mandag 30. november 2015

Nøtter

Lillesøster kaller alt av stein/frø som ein finner inni frukter for nøtter. Ho er så søt når ho seier det, så vi har ikkje retta på ho enda. Dette er klementinnøtter, tatt vare på i pappa sin sølvskei - klare til å plantast ute slik at vi kan dyrke fram eigne klementiner i hagen. Vi har heller ikkje fortalt ho at det er for kaldt i Bergen for det.

søndag 29. november 2015

Søndag


I dag skulle vi eigentlig vere med på fakkeltog på Løvstakken, men med dette forferdelige været held vi oss heime! Det vil seie, lillesøster skal på kinobursdag midt på dagen, og da forsvinner liksom morgonen før og kvelden etter ekstra fort. Eg håper eg får meg ein tur på spinning medan ho flottar seg med popcorn og Bien Maya-filmen.

Det er første søndag i advent, og det er så stemningsfylt med lys i alle hus! Vi har høyrt på julemusikk heile helga - mmm! Kanskje vi baker nokon julekaker i dag også? Vi får sjå!


God søndag!

Ps. Sjå den fine teikninga lillesøster laga til bursdagsvennen sin! Lillesøster med langt hår til høgre :)

lørdag 28. november 2015

Vaffelsandwich

Nettet er ei stor kjelde til informasjon og inspirasjon, og vår nye kveldsmatfavoritt kjem frå eit tips eg såg ein stad. Her bør eg kanskje kreditere, men hjulet er sikkert oppfunnet av fleire - og uansett - her tipsast det vidare!
For oss som ikkje har toasterjern fungerer altså vaffeljernet på samme måte. Alle kan mekke sin eigen blings, også steiker vi det i vaffeljernet til osten er smelta og brødet er sprøtt! Mmmm!
No vart dette så populært at etter tre dager var jernet vårt ganske så skittent, og alle veit jo kor vanskelig det er å reingjøre alle kriker og kroker i eit humpete vaffeljern! Eg lagde vaskevaffel, og pakka vekk jernet. Neste dag gjekk eg innom Jernia og kjøpte eit toastjern. Ikkje like fint mønster på skiva, men akkurat like godt. Og enklare å reingjøre. Det er LURT å lage sandwich i vaffeljern, men ikkje om ungane plutseleg skal lage det kvar kveld. Da er det best med skikkelig skreddersydd utstyr ;)

fredag 27. november 2015

Julestemning på festningen

På onsdag tok vi turen til byn (høyres ut som om det er kjempelangt, men det er ikkje det - berre uvanleg at vi gidder å gjøre det midt i veka ;)) for å vere med på konsert og julelystenning på Bergenhus Festning.

Håkonshallen er heile 750 år gammal - og det er jo særleg når ein er her at vi hugsar på kor gammal Bergen er! Det er Kong Håkon Håkonsson som fikk det bygga, både som kongebustad og som festsal.
Inne i sjølve festsalen vart faktisk Noreg sitt første samlande lovverk til - og der stod det sjølvsagt at Bergen var hovedstad! På denne historiske grunnen hadde de på onsdag invitert alle på konsert med nydlege julesongar, god stemning og - ja - tak over hovudet! Etterpå gjekk vi ut for å sjå når de tente lysa på julegrana. Til levande musikk gjekk vi rundt treet, fleire ringar (fantastisk gøy!) og sang julesongar. "Nå går vi rundt om ein enebærbusk" er jo ein uslåeleg klassiker; latteren sto mellom murane! Til og med storebror, som i slike settingar kan bli ein observerer framfor ein deltakar, heiv seg med og sang av full hals!
Etterpå ropte vi på festningsnissen, og han kom og delte ut små snopeposar til alle ungane. Kjempestas, og for eit fint og passe langt arrangement! Julestemninga kom umiddelbart, så no har vi snakka om og gleda oss til å pynte til advent i helga i tre dagar!

