onsdag 21. september 2016

Første leselekse

Denne veka kom lillesøster heim med sin aller første leselekse i sekken! Du må tru det var stas! Samtalen gjekk meir eller mindre slik:

Lillesøster: Jeg har fått leselekse! Lesebok 6!
Storebror: JEG FIKK IKKE EN HEL BOK SOM MIN FØRSTE LESELEKSE! DET ER URETTFERDIG! VRÆÆÆL!
Vi forklarte det med at lillesøster KAN lese, og det er ulike lærarar/ulike opplegg. Han gav seg snart, og las sin eigen leselekse utan eit knyst.

Vi fikk ein mail av læraren til lillesøster sist veke der ho skriev at ho skulle finne noko som gav lillesøster noko å jobbe med. Da må eg seie at eg vart både skuffa og lattermild da lillesøster susa igjennom 14 sider med dette:
Eg meiner - om dette er noko av det første barn møter når de skal lese sjølv er det ikkje rart at nokon finner ut at lesing ikkje er noko for dei. Dette er jo ikkje bra eller spanande eller interessant! Det er knapt nok eit innhold som ein får noko utav!

Samtidig er det ikkje lett å lage god litteratur når ein skal ha korte ord og kanskje berre eit knippe bokstavar. Hovedsakleg skal det kanskje vere gleda ved å lese sjølv som er viktig her, ikkje innholdet. Eg ser den. Læraren kan kanskje ikkje la den første leseleksa vere så mykje vanskeligare enn dette heller, kva veit eg.

Men når lillesøster leser Karius og Baktus-boka på sengekanten burde ho kanskje få noko anna enn dette. Ho er på eit anna nivå, og på det nivået er det mykje bra!

Eleven på si side var superfornøyd og las skikkelig igjennom heile boka med resten av familien som publikum. Vi skal på foreldresamtale etter haustferien, så vi følgjer med og håpar at interessen held seg/at ho får med seg noko  med innhold snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...