onsdag 6. juli 2016

Doktor Proktor

De siste månadane har eg og storebror lest Doktor Proktor-bøker. Den første om prompepulveret, denne om tidsbadekaret; og no har vi nett starta på den tredje - verdens undergang. Dette er skikkelig gode bøker! Jo Nesbø leverer som alltid! Eg trur nok storebror er i nederste sjiktet, det er ein del ting han ikkje tar. Særleg "kvinnleg intuisjon" og andre ting som lurker i bakgrunnen. Men det betyr absolutt ingenting, for historiene er utruleg gode - kompliserte, morsomme, underfundige og fantasifulle! Eg koser meg like mykje som han. Noko som titt og ofte fører til at vi leser litt lenger enn klokka seier. Vi må jo lese ferdig kapittelet, ikkje sant?! Vi låner og fornyer på biblioteket. Sidan eg og mannen deler på legging leser vi kanskje annan kvar dag, så vi bruker rundt 6 veker på ei bok. Stekt anbefaling frå storebror og min side!

Mannen som er stor fan av Nesbø og har lest alt han har skrive for voksne er ganske sjalu på at det er eg som leser denne serien. Det kan eg jo forstå! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...