lørdag 9. april 2016

Heimelaga påskesnop

Sidan vi skulle vere heime nokre dagar i påska hadde eg gjort klar ein del aktiviteter - om dagane vart for lange. No viste det seg at de ikkje vart det, men den eine aktiviteten tok eg i eigne hender. Ofte meir effektivt det altså! Etter oppskrift frå Sprudlendesunn lagde eg heimelaga påskesnop!

2.5 dl ferskpressa appelsinjuice
Ein skvis sitron
1 ts honning
4 ss gelatin

Varm sakte opp og rør heilt til gelatinen har smelta inn. Sil blandinga og hell i dertil eigna former. La det stivne i kjøleskapet nokre timar. Eg serverte det som snop til film, og dette vart spist opp før mann og barn gjekk over til det meir tradisjonelle påskesnopet.
Tipp topp tommel opp for heimelaga og veldig sunt påskesnop!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...