fredag 19. februar 2016

Influensa 2016-edition

Dette har vore ei tung veke og eg er glad for at den snart er over. Mellom anna har eg hatt den verste influensaen sidan eg hadde tropisk influensa for ganske nøyaktig 10 år sidan. 1/3 av alle senger på Haukeland har vire brukt at influensasjuke; og der burde kanskje eg også ha vore. Det vart ikkje betre da lillesøster vart sjuk ho også, natt til onsdag. Å vere så sjuk at berre det å sende ein sms betydde stigning i feber og utmattelse, også skulle ta seg av ein som var like sjuk - heilt forferdelig.

I dag er dagen da eg normalt sett hadde gått på jobb. Den dagen ein går på jobb for tidleg, før ein eigentleg er frisk. Det er vel ikkje berre eg som driver på med sånn. Men sidan lillesøster framleis er sjuk er eg heime også i dag. Det veit eg er lurt.

Sist helg, før sjukdom, var vi ute og kosa oss i sola. Så her kjem nokon inspirasjonsbileter, mest for meg sjølv eigentleg.
 På laurdag gjekk eg på Lyderhorn etter frukost. I minus 6 grader røska det godt i lungene, men det var heilt fantastisk!

 På søndag gjekk vi ein tur i skogen, ei runde på rundt 2 timar.
 Vi fann ein nydleg lunchstad med fabelaktig utsikt mot Lyderhorn. Her åt vi varm suppe. Sola steika, eg og storebror vart faktisk litt brent i kinnene.
 Mange rotvelt overalt som det var gøy å llatre i!

 To stader var det også satt opp slenger.
Is på vatnet, men langt ifrå trygt! Mmm; godt vi hadde to gode dager før alt dette vonde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...