torsdag 26. november 2015

Meg-dag

I dag avspaserer eg litt på impuls. Det er rolege dagar på kontoret denne veka, så det var tid til å ta ein "personal day" som de seier i junaiten. Det har eg faktisk ikkje gjort i heile haust! Hovedsakleg skal eg på spinning på sats kl.9:30, og etterpå skal eg heim og brette klær. Resten av tida? Lese, sjå TV. Vere i fred. Nice.
Kanskje til og med lage meg ein deilig lunch? Dette var kveldsmaten vår på søndag :)

onsdag 25. november 2015

Førjulsaktivitet

Vi teller ned dagar til første advensthelg! I mellomtida bruker vi ein onsdags ettermiddag i historiske Håkonshallen der vi skal på konsert før de skal tenne julegrana.
Ved Lille Lungårdsvann stod denne flotte skulpturen bygd i tre sist veke. Eg trur den er vekke no, men den var så flott i mørket da eg var på veg til bussen etter ein kveld med venner. Sjå også lysa til Fløybanen til venstre. Bergen ny night rett og slett. Og slik ser det nok ut når vi køyrer til byn halv seks også :) Tidleg mørkt!

tirsdag 24. november 2015

KODE, kultur og kvardag

I dag bruker eg halve arbeidsdagen til å vandre i Sükran Moral sin utstilling på KODE; My Pain MY Rebillion. Les meir om utstillinga på KODE sine heimesider. Eg trur ingen går uberørt ut av dørene når vi skal "heim og fortsette livet" - slike inntrykk er ikkje gode og snille, men viktige. I større byar kan vi vere kulturkonsumentar på ein fri måte, vi kan sjølv velgje kva vi vil ha - klassikere, noko nytt, noko som er samla ihop i løpet av ei veke, noko som er innøvd gjennom fleire lange økter iløpet av eit heilt år, noko som river i det vi trur, noko som bekrefter det vi trur. Mengden kulturtilbod er enorm! Det er luksus! Ikkje meir eller mindre. Og i den samanheng veit vi å sette pris på den nye byråden som trekkjer tilbake kutt i kulturbudsjettet, og på ein eller anna måte klart å AUKE til enkelte som trenger det. JA! Det hjelper å stemme når det er valg!
Over til noko anna - i ettermiddag er det nok ein runde med fritidsaktiviteter; fotball og speider. Speiderleiaren lagde trolldeig til ein heil bataljon i går, så eg trur det blir ein viss overtalelsesjobb å få med lillesøster i motsatt retning enn speidaren - trolldeig er gøy! Ho liker fotball også, men om ho hadde fått valget hadde ho nok begynt på speidaren ho også. Slik er det nok å vere minst.

mandag 23. november 2015

Søndagslunch på bål

Rett etter frukost i går pakka vi sekken for å komme oss til skogs medan det framleis var sol. Det er ikkje det at vi bur langt nord eller noko, men det blir fort mørkt for tida!
Vi ville prøve oss på pinnebrød, og fann oppskrift på klikk.no.  Der var det også tipsa om korleis ein varierte litt, så eg delte deigen i to - halve med soltørka tomater og krydderurter, og halve som den var med tilhøyrande sukker og kanel som vi kunne strø deigen med. Mmmm! Ut på tur!
Vi hadde hatt melderunde på laurdagskvelden og måtte innom nesten alle vi kjenner med barn i nabolager før vi traff nokon som ikkje hadde omgangssjuke. Huff altså!
Utsikt mot Lyderhorn frå Alvøskogen. Vi gjekk frå Alvøen Idrettsplass til Gullaksdalen.
Vel framme var vi glade for at bålstaden ligger slik at sola steika inn dit, for sjølv om det var minusgrader i lufta varma sola godt! Etter masse fram og tilbake (hahaha!) klarte vi å tenne bål - og spikke nok pinner til at vi kunne begynne å grille lunch! Jentene lot pølsene så vidt gli over flammane før de var ferdige og kunne spisast - medan vi over 7 år hadde litt meir tolmod!
Ingenting er som å sitte i vintersol og grille pølser med pinnebrød og berre ha veldig god tid! Oppskrifta er til å anbefale, oljete og søt- mmmm! Dessertversjonen med sukker og kanel var også veldig god!!
Det er ikkje måte på kva vi pakkar med oss på tur, men vi trengte nesten alt! Etterkvart kom det så masse folk at vi følte at vi måtte pakke saman og gå slik at andre kunne nyte bålet og den finaste staden i Gullaksdalen! Enkelte søndagar er det som om det er folkevandringar i skog og på fjell, og særleg slike flotte dagar som i går!
På vegen heim fikk lillsøster nok, så det var ein del sutring. Litt for varm i dressen sin, litt for tung med vintersko på og eg veit ikkje kva. Det var godt å komme heim, smelle på ei lydbok og legge oss i sofaen med teppe på og slappe av. Resten av søndagen gjekk med til rolege heimeaktiviteter utanom storebror som fikk besøk og herja vidare. Vi har sove godt i natt alle saman! :)
Istappjakt! 

