onsdag 13. juli 2016

Kreativ med barna

Hos Kos med kaos kan du bestille månadspakker med kreative oppgåver for heile familien. Vi har ikkje mindre enn 5 skap FULLE av krative krumspringsutstyr; men eg trur at eg aldri får nok - så vi bestilte april - og maiboksen!
Det er jo superspanande med pakke i posten! Og gøyt å få noko anna enn det eg vanlegvis ville kjøpt!
I boksen var det utstyr til nokre aktiviteter. Gjerne tilpassa månaden. I maiboksen fikk vi mellom anna det vi trengte til å lage ein luftballong med nasjonalfargane. Slikt er gøy!
Fine ark med oppskrift på.
Mai månad kom og gjekk utan at eg prioriterte å sette meg ned saman med ungane og jobbe med det som var i boksen. Så kom juniboksen i posten.
Her var det litt meir kjente aktiviteter - perling og ein kvit caps med tilhøyrande tusj til dekorering. Mellom anna. Capsen skribla storebror litt på, også har han brukt den sidan. Eg måtte på H&M og kjøpe caps til lillesøster slik at det ikkje vart "urettferdig". Å perle vannmelon til å ha oppå glasset med sugerør gjennom - var veldig populært! Heldigvis var det nok til to!:)
Supersøte!
No har eg avbestilt dette vidare. Det er nok tida som gjør at det ikkje er så mange kjøkkenbordaktiviteter. Det har vore sommar og sol i vekesvis, så vi er ute heile tida. Det ligger jo der - eskene med innhold - men eg tar vare på de til hausten kjem og vi er meir inne. Da kan eg vere krativ med barna :) Forresten liker eg best at de styrar seg sjølv. Men eg kan godt sette de i gang. Sjølvsagt er det utfordringen med innhold til ein og to barn som vil gjøre det samme. Ei lita nøtt der altså.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...