fredag 12. august 2016

Doppler

Sidan vi skulle køyre masse i sommar hadde eg utvida Storytel-abonnementet mitt slik at vi heile ferien skulle ha tilgang på lydbøker. I baksetet hadde vi kjøpt nybrukte skjermar med øyretelefonar slik at ungane kunne sjå film, i tillegg til nettbrett og lydbokalternativet. Medan ungane såg film rakk eg og mannen i sommar å høyre to lydbøker.

Vi liker litt ulike ting, men han hadde aldri lest noko av Erlend Loe, og sidan denne boka "Doppler" var så pass kort, prøvde vi oss på den.
Det er forfattaren sjølv som les, og i dette tilfellet gjør det nesten heile boka. Eg trur ikkje eg hadde likt boka så godt om eg skulle ha lest den inni meg - utan Loe sin tørre stemme. Han leser fantastisk om alt det rare og snåle som skjer. Som om det er det mest naturlege i verden! No medan eg skriver dette er det som om eg høyrer Loe lese høgt. Han er unik i så måte! Boka er kjemperar og fikk oss til å le høgt mange gongar! Knallgod - må hørast!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...