torsdag 7. juli 2016

Haruki Murakami

Haruki Murakami er ein av mine yndlingsforfattere! Etter at eg las "Trekkoppfuglen" da vi reiste jorda rundt i 2005/2006 har eg lest nesten alt han har skrive! 17 av romanane hans er gjeve ut på norsk, og eg har lest 13 av de. To av de eg ikkje har lest står i hylla og venter. De andre to leser eg nok de også :)

No har de to første "miniromanane" han skreiv blitt gitt ut i bokform, men nytt forord frå forfattaren. Her leitar han etter uttykket sitt - og eg må seie at det er ganske så nært det som no i stor grad er hans signatur og det som gjør at eg elsker bøkene hans. Men det er ikkje heilt reint. Ikkje like perfekt.
"Hør vinden synge" er hans første, korte roman. Den likte eg godt! Etterpå kom "Flipperspill, 1973" som er lausare i formen og vanskelig å dukke ned i. Gode deler, men den følas uferdig. Noko den kanskje også var.
Denne las eg da sommarvarmen vart bytta ut med 12 grader og regn i slutten av juni. Derfor var det te og varmt teppe. Det er kosleg med haust midt på sommaren - men bøkene går lettare når eg sitter i sola og leser! Så sjølv om dette var ei kort og oppdelt bok (beståande av to bøker) tok det meg ein del dagar å komme igjennom den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...