mandag 31. august 2015

Viggohytten og Gravdalsfjellet

I går tok vi oss ein skikkelig søndagstur i varierande vær. Vi hadde med oss tanta til mannen som er lokalkjent i eit område der vi aldri har vore før.
Vi gjekk frå Fyllingsdalen og opp innom Laksevåghytten der vi var heldige å finne nysteikte vaflar og ei varm stue for litt regnvåte ungar. Vi var litt usikre på været den første delen av turen, men det skein snart opp - og stort sett var det fint vær! Da vi hadde komt opp på branntomta der Viggohytten ein gong stod var det blå himmel og sol! Fantastisk utsikt frå dette punktet, både over Fyllingsdalen, Laksevåg og rett vest over Sotra og mot havet. Ein litt ny vinkel for oss!
Vi hadde pakka med oss god lunchmat i sekken. Her ligger lillesøster og kviler medan vi venter på mannen og storebror. Desse to turungane våre blir sure når de ikkje går først, og med to så er stort sett den eine sur. Vi klarer å trikse det til innimellom, å få humøret opp igjen, men dette er årets mønster. Dessverre!
Ved branntomta åt vi medbrakt tomatsuppe, brødskiver og blåbær som mannen hadde plukka på veg opp. Sola steika medan vi var her, og det var veldig varmt og fint! Vidare gjekk turen opp til Gravdalsfjellet (351 moh). Da skulle storebror gå først, men etter litt sutring kom humøret til lillesøster seg, og vi to danna baktropp på veg opp.
Også der oppe var utsikta upåklagleg! Vi gjekk ein god runde ned forbi Damsgårdsfjellet og ned til bilen. GPS'en min rota, så eg fikk ikkje korrekt lengde, men det var ein 3-timerstur, så eg trur vi gjekk 5-6 km. På veg ned frå fjellet gjekk eg, lillesøster og tante Vegvisar først, og mannen og storebror plukka blåbær til den store gullmedalje!
Vel heime fann vi fram ei muffinsoppskrift. Storebror har snakka om at han vil lage muffins aleine, med meg på kjøkkenet, men aleine. Så han las oppskrift og fant fram det han trengte. Målte opp og stod i! Lillesøster fikk røre litt, og ha i ei teskei med bakepulver :) Vi pimpa de litt opp med nyplukka blåbær. Etterpå rydda de opp også kunne vi nyte deilige blåbærmuffins i sofaen med Doctor McStuffins på film.
Og slik går ein heil dag! Denne veka er det meldt fint vær, så eg håpar vi får oss i alle fall ein fjelltur til! I dag er det foreldremøte på skulen, så begge ungane skal vere med venner heim frå barnehage og skule. Det betyr at eg og mannen spiser italiensk til middag ein stad der vi ikkje trenger å verken lage maten eller rydde opp etterpå. Måndagsluksus!

