fredag 3. juni 2016

Bergen Fjellmaraton

Galskapens kapittel er over! Med andre ord - eg har fullført min andre maraton! Vi starta kl.17:30 i går i 27 varmegrader og ikkje eit vindpust! Først opp på Ulriken, så vidare innover Vidden. Når vi var komt opp var det heldigvis litt rørsle i lufta! Det var mange som vart uvel av varmen, for meg hadde det ingen betydning, heldigvis!
Det var meldt regn med lyn og torden, så arrangørane bad oss om å søke ly når og om det kom. Faktisk kom det ikkje, så det var fint. Det er ikkje så kult å spasere på høgfjellet i tordenvær!
Det var 1500 påmeldte, men med tre ulike starttider var vi litt oppdelt. På sjølve vidderekka gjekk eg innimellom med god avstand mellom meg og andre, noko som var fint! Litt stillhet er godt!
Etter halvt løp var vi komt fram til Vikinghytten der vi fikk drikke og påfyll av drikkeflasker. Det var nokon treige kilometer fram dit i terreng eg ikkje kjente. Det var godt å kjenne på halvvegskjensla! Men enda var det langt igjen!
Det var satt opp tett i tett med slike skilt som viste kvar vi skulle gå. Samt kilometerskilt. Her ser du nydlege Ulriken i bakgrunnen. Løypa var veldig sørpete og da vi svingte av etter Rundemanen og inn i terreng igjen var eg så lei av å tenkje og vurdere kvar eg skulle plassere beina på kvar einaste steg at eg kunne spy! Det var eit tungt stykke etter 13 km-merket! Faktisk så hjalp det å gå forbi fleire som sleit verre enn meg. Seie nokon oppmuntrande ord, også suse forbi de!

Rundt 18 km måtte eg jobbe veldig hardt med å holde motivasjonen oppe, så da drog eg fram trumfkortet: musikk! Det fungerte som berre det! På dette tidspunktet var kvart einaste steg smertefult. Her var det også fleire som skada seg. Etter at musikken kom på øyret jogga eg de siste 3 km inn mot mål.
I mål drakk eg masse vatn og åt ei banan. Eg hadde hatt med litt mat på turen, men langt ifrå nok. Mannen kokte havregraut til eg kom heim. Perfekt etterhalvmaratonmat! Etter målgang og nokre minutter på benken klarte eg å reise meg for å gå de siste to kilometerene ned til busstoppet. Det var nådelaust altså! Au, au, au!
Men sjå den utsikta på veg ned! Magisk! Framleis var det vel 24 varmegrader og Festspillstemning i byn. Eg karra meg framover - det kjentes som om eg hadde ridd på ein veldig stor hest i eit døgn!
Eg nådde bussen og hadde til og med tid til å strekke ut før den kom. På bussen heim sovna eg nesten, eg var heilt utkjørt! Heime klarte eg nesten ikkje å ta av meg skoene! Fjellskoene mine er inngåtte, men litt store, så eg har mange SVÆRE vannblemmer i dag. Eg passar ikkje inn i nokon sko, så eg belager meg på eit par dagar barbeint. Det er SOL, så det går fint!

Eg var heime kl.23. Dusj, mat og prat også i seng. Det hadde vore ein innholdsrik dag, de tre andre i familien hadde også masse på gang som eg var med på før eg gjekk. Derfor hadde eg problemer med å sovne, og måtte opp fleire gongar for å gå på do heile natta (ikkje så rart sidan eg heiv innpå massevis av drikke etter at eg var komt i mål). Puste ville ut kl.04:30. Lillesøster var voken på eit tidspunkt. Ja. I dag er eg trøtt som ei strømpe, men SUPERGLAD og STOLT av å ha gjennomført mitt andre halvmaraton!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...