mandag 15. august 2016

Midnattsrosen

"Midnattsrosen" av Lucinda Riley vart bok nummer to for meg i sommar, og det var faktisk berre to bøker eg rakk å lese!
Eg veit ikkje om det er oversettelsen som er litt dårlig, men språket er til tid gjentakande - de samme orda kjem igjen og igjen. Det var litt dumt. Historia er spanande og engasjerande. På eit tidspunkt både forstyrrande og ekkel. Men den lar ein del spørsmål ligge ubesvart, noko som eg ikkje liker så godt. Særleg i begynnelsen av boka hintar ho på noko som er viktig for den eine hovedpersonen; men ho kjem ikkje tilbake til det igjen.
Litt lesing i forteltet til campingvogna vi lånte i Skara, Sverige.
Historia opplevast også som ferdig rundt 150 sider før boka var ferdig, men den tok seg inn igjen. Litt ujamn bok kanskje, men alt i alt verdt lesinga. Særleg er den siste setninga ein fin liten avsluttning!
Enda litt meir lesing i Karlstad medan vi ventar på "vin-i-solnedgang-gjestar"!
Sidan vi var så masse saman med venner og familie i sommar las eg denne ut etter at vi var komt heim til Bergen. Når ein leser ei bok litt oppdelt i stykker kjem den ikkje alltid til sin rett. Eg ser ikkje vekk frå at det er litt av grunnen til at den føltes litt uferdig på enkelte områder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...