tirsdag 9. august 2016

Skara

Da vi forandra sommarferieplanane våre etter at mannen hadde knekt foten, kom eg innom denne nettsida på leit etter Sverigeinspirasjon. Der stod det om Skandinavias største vannpark, Skara Sommarland, og sidan den ikkje låg så langt unna de områdene vi skulle oppholde oss i bestilte eg to dagar der.
Vi planleggjer dagen!
Vi har aldri høyrt om parken, men da vi var hos venner rundt svenskegrensa hadde alle eit forhold til parken og roste den opp i skyene. Det viste seg også at det ikkje var ein vannpark, eller KUN ein vannpark, men ein fornøyelsespark med eigen vannparksavdeling! Det er noko anna! I alle fall når det var litt kjølig i lufta!
Sukkerspinn på deling! Den var ENORM!!
Vi kom dit rundt kl.14:30, og parken stengte klokka 19. Sikkert på grunn av været var det ikkje så mange her, så vi fikk kjøre med alle karusellane igjen og igjen! Særleg hadde de ein berg - og dalbane som var fantastisk!! Lillesøster med sine 122 cm var akkurat høg nok til å vere med på alt - phuu!
På slutten av den første dagen leika ungane i den store leikeborga som stod oppe på ein høgde. Den såg kjempegøy ut - vi såg ingenting til de på ein halvtime, det var så mange gangar inni borga. Vi kosa oss i sola som omsider var komt fram. Når den skein var det varmt og herleg!
Det som var ekstra spanande her var at vi hadde leigd oss ei campingvogn! Det var ei Cabe-vogn, produsert i Sverige, som stod på utstilling på campingplassen like ved sommarlandet. Dette var ei tipptopp moderne vogn og det var så stas å låne den! Her er etasjesengene som var bakerst i vogna. Det var ei herleg dobbeltseng framme, og kjøkken og spisebord på miden. Den var seks meter lang, men eg synas den virka så mykje større! Deilige madrasser, og nye dyner med krittkvitt hotellsengesett på. Dette var ei ganske dyr natt, men jøsses kor stas!
Da vi vokna i den fancye vogna søndag 17.juli var det lillesøster sin 6-årsdag! Hipp hurra! Kvelden før hadde vi blåst opp ballonger som vi la i senga hennes slik at ho såg de når ho vokna. Storebror gøymde alle gåvene i nokon av de mange skapene som var i vogna, og laga eit skattekart som viste kvar ho kunne leite. Etter gåveopning i senga laga vi bursdagsfrukost med kake! Det var litt tidleg utsjekk frå vogna sidan den skulle stå på utstilling. Det var ok, for vi ville avgårde til dag 2 på Skara sommarland! Og denne dagen var det litt betre vær!
Vi køyrte alle favorittane frå dagen før igjen og igjen! Det var litt fleire folk, men ikkje fleire enn at køene var korte. Lillesøster fikk vere sjef sidan det var hennes dag! Etter lunch skifta vi til badeutstyr for å sjekke ut badelandet!
Hoy hoy! Det var gøy!! Eg kunne ha skrive eit eige innlegg om denne delen av parken, men lar dette biletet tale for seg sjølv! (og det er litt vanskelig - for det er så masse å fortelle!) Etter 2-3 timar kledde vi på oss igjen og tok nokre siste runder med karusellar og åt middag før vi satte oss i bilen i 18-tida. No køyrte vi rundt Väneren for å komme til Karlstad.
Vi køyrer vestover med sola midt i frontruta!
Skara sommarland altså! Knall! Ungane spør masse om når vi kan reise dit igjen! Kjempekjekt!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...