mandag 14. mars 2016

Mozart! Eldgar!


Mozart altså! Eldgar altså! Konsertopplevinga i Johanneskirken i går kveld var enorm! Majestetisk, guddommleg, stort, sterkt, overveldande, perfekt! Vi ser så masse - både teater, dans, performance, visuell kunst, arkitektur og konsertar - i søken på den totale opplevinga. Den opplevinga der alt stemmer, der kunsten treffer deg så rett inn at du kan banne på at du blir forandra på cellenivå. Det er langt mellom augeblikkene som forandrar deg. Eg ser masse bra og halvbra og "ok, eg ser kva du gjorde der" mellom kvar gong eg blir truffet. Det har nokon gongar gått år.
Men i går. Gong på gong. Igjen og igjen. Med gåsehud som aldri tok slutt. Musikk som strauma inn i kvar ei pore i huda. Total perfeksjon. Lyd. Lys. Menneska. Musikken. Eg merka at eg slutta å puste, eg måtte hente tilbake det som vanlegvis går automatisk - så stort var det. Eg kunne sett og høyrt denne konserten igjen og igjen. I natt har eg ikkje sove. Det var vanskelig å komme heim rundt midnatt også leggje seg etter denne opplevinga. Så i dag er eg trøytt - men det var ÅH SÅ VERDT DET!

I dag er det rask middag og rett ut igjen, for ungane skal bytte inn bra oppførsel-arbeid og vi skal på badeland heile gjengen. Det blir fint! :)

2 kommentarer:

  1. for en nydelige beskrivelse!
    og kan du ikke fortelle mer i et innlegg om denne braoppførsel-arbeidstingen?

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...