søndag 22. november 2015

To ganger S!


I dag er det to ganger S: Søndag og sol! Hurra! Det er iskaldt ( i alle fall synas vi det), men vi skal kle godt på oss og gå oss ein tur. Det er ikkje så kjekt med de store fjellturane når det er kaldt og glatt, men det er mange skogar vi kan gå i, så det blir nok det. Kanskje blir det bål også?

Ungane er med å bestemme i dag. Bra blir det nok uansett! Søndag og sol? To av mine favorittar!

lørdag 21. november 2015

Lister

Eg er ein racer med lister, og det ser ut som om storebror har arva den interessen. Etter at eg var på konferanse på sas-hotellet på Bryggen sist veke hadde eg med meg nokon skriveark heim til ungane. Storebror har snart skrive ut heile blokka med ulike lister.
Liste over bamsane sine. Julegåveønskeliste. Liste over vennane sine. Og ei kort, påbegynt liste over vitser. "Vet du vorfor svenskene" er eit flott utgangspunkt! :D

fredag 20. november 2015

Leikebursdag og teater

I ettermiddag skal lillesøster på sin første bursdagsfest på Leos Leikeland! Storebror har vore på noko av de, og no er det altså endelig hennes tur! Ho har vore heime nokon dagar med omgangssjuka, så det er nok av energi som trenger utløp i dag!
Bursdagsjenta til venstre, lillesøster til høgre.
I går fann vi fram ei gåve frå gåveeksa vi har i kjellaren, og valget falt på ein Doctor McStuffins kunstkoffert. "Det går fint, ho har sagt til meg at hon elskar Doctor McStuffins, Hello Kitty og Anna og Elsa!" Haha, her trur eg ho forveksla bursdagsbarnet med seg sjølv, men det går vel igjen ho mange :)
Venninna er 1.klassing, men lillesøster er ein sosial unge som har null problemer med å i utgangspunktet ikkje kjenne nokon andre enn bursdagsbarnet. Og er det ein arena der unger blir fort kjent, så er det vel ein stad der de kan leike!
Medan den yngste jenta flotter seg på leikeland står den eldste jenta i huset imot ønsket om å ligge på sofaen som eit slakt heile kvelden, og pynter seg for å ha ein liten kveld på byen med venninner. Ei av venninnene mine har flytta til Tromsø, men er i byn denne veka, og i kveld skal den gamle "trioen" møtast for student spesial: Teatergarasjenforestilling og påfølgande vin. Ikkje heilt humaniorastudenter, ikkje heilt kulturkjerringer, men ein stad midt i mellom. Det blir i alle fall ein kveld med påfyll på så mange vis!

torsdag 19. november 2015

Ups?

Lillesøster har ein lei fasinasjon av å klippe i eigne klær. Ho nekta hardnakka kvar gong, men hjelpes - det lyser klipping lang veg!!
I barnehagen er de så triste kvar gong "De satt og klipte i papir, så snudde eg meg vekk; og plutselig hadde ho klipt i buksa si." Her kjem lillesøster inn med ein "Nei, det gjorde jeg ikke!" Men det skjer heime også. Ho er ganske rask med å seie at "mamma syr det igjen" og det gjør eg jo ( i helga sydde ho sjølv da ho hadde klipt i ein ullstilongs), men når det er klipt mellom 15 og 20 cm så blir det jo ikkje så veldig fint. Kombinert med den fråværande egenskapen som heiter perfeksjonist. Her er det meir "la-oss-snurpe-det-saman" det går i. Heldigvis bryr ho seg ikkje om at buksene (det er alltid de!) er sydd i. Så lang har vi kun kasta to bukser på grunn av uopprettleg skade. Men det blir heilt greit når ho slutter med det!

