommen hadde lånt ein kjempefin Porsche som han skulle køyre bruda i. Det var kun plass til to, så de fire forlovarane og fotografen skulle komme i eigen bil.
Bryllupsfargane var raud og kvit. Dette gjekk igjen i bukett, klær og lokale.

Vi budde hos den eine onkelen - nærmaste nabo til brudgommen sin barndomsheim.
Sjå denne fantastiske utsikta vi hadde frå soveromsvindauget vårt! Det var meldt skikkelig ruskevær på laurdagen, men heldigvis var det opplett og fint - men med masse iskald vind.
Titt-titt! Eg er ferdig pynta og venta på at vi skal køyre. Mannen var saman med brudgommen heile dagen, så eg var saman med onkel og søskenbarn medan vi venta på at kyrkja skulle begynne. Denne nydlege kjolen ser du kanskje betre på sidan til zalando der eg kjøpte den. Den var kjempefin på, men kanskje litt lang. Du kan også sjå den her.
Det var ein nydleg sermoni og begge sa klårt og høgt "ja" på det store spørsmålet. Tårene trilla, og bruda var verdens flottaste! Akkurat som det skal vere! Brudgommen og forlovarar var svært pene i tøyet med kjole og hvitt, hatt og stokk.
Forlovarane hadde grå bukser og raud vest medan brudgommen hadde svarte bukser, kvit vest og kvite hanskar. Forlovarane til bruda hadde lysrosa kjoler på. Fantastisk fine alle saman!
Etter kyrkja var det ein to timers pause før festen skulle starte i det lokale forsamlingshuset. Alle stod ute og tok imot det nygifte paret da de kom susande i den "råkule" (storebror sitt ord) bilen. Skål og gratulerer!

Vel inne venta treretters middag. Sjøkreps til forrett, ytrefilet til hovedrett og limemoussé med rabarbra og sjokolade til dessert. Ein haug med flotte taler også var festen i gong!

Alt var så gjennomført med lokale, musikk, bar, kakebord, tapasnattmatt, gåvebord og dansar - vi storkosa oss heile kvelden med masse kjekke folk! Vi stupte i seng i 3-tida; rundt 4-5 timar etter min vanlege sengetid - så det tok fleire dagar å komme over festen! :)
Kjekkaste forlovaren som ser unormalt ung ut på dette uklare biletet!
Alt i august skal vi i nytt bryllup - heldigvis - bryllup er GØY!

mandag 15. juni 2015

Dragevind

Skuffelsen var stor i går da det var sol og glimt av blå himmel, men samtidig masse iskald vind! Men heldigvis var det ein smarting som kom på dragene som vi har liggande ubrukte i kjellaren!

Det viste seg at Oslo (området øverst i hagen vår som storebror døypte til Oslo da han var 2,5 år) er ein ypperleg stad til drageflyging!
Bilerdrage som storebror fikk i 7-årsgåve frå ein skulekamerat
Kanskje har dragane blitt betre enn de var da eg og mannen leika med drager seint på 80-talet; ikkje veit eg; men vi fikk det jo til! Det var kjempegøy! Ungane klarte det også! Knall!
Fly og fly avsted!
Det var litt av og på med vinden, men når den tok tak flaug dragane kjempefint på luftstraumane!
Kræsjlanding i rododendronbuska som ikkje har blomstra ENDA! 
Ungane fikk nok etter ein halvtimes tid. De begynte å leike noko anna medan eg og mannen leika med draga heilt fram til lunch. Det var utruleg gøy!
Høgt høgt oppe!
Desse tar vi med oss til Danmark i sommar, der blåser det vel også!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...