mandag 5. september 2016

Kom deg ut dagen

I går var det kom deg ut-dagen, noko vi og resten av Bergen hadde fått med seg! Ekstra heldig var nok arrangørane med været - sol frå skyfri himmel etter ein regnfull laurdag.
Storebror hadde overnattingsbesøk til i går, så vi tok med oss tre unger på fjellet. Fløybanen var gratis fram til kl.11 så for å unngå den verste køa var vi tidleg ute og var på plass like før klokka 10.
På toppen er det obligatorisk å leike på leikeplassen! Her i morgonsol. Det var deilig i sola, men kaldt i skyggen. Det var skikkelig haustvær rett og slett. På leikeplassen møtte vi fleire venner av begge ungane; det er alltid gøy!
Vi gjekk innover mot Skomakerdiket som ikkje ligger langt unna. Vi har aldri vore der før, og akkurat i går var det her det var mange aktiviteter! Undervegs er det mange gøye skilt som vi kan lese på!
Sjekk eventyrskogen da!
På plass ved Skomakerdiket fikk vi sjå på solstormar gjennom stjernekikkert, leike med VilVite sine ting og ro kano! Sistnevnte var det mannen som var med på medan eg var fotograf. Med tre unger i vinglete kano var det ein prøvelse - hahaha - den var kanskje litt fult lasta! Men det gjekk fint!
Ungane fikk også prøve seg på orientering med tidtaking, og gjekk bananas i Kiwi sin stand med frukt og diverse reklameeffektar. Vi kan vel aldri få nok buff og sitteunderlag! I 12-tida var vi sultne på lunch og fant oss ein solrik stad i skogen.
De hadde fyrt opp grillar og vi hadde tatt med ostesmørbrød i aluminiumsfolie til lunch. Etter at eg fant ein grill som faktisk var varm gjekk det kjempebra, og det var nydleg godt! Mmmm! Men sjølvsagt - å stå i grillkø saman med ein titalls andre like sultne folk er ikkje stas. Heldigvis var det god stemning på den grillen som var varm og effektiv!

Lillesøster på nytt Kiwi-sitteunderlag
Gode og mette forlot vi folkehavet ved Skomakerdiket og gjekk tilbake til Fløyen og klatreparken som vi oppdaga da vi gjekk der for to veker sidan. Den var ikkje ferdig heilt enda, men det kjekke huset var der.

Ein tur innom Trollskogen
Sidan vi var tidleg ute var vi også tidleg heimover også! Vi gjekk ned Tippetue og var heime lenge nok før middag til at vi kunne nyte sola før vi var kjempesultne på nytt. Vi fikk faktisk også spist middag ute i varmen; det var heilt fantastisk! Med vannmelon til dessert lata vi som om det var midt på sommaren - og ikkje 4.september!
Fløypilen
Vakre Bergen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...