Eg kunne jo ha lært ho ei lekse ved å kaste det som blir klipt i. Men hell i uhell så meiner eg at vi lærer ho å ta vare på det vi har ved å reparere på det som kan reparerast. Sjølv om ho står for ødeleggelsen sjølv. Aldri så ille at det ikkje er godt for noko. Og når eg skal sy, så tar det berre eit minutt. Stygt og effektivt! :)

onsdag 18. november 2015

Gøy dag!

I dag bytter eg ut kontordagen min med (nok eit) seminar! Eg kjenner de som har laga klart seminaret, og gler meg skikkelig til å sjå kva de har jobba med så lenge! Seminar er alltid gøy, eg melder meg på alt eg får lov til! Berre det å vere ein annan stad enn kontoret er stas. No har det vore mykje "stas" i det siste, så ein reinspikka kontordag er på sin plass; men den tar vi i morgon!
Kreativ arbeidsplass både på jobb og heime :)
I dag har storebror med seg ein kamerat heim. Storebror utnytter kameratbesøk til å få spele nintendo utanfor avtalt tid, så vi er forberedte til å måtte seie "nei" ein del gongar, og kanskje rett og slett komme opp med nokre alternative aktiviteter. De er så glade i dataspel, og eg ser at det er nettopp det de vil gjøre saman, også når de er på besøk. Litt er ok, men vi er litt usikre på mengden. Vegen blir til mens vi går.

tirsdag 17. november 2015

Tysdag


Solnedgang frå fotballbana for to veker sidan. No er det heilt mørkt når det er trening!
I dag er det store aktivitetsdagen vår så akkurat no er eg så glad for at øs-pøs-regnværet som gjorde meg kliss våt iløpet av to sekunder i dag tidleg har gitt seg! Lillesøster skal på fotballtrening ute og storebror skal på lommelykttur i skogen etter middag i dag - og det er alltid fint at det ikkje regner! Etter den superhektiske måndagen vi hadde i går med etterdønningar frå uhellsdagen fredag den trettende trenger vi ein enklare dag i dag :) Med opplett; rett og slett. Tysdag og kvardag.

lørdag 14. november 2015

Speiderleir light


I dag er mannen og storebror på speiderleir! Storebror er for liten til å vere med på overnatting, men i dag skal de små få komme og besøke de store som er på leir. De skal tenne bål, lage skattekister til lunch og lære om knutar. Skikkelig speiderdag!

Eg og lillesøster har heimedag. Bilen er vekke, og vi har eigentlig ingen planer. Vi får sjå kva dagen bringer. I mellomtida har vi eit hus og rydde, klær å vaske og middag som skal stå på bordet når gutane kjem heim ;)

fredag 13. november 2015

Fredag!


Det er fredag alt! Denne veka har susa av stad! Helg er alltid velkommen!

Den siste veka har eg også fått bestilt julekort, og ein del julegåver; så eg er nesten i mål! I alle fall med de som eg har ansvar for! Og det er fint! No kan desember som smått nærme seg, og eg trur at vi skal ha masse ledig tid til å kjenne etter og kose oss med det som står igjen. Skal nokon bli sjuke har vi tid til det også; ingen stress.

Dette skriver eg no, også får vi sjå om det stemmer om ein månad :)

God fredag!

torsdag 12. november 2015

"Schakkespare!"

