søndag 1. mai 2016

Lyderhorn

Sist søndag gjekk vi på Lyderhorn saman med de fleste andre i Bergen! Begge ungane hadde fått nye tursko, så dette var første fjellturen i nytt utstyr!
På toppen var det nydleg i sola! Vi fant ein lun stad der det var godt og varmt. Der åt vi lunch! Med oss hadde vi også kikkert - det er gøy!
Sol bak ei sky = iskaldt!
Undervegs både opp og ned veksla ungane på å vere sure og blide, alltid ein glad og alltid ein sur, men da vi kom oss ned var plutselig begge ungane glade samtidig. Sånn er det. Det var deilig å bruke formiddagen på fjellet, det er det alltid!
Lillesøster i fin driv på veg ned igjen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...