søndag 30. august 2015

Alexandra hotell

Dette er det siste sommarferie 2015-innlegget, for eit døgn i luksus på Alexandra Hotell i Loen var det siste vi gjorde!
Både eg og mannen har minner frå dette hotellet som barn, men mellom da og no har de pussa det opp ein heil del, og (viktigst av alt) fått eit heilt badeanlegg!
No verka det bassenget som var inne da vi var der på 90-talet mørkt og kjedelig! Men alt er jo relativt; for det var det bassenget som gjorde opplevelsen da så bra da! Men framleis er det bassengene som gjør at ungane våre storkosa seg - og hotellet står litt ut frå de andre hotellopplevelsane vi har hatt.
Storebror samanlikna det litt med Pers Hotell der de har badelandet Tropicana. Der var vi i påska, og det var også kjempeflott! Forskjellen er kanskje at på Alexandra er bading ein del av pakka, medan vi på Pers måtte betale oss inn på bading i tillegg til hotell. Men den detaljen får jo sjølvsagt ikkje ungane med seg.
Vi kom dit ganske tidleg, og var heldige å få rommet vårt med ein gong. Vi bada i to timar før vi år medbrakt mat på deilige solsenger i strålande sol og masse varme! Heilt fantastisk! Ingenting negativt om Gol, men utsikta rundt Alexandra slår Pers ein lang marsj!
"Dette er jo like bra som Mallorca?" sa eg til storebror. "Ja" sa han. Og Mallorca er himmelen for han, så dette er gode greier! Etter mat bada vi i to timar til før vi dusja (enda meir vatn ;)) og gjorde oss klare til middagsbuffet. Og hjelpes! Vi åt i halvanna time - så masse god mat! Slik såg dessertfatet mitt ut:
Storebror åt så masse at han var heilt kvalm og slapp etterpå! Det var heilt fint sidan vi gjekk rett i seng. Etter frukostbuffet (enda meir mat - mmmm!) bada vi i nye to timar før vi tørka opp i bilen i timesvis heim til Bergen. Hadde det ikkje  vore for at slike opphold er veldig dyre, hadde vi gjort det oftare! Men på ei anna side; når det er innimellom er det ekstra stas, og blir nytt i alle retningar! Det var i alle fall ein perfekt avslutning på ein deilig sommarferie!

lørdag 29. august 2015

Utviksfjellet

Sidan vi reiste nesten direkte på ferietur til Danmark i sommar, kun få dagar etter at vi hadde satt på fråværsmelding på mailen og tatt med oss ekstraklær heim frå barnehage og skule, var det framleis mange dagar igjen av ferien vår når vi kom heim etter 15 dagar vekke.
Så vi vaska klær, og pakka bilen på nytt for å låne mamma og pappa si hytte på Utviksfjellet nokre dagar medan de var på austlandet. Været var meldt ok - så det var ingenting å stusse på! Ut på tur igjen!
Vi var her ei lita veke i fjor sommar også, les om det her. Da var det jo så varmt, og vi var i elva og bada kvar dag! I år hadde det vore litt meir regn, men vi tok oss nokre turar ned til elva og såg at den var ein del større en i fjor. Utanom lillesøster som fikk seg eit ufrivillig bad, holdt vi oss på land denne gongen. Men vatn er alltid gøy!
Vi var der i fire netter, og var heldige med varme og opplett kvar dag! Vi var masse ute, også såg vi film saman kvar dag. Berre det er jo stas! Ingenting å vaske, ingen rom å pusse opp!
Tre av oss gjekk tur opp til ei av de øverste hyttene for å sjekke ut utsikta, og sjå om det var modne multer eller blåbær lengre oppe. Ingen bær, men nydelig utsikt!
Vi gjorde litt yoga der oppe, eg og lillesøster. Så søt! Ho kaller det for "trening" også seier ho at det er viktig å trene for babyene sine. Kva no enn det betyr :) Her kjem eit lite bilderas frå dagane på fjellet utan andre folk nokon stader :)
Yoga
Teikne
Etter at ungane har sovna-spel og vin
Hårvask i elva - iskaldt!



Takk for lånet!

fredag 28. august 2015

Bær!

Norske blåbær altså! Eller bær generelt! Vi er liksom på siste side føler eg, så det er om å gjøre å NYTE bærmengden som er i hagen, i skogen og på butikken! For det har ikkje vore mengder av alt i år! Likevel snopar vi det vi framleis kan finne av raud- og kvitrips i hagen. Nokre blåbær som har modnast litt seinare enn de andre i den lille blåbærhagen vår. Bringebærbuskene våre har omsider modnast, og sjølv om de ikkje er store som i butikken, er det framleis veldig gode! Store stikkelsbær ferdig plukka og levert i boks av ein kollega.
Blåbær og havregryn! Perfekt kveldsmat!
I dag såg eg at de har fått boksar med norsk skogsblåbær i butikken (i kjøledisken ved frukt og grønt - løp og kjøp!). De store amerikanske blåbærene er gode no de også! Køyr på! Bær er godt! Og fryktelig sunt!