I går kveld opplevde eg Shakespeare i Grieghallen, En Midtsommernattsdrøm i operaversjon. Forestillinga er ein del av Bergen Filharmoniske Orkester sitt 250 års jubileum. Ei stor og fantastisk forestilling! Hjelpes kor heldig vi er som bur i Bergen og har fri tilgong på kunst i denne ligaen!
Storebror arrangerer konserter heime også, med finfine billetter!
I dag er det anna kultur som står på agendaen. Eg er på konferanse i byn i dag og i morgon - Hordaland Fylkeskommune arrangerer kultur- og idrettskonferanse. Kulturpolitikk i dag og formidlingskunst i morgon. Eg gler meg til fagleg påfyll! Etterpå må eg skunde meg heim så eg rekker å hente storebror og levere han i piratbursdagsfest på kvelden! Hiv o' hoi!

onsdag 11. november 2015

Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilgrimsår

Haruki Murakami er ein av mine favorittforfattarar! Eg snubla over han ved ein tilfeldighet da eg rett før vi reiste jorda rundt i 2005/2006 stod i ein bokhandel i Bergen for å kjøpe de tjukkaste og billigaste bøkene de hadde. Da kjøpte eg "Trekkoppfuglen" og resten er historie.
Eg har lest nesten alt han har skrive, og elskar verdenen han skaper! Denne boka var heilt i Murakami-ånd; og eg storkoste meg med den - las den så sakte som mogleg slik at den skulle vare leeeeeengeeee!
God bok samen med kveldsmat ein haustkveld i november. Ja takk! :)

tirsdag 10. november 2015

So - we meet again...

Etter 9 månadar SATS-pause møtte eg opp tidsnok til å melde meg inn og ta årets første cyclingtime i går. No er hausten tatt over, det er regn og vind - og sjølv om det er 11-12 varmegrader fristar det ikkje å springe ut. Cycling er tipp-topp; og formen er god etter ein finfin joggesesong; så det var heilt smertefritt og fint å vere tilbake innanfor SATSdørene igjen. Dyrt som fy, men fint!
Da eg kom heim hadde mann og barn brukt tida på å rydde vekk Halloween. Vi var vekkreist i helga, så huset har vore pynta i over to veker. No ser det litt tomt ut. Men det er ikkje lenge før julepynten så smått kjem opp. Eg opnar for julemusikk i stua om ikkje så mange vekene. Det gledast!
På tide å svinge støvkosten?
Veka er i gang, det er tysdag, og vi har mange spanande planer. Nokon saman, nokon kvar for oss. I dag er det speider på storebror og fotball i uværet på lillesøster. Plutseleg er fritidsaktivitetane til ungane samla på ein dag; i alle fall fram til jul, og det kan jo vere ok.

mandag 9. november 2015

Fødselsbilete

Da lillebror var fødd sydde eg eit fødselsbilete med korssting der det står når han var fødd, kor lang og tung han var og når han krabba og når han gjekk for første gong. Eg meiner å hugse at eg venta med å fullføre verket til han faktisk hadde lært å gå; og eg er sikker på at det hang på veggen ganske så kort tid etter.

Så kom nummer to.
Eg var heldig å skaffe akkurat samme pakke, men denne gongen i rosa. Litt vart sydd, også har den ligget i skuffen sidan. Omsider tok mannen og fullførte den, med litt hjelp av lillesøster sjølv. Når ungen sjølv syr på sitt eige fødselsbilete VEIT du at det har ligge for lenge!
Tre og eit halvt år etter at ho gjekk for første gong er biletet ferdig. Dvs at det var ferdig for nokre månadar sidan, og no ligger det i ei skuff igjen i påvente av at eg skal stryke det og ramme det inn. Herlighet altså! At det går ann å bli så treig på enkelte ting!

Eg avslutter med litt Grytten-poesi:

12:46 | han går til bilen | vintergufs | blir
sitjande | burde han ikkje føle meir?
så treff det han i magen
3400 gram | 48 centimeter.

søndag 8. november 2015

Veslevoksen?

Ein morgon denne veka da vi var på veg ut dørene ser eg at storebror tar på seg regnjakke og tar med seg regnbukse og den tjukke vinterjakka i armane på veg ned i bilen.

