lørdag 17. september 2016

Det Alice glemte

Eg las "Ektemannens Hemmelighet" i vår og likte den så godt, så da eg hadde litt tid å slå ihjel før kino med mannen kjøpte eg med meg ei anna bok av samme forfattar, denne gongen "Det Alice glemte". Bakpå virka den interessant; ho voknar opp frå eit fall og har gløymt de siste ti åra av livet sitt. Ho trur ho er nygift og gravid med sitt første barn. Det stemmer ikkje overeins med virkeligheten i det heile tatt!
Lenge var boka ganske så kjedelig og langdryg. Så pass lenge at eg vurderte å slutte å lese den. Men så tok den seg litt opp. Den vart ikkje knallbra, men den vart betre enn dårleg. Det var morsomt å lese korleis ho forholdt seg til de tre barna sine og mannen etter at ho omsider skjønte kva som hadde skjedd med ho. Korleis ho ler av at han snakker så "pappaete" og rart. Når ho oppdager ungane og synas det er snålt at de lever og er heilt eigne individer - men liksom hennes. Slike ting kan framleis slå meg også, kor rart det livet vi lever i dag måtte ha virka for oss i 2006. Livet før og etter barn er uendelig annleis! Eg og mannen hadde fleire samtalar om dette medan eg las boka, som tankeeksperiment er det veldig gøy! Også om vi går ti år fram. Korleis hadde vi klart oss? Korleis snakkar vi eigentlig med storebror når han er 18 år? Kvar set vi grensene for 16 år gamle lillesøster?
Kveldsmat, bok og ender på Lone Camping
Det er også så rart korleis Alice er som 39-åring - så enormt forskjellig frå korleis ho var da ho var 29. Er det vanleg å forandre seg på heilt grunnleggande verdiar på den måten? Så totalt? Eg veit at det berre er ei bok, men eg hadde litt vanskeligheter med å kjøpe den delen.

Slutten er fin. Boka tok seg inn igjen da. Men eg lar denne boka gå. Kun de aller beste får bli i bokhylla vår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...