I dag har eg kjøpt inn spinat for å lage Monsterpannekaker igjen! Ungane har spurt etter de fleire gongar denne veka, så de kjem til å bli veldig glade når eg drar opp spinatposen. Det er jo også sunt; og da kan ein spise masse! (kjenner eg er middagssulten ;))

torsdag 27. august 2015

Platning?

Med direkte utgang frå kjøkkenet har vi eit område som vi brukar mykje, men som nok kunne ha vore utnytta betre. Mannen har lenge hatt lyst på platning her, og da de nye naboane i tomannsboligen vår bygde platning på sin del vart lysta enda større.
Her bak er det ettermiddag - og kveldssol. Vi har noko møbler her, men sitter like gjerne i trappa. Da naboane bygde platning i juli bygde de også ein vegg mellom oss, oppå den stygge muren som de tidlegare naboane satte opp for å holde hundane på sin side av eigendommen.
Vi har snakka om at vi ville ha ein vegg der vi også, for å få litt meir privatliv der. No tok naboane seg av jobben og utgiftene, og vi synas det er heilt topp! Biletet over er tatt dagen før de begynte å bygge vegg. Når de har platning er det eit stykke over bakken enn oss, så det vart ein rar høgdeforskjell! 
No som vi har eit eige privat område er det plutselig kjekkare å gjøre noko utav det. Det har jo for så vidt alltid vore privat, men no er det blitt litt ekstra kosleg med vegg - lunare på ein måte. På den andre sida vart vi veldig lukka nedi her, når vi mista utsikta over nabotomta og bortover i nabolaget. Litt mindre luftig, noko som både er fint og litt ikkje fint.
Vi har ikkje kjøpt nye møbler til området her bak enda, de møblane vi har er gode nok - og det er ikkje mykje plass her. Det blir større når vi bygger platning, og da ønskjer vi å ha ein sofa her. Vi fikk ei prisantydning av han som bygde hos naboen, men kom fram til at vi (les : mannen) heller vil bygge sjølve. No ser det ikkje ut som om det blir i år, men det går heilt fint.
Småting som puter, tepper, levande lys og duk gjør området meir innbydande - medan vi venter på at det skal bli platning her kanskje ein gong. Her spiser lillesøster brokkolipannekaker til kveldsmat i sola.
Storebror sitter helst inne. Han liker ikkje når det er litt kaldt, eller når det er litt varmt.
Her er veggen. Ingen kan sjå at eg drikker vin midt i veka - moahahaha! Med hotelltøfler på :) Og utvaska joggebukse - EG ER HEIME!
Vi bur jo midt i ein bakke, så dette er utsikta oppover. Vi sitter liksom nede i ei grop. Men det er greit det! Naboane skal kutte av trærne som blokkerer kveldssola vår - vi kan jo aldri få nok sol!
Også er det jo så fint når eg er ferdig med joggeturen min, å berre springe bak huset og strekke godt og lenge ut på utendørsteppet mitt utan at eg må "smaltalk'e" med naboane - svett og fæl! Sånn i og rundt vårt eige hus er det fint å kunne vere heilt i fred. Heilt i fred blir det ikkje i tomannsbolig, men når vi har fått dette bakområdet avlukka på denne måten blir den meir privat og kan brukas til andre ting - fleire ting i fleire tilstander - enn før. Platningen blir bra når den kjem, i mellomtida bruker vi området mist like masse som vi kjem til å gjøre når det er nytt!

onsdag 26. august 2015

Stor!

I går vart eg møtt av ein veldig glad og stolt gut på sfo som iløpet av dagen hadde mista den første framtanna si! Denne har vore laus sidan før sommaren, og de siste vekene veldig laus. Den hadde blitt dunka ut når de hadde leikesloss, og i følge kameraten hadde storebror spytta tanna ut, men blod og alt. Men hovedpersonen sa at det ikkje hadde gjort vond, han var berre SÅ STOLT!