Meg: Du trenger nok ikkje å ha med vinterjakka di. Det skal regne i heile dag. Det blir betre vær i morgon, du kan ta den med da.
Spiderman - den store helten!
Storebror: Eg tar den med i dag, da er det gjort. (Her er det nummeret før han seier "Det er godt med alt som er gjort" som ein gammal mann)

Av og til er han så reinspikka akkurat slik vi har oppdratt han at eg blir litt redd. Men så blir han dritsur fordi han er sistemann på badet; og da kjenner eg at vi har litt igjen :)

lørdag 7. november 2015

Drep ikke en sangfugl

Etter sommaren kom sjefen tilbake på jobb med stjerner i blikket og ein uvanleg interesse for å sette seg i bilen og køyre ein stad - for der kunne ho høyre vidare på Harper Lee si bok "Drep ikke en sangfugl". Dette er ein klassiker, og i min søken etter gode klassikere spurte eg om eg kunne låne den når ho var ferdig. Innimellom høyrer eg på lydbok på veg heim frå jobb, men bruker å velgje de som varer i 5-6 timer. Denne varte nesten i 12 timer!
For nokre veker sidan hadde eg høyrt den ut, og det er jo litt trist å tenkje på at eg i haust har vore over 12 timar i bilkø på veg heim frå jobb. Tida har vore vel anvendt da - med lydbok på! Det tok litt tid å komme inn i den, men rundt CD 3 begynte eg å glede meg til bilturar.

Det er skrive så masse om denne på nettet at det er ikkje noko poeng i at eg skrive om handlinga. Det er ei god bok med overraskande moderne språk. Menneskers natur er vel lik uansett om ein lever i dag eller for 100 år sidan, men tankesettet er heldigvis annleis hos de fleste. I alle fall de fleste eg kjenner. Ein god klassiker, verdt å bruke 12 timar på!

fredag 6. november 2015

Driving breakfast


I dag er det planleggingsdag i skule og barnehage, så vi har avspasert på jobb for å ta oss ei langhelg i Florø!

For å ikkje kaste vekk eit sekund av dagen står vi opp litt tidlegare enn vanleg på ein fridag og spiser frukost i bilen. Vi har små drikkeBiola, kaffe i reisekopp, kvar vår lille pose med brødskiver og god stemning! Denne veka har vi skifta til vinterdekk også, så om Romarheimsdalen ser ut som på biletet her (som forøvrig er tatt sist vinter) eller i det heile tatt med snø på vegen - er vi forberedt! Det er 13 grader og regn i Bergen, så eg tviler litt, men samtidig hadde det vore hyggeleg med snø! Vi er i alle fall klare. Når snøen kjem!

torsdag 5. november 2015

Bakte gresskarkjerner



Inni gresskar er det masse gresskarkjerner. Desse er gode i brød og i frukostblanding, men sidan de er ubehandla (døh!) har vi ikkje brukt de tidlegare. Sist veke var eg heime tre dagar og såg da sjølvsagt God Morgen Norge - og DER lærte eg kor lett det var å bake gresskarkjernene!

Inni gresskaret er de slik - hulter til bulter i noko seigt og klissete. Før ein bakar de må ein rense kjernene ut frå dette klisset. Vi skylte de også, men
det er sikkert ikkje naudsynt. Legg de utover eit steikebrett og bland i litt olje og salt. De skal så inn i ovnen på 230 grader. Og det var alt de fortalte på God Morgen Norge. Vi gjorde dette på kvelden, mellom Skal vi danse og leggetid - så slik vart det:
Først stod de i 10 minutter, men da var de framleis mjuke inni, og ganske så lyse på fargen. Vi satte de på i fem minutter til, og etter tre minutter lukta det brent og slik såg de ut! Brente og ødelagte! De som ikkje var brente smakte kjempegodt - så neste år: køyr på, men etter ti minutter må vi sjå på heile tida slik at vi kan ta de ut akkurat da de er blitt brune, men ikkje brente!


