fredag 19. august 2016

Første skuledag!


På veg mot første skuledag!
I går var det ei spent jente som skulle ha første dag på skulen! Ho har gått på SFO og er derfor kjent med området og klasserommet - men likevel er det noko heilt anna med skulestart! I sekken hadde ho penal og sommarboka som ho har jobba med. Og ei teikning til læraren som ho laga medan ho venta på at skulestarttidspunktet skulle komme!
Vi henta storebror på SFO sidan han alt var ferdig med sin første skuledag også var det høytidleg opning med rektor og opprop! Lillesøster holdt meg godt i handa heilt til hennes navn vart ropt opp til stor applaus - og ho kunne gå og småspringe fram til rektor! Så stas!
Etter ein god havtime aleine utan foreldre i klasserommet var første skuledag over og vi kunne gå heim igjen i sola. Storebror viste oss "snarvegen" som han går kvar dag han går heim frå SFO. Eg trur det er nesten like stor stas for han at lillesøster har begynt på skulen!
Tre fine på veg heim!
Lillesøster vart superglad for å få sine første lekser nokon sinne! HURRA! Det var matteoppgåver - kjempekjekt! Storebror på sin side var glad for at han ikkje fikk lekser, og det var nok litt uvant å vere den som skulle ta omsyn til den andre. Men neste veke er de to med lekser - det blir fint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...