Etter middag vart det feira med dessert sidan eg hadde vore så heldig at eg hadde fått stikkelsbær og stikkelsbærgraut av ein kollaga på jobb; mmmm!!
Etter middag gjekk storebror på besøk til ein kamerat som har flytta i nærleiken av oss. Denne sommaren har han begynt å få lov å gå til de som bur heilt nære, og i går var første gong han gjekk utan at vi stod heime og passa på. Det gjekk sjølvsagt kjempefint! Lillesøster ville også på besøk (de blir heilt umulige når ein går på besøk/får besøk og ikkje den andre), så da hadde vi plutselig to timar utan barn! Mannen reiste å handla mat, medan eg jogga meg ei runde. Finfint!
Storebror kom heim klokka 19 som avtalt, og alt var berre fryd og gammen! I babyboka såg vi at den tanna han mista i går, som er den tredje ut, også var den tredje tanna som kom, våren 2009 :) I natt har tannfeen vore på besøk og la 10 kr i glasset med vatn! Det er så kjekt å bli så stor at ein tjener penger på eigen hand ( ;) ) og får komme og gå (litt) som ein vil!

tirsdag 25. august 2015

Barndomsmagi

Følgande samtale fant stad på kjøkkenet sist veke.

Storebror: "Eg vil tilbake til Dyreparken! For eg må gå på Sabeltann sin sjørøverskule igjen for å finne enda ein gullmynt. Når eg har to skal eg kjøpe meg ein bil."
Her må eg skyte inn at dette har han snakka om masse i sommar. Så masse at følgande svar berre måtte komme.

Meg: "Vi har ikkje nokre planer om å reise tilbake til Dyreparken med det samme. Men du veit - den gullmynten du fikk var jo av stål. Den ser heilt ekte ut, men den er ikkje det. Eg trur ikkje Kaptein Sabeltann deler ut ekte gullmynter til alle som vil ha."

Storebror blir heilt stille og ser heilt intenst på meg. Så seier han, litt kaldt og faktisk litt ekkelt:

"Tuller du?"

Eg svarer "Nei, eg gjør dessverre ikkje det."

Han blir stille ei stund til før han går ut. Eg spør mannen om det var heilt feil å fortelje han det - å drepe illusjonen om at han har ein ekte gullmynt. Mannen meinte det var på HØG tid, og at om ikkje eg hadde sagt det hadde nokon i klassen sagt det. Slik de seier at Spidermann ikkje finnes, noko storebror meiner heilt klart at han gjør. De har jo rett, eg har berre så problemer med å stjele magien han omgir seg med. Eg redder meg ved at eg gjør Spiderman-samtalen om til ein diskusjon rundt å tru framfor å vite. At sjølv om ein ikkje har sett Spiderman, påskeharen og nissen; betyr ikkje det at de ikkje finnes. Det samme gjelder religion; og puff så har samtalen gått over til Gud og Jesus (som han også trur på).


Uansett -


enden på visa var at han for nokre dagar sidan tok initiativet til å leggje ting han ikkje lenger leiker med i ein boks slik at han kunne selgje det eller gje det vekk. Og der havna gullmynten frå Sabeltann sin sjørøverskule.

Mannen: "Men skal du gje vekk gullmynten da?"
Storebror: "Ja, dere sa jo at den ikke var ekte"
Mannen: "Nei, men den er eit minne da! Og det kan vel vere kjekt å ha?"
Storebror:"Vi har framleis lillesøster sin."

Også gav han den vekk til ein kamerat som har flytta i nytt hus - som innflytningsgåve. Saman med alt det andre som låg i boksen.