tirsdag 3. november 2015

Halloweenfeiring

Her kjem eit skikkelig bileteRAS frå Halloweenfeiringa vår i år!
Vi har markert Halloween med festivitas i ei årrekkje, så årets versjon bestod av favorittar frå tidlegare, og forsøk på nye tradisjonar! Storebror hadde besøk på laurdags formiddag da vi skulle skjære ut gresskaret. Ein gut fikk teikne augene (Spiderman-auger), ein fikk teikne munnen, og lillesøster teikna nasa så snart ho var ferdig med å sutre under kjøkkenbordet.
Vi bruker ein del av gresskaret i gresskarpaien, men mykje lar vi vere igjen - den ferdige lykta blir sterkare da. I år brukte eg ferdig paideig - det sparte meg for masse arbeid, men den var ikkje like god som den heimelaga. Oh well.
For første gong gjekk ungane Trick or Treat, eller Knask eller knep som de seier. Vi starta rundt 17:30 med våre to, ein kamerat av storebror og mammaen hans. Undervegs da vi var innom vennane sine hus kom de ut og vart med - så på eit tidlspunkt var vi 10 unger og 6 mammaer!
Eg hadde trudd at det kom til å bli lite fangst, men der tok eg feil! Rundt 40% av husa hadde lyset på og opna døra for ungane, og de fikk så masse snop! Mange hadde laga eigne posar med skummelt snop i! Nokon hus hadde pynta med skremmande lydar og spindelvev. Eit hus serverte til og med heimelaga edderkopper laga av oreos-kjeks og lakrissnører! Det var veldig mørkt da vi gjekk, og det blåste stiv kuling - så det var skikkelig skummel stemning - og ungane elska det!! Etter nesten halvanna time (det tok litt tid alle gongane vi tok med oss fleire folk) gjekk vi heim med fulle bøtter! Da var det blitt så seint at de kun åt litt før vi pakka vekk resten og tok kvelden; så våre to har snop til jul!
I år hadde eg kjøpt nokon ekstra pappeffekter på Tiger for slikk og ingenting. Dette kule kakefatet klarte vi faktisk å ta vare på, så no er det pakka ned og klart til gjenbruk i 2016!
Storebror har hatt baking på SFO i haust og hadde med seg oppskrifta på den deilige kanelkaka heim. Denne vart døypt om til storebrors Halloweenkake - og vart bakt søndags morgon før han reiste til bursdagsselskap på Akvariet.
Ein favoritt frå tidlegare er heksefingre. Enkelt og greit ferdigkjøpt kransekakedeig som vi klemmer ut til fingre og pynter med skolda mandler til negler. Superenkelt, ekkelt og nam nam!
Gresskarpai er ein anna favoritt! Den høyrer liksom med, det er ikkje alle som har smakt det tidlegare. I år skar eg den opp og satte den på fat, da vart den nesten spist opp. Det er stor forskjell frå tidlegare år da eg har lagt den ligge i paiforma, og få har smakt på den.
Vi hadde kun ein liten skål med desse kule skjelettkjærlighetane! De var superpoppis blandt ungane!
Her er de ferdige heksefingrane med "blod"! Navna på maten vi serverer er nesten halve morroa!
Stive rottehaler er nytt av året! Rett og slett saltstenger!
Kaffe i de fine koppane våre, og litt god sjokolade! Det er mykje for ungane, og det er godt å ha litt "normalt" også!
Her er storebror sin kanelkake - med glasur - på det stilige fatet i papp. Mmmm! Kjempegod kake!
Musehjerner er flott og populært! Heile fire posar med mikropopp vart spist! Eg hadde kjøpt inn bokser til høvet - kule!
Alle ungane hadde kledd seg ut, og sidan eg har eit kostyme kledde eg meg ut eg også! Sjølv om det ikkje er skummelt! I år hadde vi invitert tre nabofamilier. To vi kjenner godt, og ein som har barn i samme alder som storebror som vi ønskjer å bli betre kjent med. I alt var vi 8 voksne og 9 barn.
Nytt av året var også å delegere oppgåver! Desse muffinsane hadde den eine gjesten med seg. Å sleppe å lage ein ting er faktisk ein del arbeid spart. Særleg fint var det sidan eg framleis var ganske sjuk i helga.
Rottehakkpizza og mumier! Grandis og pølser med butterdeig er bra! Pølsene er gamle favoritter, og Grandiosa er ein ny! Så enkelt, så populært og så fine navn!
Her er den ferdige gresskarlykta som har lyst av og på fleire kvelder! Tidlegare har de rotna fort, men denne ser ut til å klare seg fint og får stå på pynt så lenge den klarer å holde formen sin!

Takk for i år Halloween! Du blir stadig betre! Ei heil helg med Halloween setter sine spor, vi var så slitne i går at det var ei mare å få ungane opp av senga! Neste år kan vi kanskje kombinere fest og snopetur?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...