torsdag 7. januar 2016

Jula 2015

Før det er altfor seint etter jula kjem eit aldri så lite bilderas som viser noko av det vi har brukt juleferien vår på!
Frå den eine tanta mi i Ålesund kom ein spanande førjulspakke med Kvikk Lunsj-huer til ungane, og fine trær til å henge på vinglass til oss. På lille julafta hang eg de opp på rosene - så fine! Legg også merke til marsipangrisen som står klar!
Vi spiser julegraut lille julafta, og i år var det lillesøster som fann hasselnøtta i grauten. Det vart hasselnøtt sidan mannen hadde spist opp mandlane; kremt! :) Nissehuene er eigentlig eggvarmere, men denne jula brukte vi det som bordpynt.
Nissen kom natt til julafta og det var masse gåver både i sokkane og under treet! På førmiddagen lagde vi mat og såg Tre nøtter til Askepott alle saman før vi gjekk i kyrkja. Pinnekjøttmiddag, riskrem til dessert, siste episode av Julekongen OG SÅ!!!! Gåveopning! Ungane fikk kvar sin gåve annankvar gong, så vi tok det ganske så roleg og tok fleire julekakepauser undervegs. Begge var i seng litt etter vanleg leggetid, men ikkje så masse.
Det var regn og masse vind på julafta, 1. og 2.juledag. Men søndag 27. desember var det kjempevær!
Det passa bra, for vi måtte ha oss ein tur ut. Vi gjekk opp på eit lite fjell vi har like ved, og nøyt solstrålande i fulle drag! Denne dagen vart vi til og med sultne før neste måltid, det var fint!
Saman med finværet kom kulden, og da kjem Puste inn. Ho liker seg godt under treet. Perlepynten fikk lillesøster i julegåve av ei av venninnene sine. Det fine teppet som ligger under treet og Puste er det svigerinna mi som har laga til oss!
I romjula tok vi båten til Florø for å besøke familie der. Det var nydleg soloppgong på vegen nordover, den kjem ikkje til sin rett på dette biletet i det heile tatt!
Det er luksus med båt! Vi får lese, og ungane får spele på nettbrett eller sjå film på leikerommet de har. Eller begge henge ved vindauget og sjå ut på bølgene.
I Florø var det varmt! Vi gjekk ein tur opp på Brandsøyåsen den eine dage vi var der, og da var det nesten 12 varmegrader! Det blåste kjempemasse, men det var så mildt og fint!


På toppen var vi berre lenge nok til å skrive oss i boka, så gjekk vi litt lenger ned for å finne ly der vi kunne spise lunch.
På nyttårsafta var det familiemiddag med pinnekjøtt og multekrem. Etterpå gjekk ungane nyttårsbukk og fikk med seg masse deilig snop tilbake! Med voksne i hus kunne eg og mannen ta turen til byn for å sjå Kjippen - eit karnevaltog som går igjennom byn akkurat ved midnatt. Det var så stemningsfylt og gøy - det er kjempelenge sidan vi har gjort det!
Etterpå brant de opp det gamle året, dvs alle plakater og byggverk som var blitt frakta igjennom gatene, og  i starta med nye, kvite ark! 2.januar tok vi båten heim igjen, og no var gradene på veg ned igjen! Denne veka har det vore minus 9 grader om morgonen hos oss, og det er KALDT! Frå 12 varme til 9 kalde på ei veke! Haha, frå ferie til jobb på ei veke også ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...