Reaksjonen på drap av barndomsmagi gjorde i alle fall ikkje til at eg med deg første kjem til å fortelje han at verken Spiderman, påskeharen eller julenissen ikkje eksisterer på ekte. Han trur så inderlig på det. Også blir han så kald realist når magien forsvinner. Huff!

mandag 24. august 2015

Det søte liv

Etter at eg hadde lest den djupe tragiske historia om Mao sin regjeringstid i Kina, trengte eg noko anna. Noko lett og halvtomt!

Da var det tid for Siri Østli si bok "Det søte liv". Ho er krona som "feelgood-dronning" så her skulle eg vere i trygge hender.
Det var eg også. Tidevis ganske morsom, og har fleire kostlege scener som fikk meg til å smile - særleg når Sons of Satan (SOS) blir missforstått til å vere nokon frå kommunen. SOS ikkje sant? Hahahaha :D Artig sak. Akkurat passe lang. Og meir er det ikkje å seie :)

lørdag 22. august 2015

Aalborg

Vi fortsetter med siste stopp i Danmark før vi reiste heim igjen i sommar. Tidlegare var vi i Legoland, og i sommarhus ved Flovt Strand.

Vi brukte ein heil dag på å reise til Aalborg sidan vi var innom Himmelbjerget på veg nordover. Mellom anna. Vi hadde ein heil dag i Aalborg og den valgte vi å tilbringe i Aalborg Zoo!
Dette er ein ganske liten by-dyrehage som var heilt perfekt å tilbringe førmiddagen i! Vi kunne gå dit frå hotellet vi sov på, og vi vandra rundt i den i 5 timar og da hadde vi sett alt som var der. Akkurat nok!
De hadde like mange flotte dyr som i Kristiansand (opplevdes i alle fall som det), men utan alt det andre.
Vi var heldige med været, og her var det mykje mindre vind enn vi hadde hatt de to første vekene.
Det var så gøy å sjå tiger! De sov når vi var i dyreparken i Kristiansand i fjor, og her fikk vi sjå masse på to, og i tillegg var det ein tigerunge der som var veldig livlig! Han leika med mammaen sin, det var veldig gøy å sjå på!
Dette er også første gongen ungane såg isbjørn. Eg har ikkje sett isbjørn sidan Central Park Zoo i 2001; det er fantastisk flotte dyr!
Mannen er smitta av pilotbrillefeberen, med speilglass som eg jo veit å sette pris på. Titt-titt!
Denne bavianen var eit syn! Vi stod å såg på hans harem av damer og enorme mengder babyer lenge! Han var særleg keen på den eine av damene som berre slo han vekk igjen og igjen. Hahaha, det er gøy når det er litt action! Ungane våre synas det var mest stas med bavianungane som var overalt heile tida!
Vi spaserte nedover til hotellet vårt igjen når det nærma seg middagstid, for der hadde vi køyrt forbi denne resturanten - oh mother of all that is good and pure! friends-resturant er eit must-eat når underteiknande er stor friends-fan og kan (nesten) alle replikkane utanatt!
Vi var sultne når vi kom fram, og det var bra - for rettane var enorme! De hadde ikkje barnemeny, så ungane bestilte kvar sin lasagne som de åt alt av! Storebror sa det var den beste lasagnen han nokon sinne hadde smakt; de hadde ikkje spart på osten for å seie det slik :) Alle rettane var kalt opp etter friendskarakterar, mannen åt Richards steak med whiskeymarinade; han snakkar om den framleis :) Ungane fikk også ein stor jordbærmilkshake på deling - mmmm :) Eit måltid vi kjem til å hugse og snakke om lenge! Dette er vist ei kjede, så snublar du over ein av desse bør du kjenne din besøkelsestid!
Vi hadde to netter på det flotte hotellet midt i byn! Ungane sovna seint til tross for forsøk til vanleg tid! Bilete av snap over. Den første kvelden låg vi med lyset av til klokka var 22 før ungane hadde sovna og vi kunne slå på lyset og lese litt. Etter Aalborg reiste til nord igjen slik at vi var på plass når båten tok oss ombord på kvelden. Takk for oss Danmark!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...