søndag 3. juli 2016

Kjøleskapgraut

Kjøleskapsgraut har lenge vore ein hit på nett og i blader, og eg har ved fleire høve klippa ut oppskrifter og tenkt at eg skulle prøve det. Det er ikkje alltid eg får gjort som eg hadde tenkt, men ei helg fikk eg i alle fall prøvd ei oppskrift som eg fant i eit blad. Dette var nok til to personer, altså kveldsmat til meg og mannen.
3 dl store harvregryn
2 dl mjølk (her brukte eg sjokoladesoyamjølk)
1 ts flytande honning
1 dl yoghurt naturell
1 ts chiafrø

Bland saman og la det stå i kjøleskapet i  nokre timar. Her trur eg det var essensielt at eg brukte sjokolademjølk, for ellers trur eg ikkje det hadde smakt så masse. Med sjokolademjølk vart det nesten som mørk sjokoladepudding og DET var godt! Mannen namma seg fleire gongar og bad meg om å ikkje kaste oppskrifta. Sunt og godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...