tirsdag 12. juli 2016

Barna fra toget

Denne boka fant eg på ein av Storytel sine "mest anbefalte"-lister. På originalspråket heiter den "Orphan train", ein betre tittel synas eg. Kristne institusjonar samla saman barn og babyar frå New York og satte de på toget med retning Midwest. Der vart de adopterte enten som til barnlause par eller som gratis arbeidskraft. Jenta vi følger i boka er 9 år, og historia blir rulla fram gjennom kassene ho har med minner på loftet. Gamle klær, hansker og bøker. Det er ikkje noko hyggleg lesing, men ei fasinerande historie om noko eg ikkje var klar over at har skjedd. Etter siste kapittel er det også informasjon om ordningen og litt om intervjuene som var blitt gjort før boka vart skriven.
Jenta vi følgjer blir tatt med på toget i 1929. I følge wikipedia er dette det siste året de hadde desse togturane i regi av mellom anna Children's Aid Society. I alt 200 000 barn vart "adoptert" på denne måten. Nok ein gong kunne eg ønske meg ei anna stemme som las; ho som las denne boka hadde litt Anne Cath Vestly-aktig stemme som eg ikkje synas at passa. Men slik er det jo med lydbøker - vi blir vandt med det også etter nokre timar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...